Hopp til innhold

- Butikkane er limet i lokalsamfunn

- Det hadde vore eit veldig tap for bygda om me mista butikken, seier Kåre Brudeli. Han er fast kunde på ein av butikkane som får støtte frå departementet.

Kåre Brudeli ved tippedisken

- SYND OM ME MISTER BUTIKKEN: Det meiner Kåre Brudeli, fast kunde på Verma Nærbutikk.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Verma Nærbutikk

PÅ KNIVSEGGEN: Verma Nærbutikk får støtte frå departementet, men er likevel usikre på framtida.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

- Dette er jo fyrst og fremst butikk, men det er også ein samlingsstad, seier Brudeli. Han er fast kunde på Verma nærbutikk.

Butikken er ein av ni i Møre og Romsdal som fekk støtte av kommunal- og regionaldepartementet gjennom Merkur-programmet.

  • Du kan lese meir om programmet til høgre i artikkelen.

I Noreg var det 175 butikkar som fekk stønad gjennom programmet i 2010. 15 millionar kroner vart sette av til Merkur, som skal sikre eit tilbod på små stader.

- Tap om me mista butikken

I Verma i Rauma kommune er dei veldig godt fornøgde med at butikken har fått 45.000 kroner i støtte. For utan butikk ville det vore ei heilt anna bygd å bu i, meiner dei faste kundane.

- Det hadde vore trist, seier Åse Bergsvik.

- Det hadde vore eit veldig tap for bygda om me mista butikken, seier Kåre Brudeli.

Dersom bygda øvst i Romsdalen mister butikken, er næraste moglegheit for å handle på Bjorli, eller Åndalsnes.

  • Nederst i artikkelen ser du kven som fekk støtte i Møre og Romsdal.

- STORT TAP Å MISTE BUTIKKEN: Det meiner dei i Verma i Rauma. Høyr radioinnslag frå butikken her. Reporter er Birthe Bringsvor.

Åse Bergsvik,Torill Stavem, Kåre Brudeli, Marit Elise Brudeli og Anita Heggem

MØTEST PÅ BUTIKKEN: Nærbutikken er ikkje berre til handel. Fredag og laurdag fungerer den også som kafé for mellom andre Åse Bergsvik (f.v.), Torill Stavem, Kåre Brudeli, Marit Elise Brudeli og Anita Heggem.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Varer går ut på dato

Værma Nærbutikk

SLIT MED VAREINNTAKET: - Mange varer går ut på dato, fortel Marit Elise Brudeli.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Men trass i støtta er det usikkert kor lenge bygda får ha butikken sin.

- Me balanserer på ei knivsegg, og veit ikkje kor lenge me får lov å halde på, seier Marit Elise Brudeli.

Ho har jobba på Verma Nærbutikk sidan 1989. Bygda har no berre i overkant av 80 innbyggjarar, og har sine utfordringar i drifta av lokalbutikken.

- Det er vanskeleg med vareinntak. "Best før"-datoen går ut på ein del varer, seier Brudeli.

- Lim i lokalsamfunnet

Liv Signe Navarsete

- LIMET: Lokalbutikkane er viktige for lokalsamfunn, meiner Liv Signe Navarsete.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

- Lokalbutikken er eit viktig lim i lokalsamfunnet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Dei siste 13 åra er det hennar departement som har stått for finansieringa av ordninga som skal sikre tilbodet til innbyggjarar i mindre bygder.

- Det at ein kan ha ein møtestad, og slepp å reise lange vegar for å kjøpe det mest nødvendige ein treng i kvardagen, det har ein kvalitet i forhold til bulyst, busetnad og utvikling av bygdelaga, seier ho.

Ho er likevel klar på at desse tilskota åleine ikkje er nok til å berge butikkane.

- Det viktigaste er likevel at dei som soknar inn mot butikken, og utgjer marknadsgrunnlaget, faktisk handlar der og bruker butikken, seier statsråden.

  • Under kan du sjå kva for butikkar i Møre og Romsdal som har fått støtte i 2010.

Desse har fått støtte i Møre og Romsdal

Butikk

Investeringstilskot

Utvikling

SUM

613.000

162.000

Coop Marked Fyrde

 

32.000

Gjøra Nærbutikk/Sunndalsporten Eiendom AS

156.000

 

L/L Sandøy Handelslag

46.000

14.000

Ona og Finnøy Havstuer AS

 

40.000

S. Dahle Eftf.

80.000

 

Sekken Handelslag AS

162.000

40.000

Urke Landhandel AS

82.000

36.000

Verma Nærbutikk AS

42.000

 

Ålvundfjord Handel AS

42.000

 

Ekspander/minimer faktaboks