Hopp til innhold

Kreft i overflødige kilo

Ny forsking forsterkar alvoret i veksande magemål. 124.000 overvektige europearar fekk kreft i fjor.

Overvektig mann i badebukse
Foto: Colourbox

Stadig fleire menneske verda over slit med overflødige kilo på kroppen, og er i faresonen for livsstilssjukdommar som leddsmerter, høgt blodtrykk og hjarteproblem.

Overvekt er ei av dei største folkehelseutfordringane både i Noreg og i Europa, og no tenner ein omfattande studie nye varsellampar for kreftfaren.

Berre i 2008 utvikla heile 124.050 overvektige i verdsdelen vår kreft. Spesielt kvinner syner seg å vere i faresonen.

Aukar kraftig

I 2002 synte ei tilsvarande undersøkjing at 70.000 overvektige hadde utvikla kreft. Seks år seinare, nærmar det seg altså ei dobling.

- Det er mogeleg at sjukeleg overvekt kan bli den største årsaksforklaringa til kreft blant kvinner i løpet av det neste tiåret, sa seniorforskar Andrew Renehan under den europeiske kreftkongressen i Berlin denne veka.

Renehan sitt forskarteam ved universitetet i Cardiff har nytta data frå Verdas helseorganisasjon (WHO), og WHO sin BMI-skala der personar med BMI-tal over 25 er overvektige, og BMI over 30 blir klassifisert som sjukeleg overvekt.

Mest blant kvinner i Sentral-Europa

Blant europesike menn, kjem 3,2 prosent av alle nye krefttilfelle av overvekt. Talet for kvinner er betrakteleg høgare: 8,6 prosent.

Dei fleste overvektige får livmorhalskreft (33.421), brystkreft for etter overgangsalderen (27.770) eller tarmkreft (23.730).

Størst er førekomsten i sentraleuropeiske land som Tsjekkia, Latvia, Bulgaria og Slovenia.

- Situasjonen krev handling

Det kjem stadig nye koplingar mellom overvekt og kreft. Ein svensk studie frå juni i år synte at vektreduksjonsinngrep gjorde risikoen for kreft blant kvinner 42 prosent lågare i eit tiårsperspektiv.

Noko av grunnen til auken i Renehans studie kan liggje i at mange kvinner etter 2002 har nytta hormonbehandling som kan auke risikoen for brystkreft, samt at fleire menn no blir testa for prostatakreft enn tidlegare.

Renehan understrekar likevel at tala er særs edruelege, og meiner det er på tide å setje i gang drastiske tiltak.

- Med ein stadig meir alvorleg overvektsepidemi som helsestyresmakter tydeleg ikkje klarer å hanskast med, er det naudsynt å sjå på alternative strategiar, inkludert medisinering.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)