Hopp til innhold

Rømer frå rasområde

Statens vegvesen har teke folka sine ut av rasområdet i Skorgedalen i Vestnes. To nye skred har gått i dalen der skred stengde E136/E39 i natt.

Vegstenging ved Sogge bru

Her er vegen stengd, ved Sogge bru i Romsdalen.

Foto: NRK

Ingen av europavegstrekningane som har vore stengde blir opna før tidlegast onsdag.

FYLKESMANN: Ber folk holde seg inne

SJÅFØRER: Timelang venting til ingen nytte

Dette gjeld Romsdalen mellom Sogge bru og Bjorli, strekninga Måndalen - Våge og Ørskogfjellet.

- No er rasfaren så stor på Ørskogfjellet, og det har også gått fleire fonner, så vi har bede folka våre om å kome seg vekk derifrå. Vi kjem ikkje til å vurdere å opne rasstaden før i morgon, seier Ivar Hol i Statens vegvesen.

Ras stengjer veg Ørskogfjellet

Skreda har gått nokre kilometer lenger inne i Skorgedalen.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Romsdalen stengd igjen

Skred stopper frossenpizza

Var inne i rasområdet

Vegvesenet var inne i rasområdet for å undersøkje om det var trygt å opne vegen. Konklusjonen var klar; området er framleis så rasfarleg at det ikkje er forsvarleg å opne vegen. Då vegvesenet hadde folk inne i området gjekk dei to nye fonnene.

- Skred kan blåse hus overende

Stopp i flytrafikken

Forsøkte å opne Romsdalen

Vegvesenet forsøkte å opne Europavegen gjennom Romsdalen for trafikk tysdag. Kort tid etterpå stengde vegvesenet vegen igjen. Også Raumabanen er stengd.

Stort skred over Europavegen på Ørskogfjellet

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no