Våren er i anmarsj og sola skin gjennom vindauga. Det er òg dessverre først då at du legg merke til skitt, fingerflekker og støv som har samla seg på vindaugsglasa.
Då kan det vere freistande å dra fram vaskebøtta og nalen for ein produktiv dag i sola. Ikkje gjer det. Det er ein dårleg idé.
Møkkete vindauge blir ekstra synlege i strålande solskin.
Foto: Maria Elsness / NRKReinhaldsekspert Raluca Moldovan rår nemleg mot å vaske vindauge på ein solskinsdag.
– Ikkje vask vindauge når sola skin. Vaskar du vindauge i direkte sollys, vil vatnet fordampe raskare enn du rekk å vaske. Då blir det skjoldar på glaset, seier ho.
Moldovan har vore profesjonell reinhaldsarbeidar i over ti år, og har skrive boka «@vaskmedmeg».
Ho tilrår heller å vaske på ein overskya dag med plussgrader. Då vil vatnet verken fryse eller fordampe raskare enn du rekk å vaske.
Få ting er så synleg som skitne vindauge i sola. Men ikkje fall for fristelsen med å vaske vindauge på ein solskinsdag.
Foto: Patrick da Silva Saether / NRK– Ikkje gjer det for komplisert
Moldovan er ikkje i tvil om kva ho synest om å vaske vindauge.
– Det er den eine vaskeoppgåva som utgjer så stor endring i korleis rommet ser ut. Heile rommet lyser opp på ein annan måte når ein har vaska vindauga, seier ho.
– Eg blir så stolt kvar gong eg vaskar vindauga. Eg liker det skikkeleg godt, seier Raluca Moldovan.
Foto: PrivatSjølv vaskar ho alle vindauge i huset sitt i alle fall fire gonger i året. Ho meiner vindaugsvasken kan vere ei lettvint oppgåve viss du tek enkle grep.
– Ikkje gjer det for komplisert. Du treng ikkje å kjøpe vaskesett for vindauge eller eigne spesialsåper. Bruk det du har heime, seier Moldovan.
(Sjå det enkle tipset til eksperten til reine vindauge lenger ned i saka.)
Unngå «kjerringråd»
Salmiakk, avispapir, eddik, eller klor. Kjerringråda for vindaugsvask er mange.
– Nokon bruker salmiakk i reingjeringa fordi den løyser opp feitt. Men salmiakk er etsande, så det er ikkje noko du vil få i auget, seier Mari Tosterud, avdelingsdirektør i Giftinformasjonen.
Ekspertisen hennar er innanfor akutte forgiftingar. Ho er ikkje bekymra for bruken av vanlege kvardagsreingjeringsmidlar.
– Det blir sjeldan alvorleg. Det som gjer oss bekymra er når folk byrjar å blande kjemikaliar og når dei tek i bruk sterkare reingjeringsmidlar som vi ikkje bruker dagleg, seier ho.
Nokre kombinasjonar som klor og oppvaskmiddel er ufarlege, men blandar du Klorin og salmiakk kan det vere livsfarleg.
Det kan vere vanskeleg å vite kva ulike kombinasjonar kan føre til. Derfor tilrår Giftinformasjonen at du berre bruker eitt produkt om gongen.
– Det som er lurt å blande saman, har dei som lagar vaskemiddel allereie funne ut av, og blanda for deg. Det er ingen grunn til å kokkelere på eiga hand, seier Tosterud.
Ho tilrår å høyre på kroppen når du vaskar med reinsemiddel.
– Ikkje skrubb vidare, viss auga og nasen renn på grunn av kjemikaliane. Kroppen gir tydeleg beskjed dersom noko ikkje er bra for deg.