Hopp til innhold

Fann giftstoff i kosttilskot

Blågrøne algar skal vere eit supersunt kosttilskot. NRK fann eit farleg giftstoff i eitt av produkta.

NRK har testa kostilskot

Programleiar Marit Evertsen Grimstad i FBI fann giftstoff i Supernature sitt produkt «Afa Algen» frå Lake Klamath.

Foto: Frode Søreide / NRK

– «Afa Algen» frå Supernature bør straks fjernast frå marknaden, seier professor Hans Utkilen.

Han har i fleire år forska på utvikling av giftstoff i blågrøne algar som mellom anna veks naturleg i mange norske innsjøar. Professoren har lenge frykta at desse giftstoffa kan finnast i kosttilskot.

NRK Forbrukerinspektørene valde å teste sju tilfeldige produkt som inneheld blågrøne algar.

– Urovekkande funn

Afa-algen

Vi fann giftstoffet mikrocystin i dette produktet frå Supernature.

Foto: Petter Nielsen / NRK

Seks av produkta vart friskmeldt. I produktet Supernature sin «Afa Algen», som vi testa to ulike boksar av, fann vi i spor av giftstoffet microcystin. I ein av boksane synte analysen høgare verdi enn det som er grenseverdien sett for kosttilskot i Oregon.

– Det er urovekkande sidan dette er eit produkt vi finn i norske helsekostbutikkar og som nokon brukar dagleg, seier Ingunn Anita Samdal som er forskar hjå Veterinærinstituttet i Oslo.

Kan gi leversvikt

Sigrid Haande er forskar ved NIVA

Forskar Sigrid Haande ved Norsk Instiutt for Vannforskning seier giftstoffa frå blågrøne algar kan få alvorlege konsekvensar.

Foto: Tobias Sakrisvold Martinsen / NRK

Det har lenge vore kjent at blågrøne algar kan utvikle giftstoff. Og det er spesielt to typar som bekymrar forskarane.

– Det eine er eit levertoksin, kalla mikrocystin. Det kan påverke funksjonen til levra og gi leversvikt. Det er og kopla mot utviklinga av leverkreft, fortel Sigrid Haande ved Norsk Institutt for Vannforskning, NIVA.

Det andre kjende giftstoffet er eit nervetoksin som kan påverke nervesystemet i kroppen.

– Dette kan medføre lammelser, gi folk problem med å puste og i verste konsekvens kan du dø av det om du får i deg store dosar, seier Haande.

Stoppar salet

Produkta er testa to gonger

Produktet er testa to gonger, både hjå Synne Kleiven på Høgskolen i Søraust-Noreg, studiestad Bø og hjå Veterinærinstituttet i Oslo.

Foto: Tobias Sakrisvold Martinsen / NRK

Selskapet Midsona eig i dag merkevara Supernature, som importera «Afa Algen», der vi altså fant spor av levertoksinet mikrocystin.

I ein e-post til NRK skriv Midsona at dei tek våre funn alvorleg og førebels stoppar salet av dette produktet.

Selskapet stiller samtidig spørsmål ved FBI sin testmetode, da eigne testar ikkje har påvist giftstoff i produkta.

– «Batchene» (dei to boksane Afa Algen) dykk syner til er testa to gonger, ein hjå råvareprodusent, og ein hjå pakkar. Vi har begge gongene fått eit negativt resultat. Produsenten sine testar er gjort med ein annan analysemetode enn det dykk har nytta, skriv dei vidare i e-posten.

Midsona meiner det er stor usikkerheit til resultata i FBI sine testar, sidan det er avvik i verdiane i den første analysen ved Høgskolen i Søraust-Noreg, og den som Veterinærinsituttet gjorde.

Når NRK tek kontakt med dei to største helsekost-kjedene i Norge, Sunkost og Life, vel dei og å stoppe salet av kosttilskotet «Afa Algen». Dette til produsenten har undersøkt produktet vidare.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)