Hopp til innhold

Mobilen kan koste deg dyrt

Telenor-kunde fekk rekning på 40.000 kroner for datatrafikk ho ikkje visste om – og måtte betale. Forbrukerrådet ber folk følgje betre med på kva mobilen føretek seg.

Mobiltelefonrekning
Foto: Steinarr Sommerset

Med stadig meir avansert mobilteknologi, dukkar det opp nye feller du nødig ønskjer å gå i.

Datatrafikk til mobilen er kostbart – og følgjer du ikkje med på kva mobilen føretek seg, spesielt i utlandet, kan du få ei særs ubehageleg overrasking i posten.

Du er nemleg sjølv ansvarleg for å vite kva datatrafikk mobiltelefonen din nyttar seg av, noko svenske Pia Beijerstam nyleg fekk smerteleg erfare.

Etter eit utanlandsopphald, kom mobilrekninga på 40.000 kroner. Storparten grunna mykje datatrafikk – noko Pia ikkje ante at mobilen hennar nytta seg av.

Blei ikkje varsla

Faksimile frå Göteborgs-Posten

Pia Beijerstam fekk telefonrekning på 40.000 kroner frå Telenor.

Foto: Faksimilie frå Göteborgs-Posten

Teleoperatøren hennar er Telenor, som er ein stor aktør på mobiltelefoni i Sverige. Dei hadde ikkje varsla henne om at telefonen mottok uvanleg store datamengder. Vel heime, fekk ho konstatert fuktskade på telefonen, som kunne ha forårsaka den uvanlege datatrafikken.

Men då var det for seint, Telenor opplyste at dette var kundens ansvar.

- Kvifor sperra dei ikkje telefonen? Eg skjønar at det er mitt eige ansvar, men burde ikkje Telenor ha ein slags policy som seier at dei gjer noko når rekninga veks så raskt?, seier ho til Göteborgs-Posten .

Saka har utløyst ein storm av sympatimeldingar på den svenske nettavisa sine heimesider, og mange fortel om liknande erfaringar.

Forbrukaren sitt ansvar

Hans Marius Graasvold, underdirektør i forbrukarpolitisk avdeling i Forbrukerrådet, kan bekrefte at mobilkunden lett kan bli sitjande att med svarteper.

- Forbrukaren har sjølv ansvaret for å sikre telefonen, men få følgjer nok med på datatrafikken på mobiltelefonen. Vi vil anbefale alle å gjere dette. Dei fleste ser først kostnadane når rekninga kjem, og då er det for seint å gjere noko med det, dersom ein ikkje kan påvise at ein uskuldig i datatrafikken.

Fleire telekundar i Sverige har i følgje Göteborgs-Posten klaga på at dei har fått urimeleg høge rekningar for datatrafikk , utan at dei sjølve var klar over forbruket. Men det skal mykje til for at dei møter velvilje hos operatørane.

- Dersom det er fysiske skader på telefonen som kunden sjølv ikkje er skuld i, og som er i direkte knytt til feilen, er det operatøren som må dekkje kostnadane. Men forbrukaren får som oftaste skulda for slike feil sjølv, fortel Graasvold.

Forbrukerrådet etterlyser klarare retningslinjer for korleis teleoperatørar handsamar unormale oppsving i kundars datatrafikk.

- Det er vanskeleg å forholde seg til dagens ulike ordningar for forbrukarane. Bransjen må verte mykje flinkare til å fortelje kjøparen korleis ein nyttar den nye teknologien på ein trygg måte, og unngår ubehagelege overraskingar når telefonrekninga kjem.

- Grundig dialog med kundane

Anders Krokan

Anders Krokan, informasjonssjef i Telenor.

Foto: Pressebilde

Telenor opplyser at dei varslar kunden når mobilen byrjar å handsame unormalt mykje data – men vedgår at ordninga er mangelfull.

- Vi har utvikla ei varslingsløysing som varslar privatkundar om datatrafikk for over 300 kroner per dag i utlandet. Men dette fungerer diverre ikkje enno over Telenors nett i Danmark og Sverige, seier Anders Krokan, informasjonssjef i Telenor.

Krokan meiner Noregs største teleoperator er klare på kva kundane kan forvente.

- Vi går grundig gjennom kvar sak saman med kunden. Sjølv om vi får inn relativt få slike klager, kan det dreie seg om høge beløp når ei klage først kjem. Det er så klart alvorleg for den det gjeld.

Stadig fleire klagar

Når ein forbrukar ikkje blir einig med teleoperatøren om ansvaret for telefonrekninga, hamnar klagen på bordet til Brukarklagenemnda.

I fjor klaga 19 personar på faktura for nedlasting/GPRS i utlandet - så langt i år er talet allereie 20.

Utfallet varierer frå sak til sak. I ei sak der klagar ikkje fekk medhald i mars, uttalar nemnda at forbrukaren har ansvaret for å orientere seg om prisar, medan operatørane må bli flinkare til å innarbeide tekniske sperrer som hindrar uforstandig bruk eller misbruk.

Av 16 klager som er avslutta så langt, har ingen fått medhald i nemnda, medan fem har enda med forlik før saksbehandling.

Ingen av klagene som nemnda har handsama har så langt dreidd seg om fuktskader.

- Diverre høge prisar

Krokan fortel at Telenor i enkelte tilfelle har redusert kundens faktura, og er ikkje einig i kritikken frå Forbrukerrådet om for dårleg informasjon om datatrafikk.

- At vi no får klager på dette, trur vi heng saman med at forbrukarane har blitt medvitne på at det er stor skilnad på bruk av mobil heime og i utlandet. Det er diverre slik at kostnadane normalt er særs høge ved bruk av tenester som genererer datatrafikk i utlandet.

Operatørane tener på fåkunne

Hans Marius Graasvold

Hans Marius Graasvold, underdirektør i Forbrukarrådet.

Foto: CF Wesenberg (forbrukerradet.no)

Men trass at ei undersøkjing frå Forbrukerrådet i fjor synte at nordmenn meiner dei har gode teknologiske kunnskapar, er Graasvold skeptisk til om folk veit nok om dei potensielt store kostnadane ved datatrafikk på mobiltelefon.

- Vi har ikkje grunnlag for å seie at operatørane utnyttar kundanes mangel på kunnskap. Men det framstår som sannsynleg at operatørane tener på at mange av kundane deira ikkje seg inn i prisane for datatrafikk. Dette såg vi då iPhone blei lansert, og mange fekk seg ei ubehageleg overrasking då rekninga kom i posten.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)