Hopp til innhold

Oppkast-robot gjev nye svar om omgangssjuke

Omgangssjuka spreier seg igjen som eld i tørt gras. Roboten «Larry» hjelper no forskarane med å forstå det ekstremt smittsame noroviruset.

Jente kaster opp

Kvar dråpe med oppkast eller gram avføring frå ein omgangssjuk person inneheld nok norovirus til å infisera meir enn 100.000 menneske.

Foto: Sinar 2 / Colourbox

Noroviruset, også kjent som omgangssjuka eller «vinterspysjuka» er eitt av dei mest smittsame virusa for menneske.Det slår hardt til denne sesongen, som tidlegare vintrar. Særleg sjukehusa i Nordland blei hardt råka i førjulstida

– Frå desember og utover har me som vanleg registrert mange norovirus-utbrot i barnehagar, på skular, helseinstitusjonar og etter julebord, opplyser Karin Rønning, lege og avdelingsdirektør ved Folkehelseinstituttet si avdeling for infeksjonsovervaking.

På verdsbasis har mange millionar menneske hatt omgangssjuka så langt denne sesongen.

Sjølv om noroviruset har vore under forskarlupene i 40 år, kjem det likevel nye store sjukdomsutbrot, år etter år.

No har den britiske forskaren Catherine Makison utvikla ein robot som skal hjelpa til med å kartleggja korleis «Ferrarien innan virusverda» spreier seg.

SJÅ VIDEO: Testinga med roboten 'Larry' har vist at ein person som spyr, slyngjer ørsmå dråpar med smitte heile tre meter utover i lufta.

«Larry» gir ny kunnskap

Roboten «Larry» er eit menneske-simulerande spysystem designa for å hjelpa forskarane med å analysera smitte. I desse dagar er det noroviruset han er infisert med, skriv nyheitsbyrået Reuters.

På same måte som menneske med omgangssjuke, kastar Larry opp. Det kunstige oppkastet inneheld eit sjølvlysande stoff som gjer det mogleg å etterspora sjølv den minste væskedråpe.

Testinga med Larry har vist at ein person som spyr, slyngjer ørsmå dråpar med smitte heile tre meter utover i lufta.

– Når ein kastar opp blir det produsert mykje luftborne oppkast-partiklar som ikkje er synlege for det nakne auge, fortel professor i virologi ved Cambridge Universitetet i Storbritannia, Ian Goodfellow til nyheitsbyrået Reuters.

Ein spydråpe smittar 100.000

Kvart år dukkar det opp nye store utbrot av omgangssjuka på sjukehus, skular, sjukeheimar, cruisebåtar og hotell.

Ifølgje professor Goodfellow trengs det mindre enn 20 viruspartiklar for å smitta ein person.

Det betyr at kvar dråpe med oppkast eller gram avføring frå ein sjuk person inneheld nok virus til å infisera meir enn 100.000 menneske.

Ein av dei viktigaste årsakene til at noroviruset spreier seg så effektivt, er at det store fleirtalet av oss ikkje vaskar hendene lenge nok.

– Me tilrår folk å telja til 15 medan dei vaskar hendene og å sørgja for at dei tørkar seg ordentleg etterpå, seier Goodfellow, som har studert viruset i ti år.

Sykehusavdeling stengt på grunn av Noro-virus

Kvart år må avdelingar ved sjukehus og sjukeheimar stengja på grunn av noro-utbrot.

Foto: Håkon Iversen

Antibac´en møter motbør

I Noreg er norosmitten først og framst eit samfunnsøkonomisk problem, fortel lege Rønning ved Folkehelseinstituttet.

– Det gir ubehag, men det er ekstremt sjeldan at noroviruset fører til alvorleg sjukdom eller død. Samfunnsøkonomisk er det derimot eit stort problem: kvart år må mange sjukehusavdelingar og barnehagar stengja og foreldre må vera heime frå jobb for å passa sjuke ungar, seier Rønning.

Ho minnar om at god handhygiene er viktig, og at ein bør halda seg heime frå jobb dersom ein kjenner tendenser til kvalme, oppkast og diaré.

Det som likevel gjer noroviruset til ein så vrien fiende er superevna det har til overleva - også utanfor ein menneskeleg vert.

Det er særleg motstandsdyktig mot desinfeksjonsmiddel i hushaldninga. Sjølv alkoholhaldig, antibakteriell handgele kan tapa i kampen mot noro.

Kan leva i årevis

Viruset er i stand til å leva i 12 timar på harde overflater og opp til 12 dagar på mjuke stoff som til dømes tepper og møblar. I vatn kan det overleva i månader og kanskje til og med årevis.

Det finst førebels ingen medisinske måtar å heilgardera seg mot smitte på.

Eit amerikansk legemiddelselskap er i ferd med å testa ut ei potensiell norovaksine, og fleire forskingsgrupper rundt om i verda jobbar med å framstilla medisinar som kan ta knekkjen på ein noroinfeksjon.

Problemet er likevel at viruset er i stadig forandring. Den naturlege immuniteten kroppen utviklar etter å ha vore smitta ein gong, er dessutan kortvarig. Ein kan dermed bli smitta av den same virusvarianten allereie eit år etter at ein sist hengde over doskåla.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)