Hopp til innhold

-Tresfjordbrua bør snike i køen

Styreleiar i Tresfjordbrua, Roald Fiksdal, meiner fylkespolitikarane må sette bygging av Tresfjordbrua på topp når dei skal priortere vegprosjekt neste år.

Tresfjordbrua
Foto: Tresfjordbrua AS

Han meiner rapporten frå Havarikommisjonen, som kom før helga, viser at politikarane ikkje har noko anna val.

I februar 2006 omkom fire ungdommar på europavegen i Tresfjorden i Vestnes. På bakgrunn av dette har Havarikommisjonen laga ein rapport om strekninga.

Andre må vike

Konklusjonen er i samsvar med det forkjemparane for Tresfjordbrua har sagt i alle år. Vegen er direkte farleg fleire stader, og det går ikkje lenger an å berre flikke på ulike punkt. Men bygging av ei bru over fjorden ligg langt nede på dagens prioriteringsliste. Prosjekt både i Romsdalen, Veblungsnes og innfartsvegen til Ålesund ligg før Tresfjordbrua. Styreleiar Roald Fiksdal meiner dette må endrast når fylkestinget skal revidere denne lista i april neste år.

Kan ikkje vedta

Fylkespolitikarane er ein høyringsinstans for stortinget, og kan sjølv ikkje vedta noko utbygging. Men Fiksdal poengterer at prioriteringslista frå fylket vil vege tungt når stortinget gjer sitt vedtak. Prisen på brua og Vågetunnelen er 750 millionar kroner, og halvparten skal bompengefinansierast. Planane ligg klare, og Fiksdal meiner ein ikkje har meir tid å miste.

Bilulykka i Tresfjorden

Dødsulykka i 2006, som fekk Havarikommisjonen til å sjå nærare på strekninga i Tresfjorden.

Foto: NRK Møre og Romsdal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL