Hopp til innhold

Betre situasjon for kyrne

Fleire av kyrne som står fast i flaumen i elva Surna står framleis fast omringa av vatn. Vasstanden er lågare enn tidlegare i dag, og det skal stå betre til med dyra no enn tidlegare i dag. Bonde Sivert Mauset seier dei no har ein viss kontroll over situasjonen i og med at vasstanden er på veg ned. Problemet er at ku med kalv er blitt skilt av elva, og at dei prøver å kome seg fram til kvarandre, seier Mauset. Ein kalv som sette seg fast i eit buskas blei hjelpt då bonden tok seg over til øya og brukte motorsag til å fjerne busker.

Kyr sitter fast i elva Surna i Surnadal
Foto: Roar Strøm / NRK