Det fortel psykiatrisk sjukepleiar Aase Sefland frå omsorgsberedskapsgruppa i Stranda kommune.
Aase Sefland har sidan i går kveld tatt seg av dei åtte tyske turistane som kom uskadde frå rasulukka i Geirangerfjorden, der ei kvinne mista livet.
Padlarar i sjokk
Ho fortel at mange av dei var i sjokk, og at dei var uforståande til at noko slikt kunne skje, men at dei var takknemlege for måten dei vart tekne vare på når ulukka først var ute.
Avbryte ferien
Dei ni som reiste til Noreg på padleferie kom frå forskjellige stadar i Tyskland, og melde seg på turen hjå ein tysk reiseoperatør.
Men no vil dei åtte som kom uskadde frå rasulukka avbryte ferien.