Hopp til innhold

- Helseføretaka bør leggjast ned

Kristeleg Folkeparti fremjar i dag forslag til Stortinget om å leggje ned dei regionale helseføretaka.

Molde sjukehus
Foto: Illustrasjon: Team Molde arkitekter

I går sa helseministeren at bygginga av nytt sjukehus i Molde tidlegast kan kome i gang om seks til åtte år fordi helseføretaket manglar pengar.

Stortingsrepresentant Rigmor Andersen Eide meiner sjukehussaka i Molde og det ho meiner er eit svik mot romsdalsregionen, er eit godt døme på kvifor helseføretaka bør leggjast ned.

Rigmor Andersen Eide

Rigmor Andersen Eide er stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti

Foto: KrF

- Først av alt ønkjer vi ei betre politisk styring med helseføretaka. Vi synest at helsepolitikken blir utført av føretaka og ikkje av politikarar slik det var tenkt.

Rigmor Andersen Eide meiner føretaka har fått for mykje makt. Ho meiner helse er eit område som staten og politikarane må ta seg av.

- Den forenklinga som då skjer vil redusere byråkratiet i helsetenesta og helspepengane vil i større grad bli brukt der dei skal brukast, nemleg til pasientane.

Helseministeren utsetter byggingen av Molde sykehus til 2018

Ekstrem skuffelse i Molde - Dette er et svik, sier Molde-ordføreren

Skuffa styreformann i Helse Nordmøre og Romsdal

- Heile sjukehus-strukturen kan bli vurdert på nytt om Møre og Romsdal blir felles helseforetak