En klassisk rekecocktail fra 70-tallet - servert i et porsjonsglass med reker hengene på kanten. Sitron og dill på toppen.

Det er sikkert mange år sidan du har smakt ein sånn. Den har vore «forboden» lenge, men trendar snur. Nå er klassikaren populær igjen.

Foto: Jacob Snedevig / DR

70-talet ringde – rekecocktailen er tilbake

Rekecocktailen hadde glansperioden sin på 70-talet. Men han blei oppfunnen rundt 1850 av ein fransk kokk i Louisiana, og blei kalla «New Orleans rekecocktail». Mange ser for seg bord forma i ein hestesko med brudepar eller konfirmant i midten og kvitvin i glaset. Klassikar.

Slik gjør du

Cocktailsaus (heimelaga Thousand Island)

Pisk eggeplomma med sennep, salt, pepar og kvitvineddik.

Tilsett oljen litt etter litt medan du piskar til konsistensen er passe tjukk.

Bland crème fraîche inn i majonesen og deretter dei andre ingrediensane.

Smak til du kjenner den «sit rett».

Servering

Finhakk agurk, avokado, grøn asparges og del cherrytomatane i to.

Riv isbergsalat fint og ganske smått, vend den inn i litt av dressingen.

Server cocktailen i porsjonsglas saman med agurk, avokado, cherrytomatar og reker.

Ha i litt meir isbergsalat.

Til slutt pyntar du med bitar av grøn asparges, meir reker, sitron, lakserogn og dill.

Tips

Når du lagar cocktailsausen, er det viktig at ingrediensane har romtemperatur. Viss ikkje, kan sausen skilje seg.

Kilde: Brødrene Price frå TV-serien «Munter mat»/DR