Rekecocktailen hadde glansperioden sin på 70-talet. Men han blei oppfunnen rundt 1850 av ein fransk kokk i Louisiana, og blei kalla «New Orleans rekecocktail». Mange ser for seg bord forma i ein hestesko med brudepar eller konfirmant i midten og kvitvin i glaset. Klassikar.
– Ein klassisk italiensk dessertdraum. Dette er dei danske brørne Price sine eigne ord om denne pæreterta, som er søt, saftig og skikkeleg god.
Desse herlege munnfullane er perfekte som forrett eller smakfull fingermat til middagsselskapet. Du kan fylle dei med både salt og søtt. Skaldyr er favoritt hos dei fleste.
Lag det som har blitt ein brunsjfavoritt verda over. Brød, mjuk avokado og egg både smakar nydeleg og er supersunt. Denne blir du hekta på.
Dette er ein favoritt over heile verda – eit herremåltid av restar. Asiatisk steikt ris med kylling er lett og kjapt, med smakar som er lette å like for både store og små.
Blini er ein slags lappe som passar godt som forrett, tapas eller snacks. Og her er det lov å vere kreativ med topping. Men vi lovar deg ein perfekt munnfull om du lagar denne salte pannekaka med røykt laks og urtekrem.
Denne smaker like godt som han er rask å lage. Retten er superpopulær over heile Thailand, og er eit herlege «avbrot» i alle karrirettane som vi elles et så mykje av.
Vi byr på avslappa og slentrande japansk gatemat. Dette er ferske nudlar, smaksrik kraft og kokt svinebog. Klassisk hurtigmat blir til klassesuppe.
Futomaki er ekstra store makirullar, og kan fyllast med alt godt du måtte ønske. Vi har valt oss laks, rogn, japansk omelett og agurk. Shokuyoku o sosoru!