Hopp til innhold

- Håplaust å løyve vegmidlar

Frp-politikar Frank Sve som også er leiar for samferdselsutvalet i fylket synest det er håplaust at vegmillionar ikkje vert brukt til rett tid.

Stengd veg Hellesylt

Stengde vegar i vinterhalvåret er ikkje eit ukjent syn i Møre og Romsdal

Foto: Arne Inge Tryggestad

På landsplan er det snakk om ein milliard kroner som ikkje vart brukt i fjor. Dette fører til forseinka prosjekt, også i Møre og Romsdal.

Dette likar Sve svært dårleg.

Frank Sve

Frank Sve synest der er lite imponerande å løyve pengar innan samferdsel

Foto: Picasa 2.7

- Det er mildt sagt lite imponerande. At ein ikkje klarer å bruke opp midlar til samfersel i Møre og Romsdal frå regjeringa si side er heilt ufatteleg, særleg med tanke på behovet vi har for vedlikehald av vegar og nye prosjekt.

Dei største prosjekta i fyket, som til dømes Kvivsvegen, går stort sett som planlagt. Men for nokre av dei mindre prosjekta har det vore vanskeleg å få brukt alle pengane for i fjor.

Aksjon for Gangveg, Averøy.

Aksjon for Gangveg på Averøy

Foto: Line Kristiansen Cancino

Dette gjeld mellom anna ein undergang til ti millionar kroner på riksveg 70 og 25 millionar kroner til gangveg i Molde.

Det seier Knut Nauste som er avdelingsdirektør i Vegvesenet.

Knut Nauste

Knut Nauste seier det er for kort tid til planlegging av prosjekta

Foto: Fjord1

- Vi har dessverre litt for knapp tid til førebuing fordi løyvingane kjem for tett innpå bygging. Viss ikkje då alt går som planlagt så får vi forseinkingar.

Frank Sve meiner det er mange som må dele ansvaret for at prosjekta blir skove ut i tid.

- Her må ein ta seg sjølv i nakken mange og einkvar. Dette kan vi ikkje finne oss i som innbyggjarar med så stort etterslep og så mykje som står på vent.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL