Hopp til innhold

Bryr oss mindre om prislappen

Etter finanskrisa har vi blitt meir opptekne av kvalitet enn pris. Og vi gassar oss i fjernsynsapparat - kvar fjerde nordmann har tv på soverommet.

Tv-butikk
Foto: philippe pauchet / PHOTOPQR/LA VOIX DU NORD

Du trudde kanskje at den økonomiske nedgangen gjorde oss meir gnikne med lommeboka i elektronikkbutikken. Men det er altså ikkje tilfelle.

Ei fersk undersøking av korleis vi kjøper og nyttar forbrukarteknologi, syner at nordmenn har blitt dobbelt så opptekne av kvalitet som vi var for berre eit år sidan.

Nest viktigast er prisen på produktet. Men medan pris og kvalitet i fjor var likestilte kriterium når vi kjøpte kvitevarer, bryr vi oss i år betrakteleg meir om trygge løysingar enn om tilbodsvarer.

Tenkjer kvalitet, men ikkje miljø

Forbrukarteknologiundersøkjingspresentasjon

Presentasjon av undersøkjinga onsdag.

Foto: Steinarr Sommerset / NRK

Undersøkinga er utført for andre år på rad av mediebyrået Carat på oppdrag frå butikkjeda Elkjøp, og syner mange interessante trekk ved forbruksmønsteret til menneske over heile Norden.

Over 5000 personar har fylt svart på spørjeskjemaet over internett.

Samanlikna med våre skandinaviske naboar, er det i Noreg fokusert på produktkvalitet ved kjøp av kvitevarer er størst.

Men når det kjem til miljø- og energivennlege produkt, bryr vi oss ikkje. Danskane er meir enn tre gonger så medvitne på dette som oss.

Fjernsynsbonanza

Mange av oss kjenner nok minst èin som har dekt stoveveggen med ein gigantisk, slank tv-skjerm. Også her slår vi naboane i sør og aust.

Èin av fire nordmenn har no bytta til flatskjerm. Mest populært er dette i Nord-Noreg, der har heile 48 prosent har kasta ut kassefjernsynet.

Og det stoppar ikkje der. Kvar fjerde nordmann eig tre eller fleire fjernsynsapparat, og like mange av oss har tv på soverommet.

Bedre etter snar

Christian Brekke

Christian Brekke, kommunikasjonsrådgjevar i Elkjøp.

Foto: Bård Gudim

Trass i at dei fleste av oss kjenner til farene ved å miste verdifulle filer på pc-en, tek berre èin av to av oss sikkerheitskopi av data.

Dette er like mange som har opplevd å miste data, med andre ord: Ingen lærer før det er for seint.

- Denne statistikken er til og med basert på folk som har svart på internett, tenk kor ille det hadde blitt om vi hadde tatt ei telefonundersøking, kommenterte Christian Brekke, kommunikasjonsrådgjevar i Elkjøp, under presentasjonen av rapporten onsdag.

Stadig meir trådlause

Sju av ti nordmenn nyttar trådlaust internett heime, noko som er langt fleire enn i nabolanda våre. I teknologinasjonen Finland, gjer berre fire av ti det samme.

Men når det gjeld kjøp av elektronikk og hushaldsapparat, heng vi att i gamle vanar.

Berre to av ti føretrekkjer å handle slike varer på nettet.

Brukarrettleiinga blir faktisk lese

Av litt meir kuriøse funn, syner tala at heile tre av fire les anten delar av brukarhandboka til det vi kjøper, eller heile blekka frå perm til perm.

Ein fordom mot materialisme blir også stadfesta i undersøkinga: 6 av 10 nordmenn har duppedittar med fancy funksjonar som dei verken brukar eller veit korleis fungerer.

  • Kjenner du deg att i undersøkinga? Sei di meining her!

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)