Båt treng bistand i Ålesund
Ein båt i Breisundet i Ålesund tek inn vatn, og må få bistand av Langevågsbåten. Båten mellom Ålesund og Langevåg er difor mellombels innstilt. Redningsaksjonen blir leia av Hovedredningssentralen. Fleire båtar skal vere på veg til havaristen, opplyser politiet.