Hopp til innhold

- Norske lag har mykje å ta tak i

AaFK og MFK spelte uavgjort 2-2 i generalprøva i Ålesund laurdag kveld.

Tett mellom AaFK og MFK i generalprøva

Kjell Rune Sellin og Daniel Berg Hestad i duell

Foto: Arne Flatin / NRK

AaFK-trenar Kjetil Rekdal meiner det var mange feil som ikkje burde ha vore lov på toppnivå i norsk fotball. Det var kommentaren rett etter at laget hans hadde spelt 2-2 mot nabo, Molde FK, i generalprøva laurdag kveld.

Kjetil Rekdal

Kjetil Rekdal på sidelinja under generalprøva.

Foto: Arne Flatin / NRK

Rekdal seier at mange norsk lag er på dette nivået, og at det er mykje å ta fatt i for norsk fotball generelt. Rekdal viser til det norske lag har prestert i Europa dei siste sesongane for å underbygge at nivået i norsk fotball er jamnt over for dårleg.

Rotete kamp

- Det var rotete frå begge lag i kveld, og dei fleste laga i Noreg er som dette, seier Rekdal Vi må innfinne oss med at vi har mykje å ta fatt i. På det verste er feilpasningsprosenten på 50-60.

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær smilte under generalprøva mot AaFK.

Foto: Arne Flatin / NRK

Molde-manager Ole Gunnar Solskjær vedgår at laget hans gav bort to mål mot AaFK og at det vart gjort ein del feil. Men understrekar følgjande:

- Dersom ein ikkje tør å prøve så kjem i alle fall feila. Vi må verte betre og spele på den måten vi trur på, og etter kvart vert det færre og færre av desse feila og til slytt så vert dei luka bort.

Vel 1000 tilskodarar såg kampen i Ålesund der MFK fekk ein kanonstart med scoring alt etter eit par minutt. Makhtar Thioune sette ballen sikkert til side for Sten Grytebust. Barrantes utlikna for AaFK berre nokre minutt seinare.

Før pause var samme mann frampå og laga 2-1 til heimelaget, medan ei scoring av Pape Pate Diouf etter 65 minutt avslutta scoringane.

For MFK var det eit lyspunkt at kaptein Daniel Berg Hestad var tilbake etter skade. Han spelte i 1.omgang, og etter pause kom både Hoseth og Diouf innpå.