Hopp til innhold

NRK-legende Vidar Lønn-Arnesen er død

Den tidlegare programleiaren døydde fredag, 85 år gamal.

Vidar Lønn-Arnesen i rød dress

MANGEÅRIG PROGRAMLEIAR: Vidar Lønn-Arnesen jobba i NRK i fleire tiår. Etter at han pensjonerte seg, dukka han òg opp som programleiar på Radio Vinyl.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Tidlegare NRK-programleiar Vidar Lønn-Arnesen er død.

Det stadfestar familien hans i ei pressemelding til NRK.

– Det er med stor sorg me må kunngjera at vår kjære, elskede pappa og ektemann brått forlét oss i dag etter kort tids sjukeleie, skriv dei i pressemeldinga.

  • Portrett av Vidar Lønn-Arnesen frå 1984. Oslo 19840427.   Vidar Lønn-Arnesen, programsekretær i NRK, portrett. Foto Bjørn Sigurdsøn / NTB / SCANPIX

    Portrettbilete frå 1984, då Lønn-Arnesen var programsekretær i NRK.

    Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX
  • Vidar Lønn-Arnesen i dress snakkar inn i ein mikrofon

    Lønn-Arnesen under utdelinga av Spellemannprisen i 1986.

    Foto: Knut Nedrås / NTB
  • Vidar Lønn-Arnesen et al. smiler

    Vidar Lønn-Arnesen og Tove Lønn-Arnesen var gifte i over 50 år. Her saman på ein premiere på Oslo Nye Teater i 2010.

    Foto: Lise Åserud / NTB
  • ein gruppe menneske som ser på ein platespelar

    Lønn-Arnesen dyrka popmusikken i NRK. Her med Ingun Hjort og Jan Thoresen i 1968.

    Foto: Erik Thorberg / NTB
  • Vidar Lønn-Arnesen får ein medalje

    I 2010 fekk den mangeårige programleiaren Kongens fortenestemedalje i sølv. Kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas fekk æra av å gi han den.

    Foto: Nina Didriksen / NRK
  • Vidar Lønn-Arnesen smiler

    NRKs underhaldningsredaktør skildrar Lønn-Arnesen som eit radioikon. Her i 1990.

    Foto: Anne Liv Ekroll / NTB
  • Vidar Lønn-Arnesen et al. poserer for et bilde

    Her i 1995 saman med ei anna NRK-legend, tidlegare kanalvert og programleiar Gunvor Hals. Dei to leia «Da Capo» saman i mange år.

    Foto: NTB
  • ein person som held ein mikrofon

    Lønn-Arnesen varma opp for Wenche Myhre då ho turnerte sommaren 1983.

    Foto: NTB
  • Vidar Lønn-Arnesen mottar Prix Radio Hederspris 2006 for sin innsats for norsk radio.

    Lønn-Arnesen fekk Prix Radio Hederspris i 2006.

    Foto: Jan Henrik Mo / NRK
  • Erik Bye, Vidar Lønn-Arnesen m.fl. poserer for et bilde

    Erik Bye, Vidar Lønn-Arnesen, Rolv Wesenlund og Erik Diesen poserte saman i 1992.

    Foto: Pål Hansen / NTB
  • Vidar Lønn Arnesen og tryllekunstnar Tore Torell

    Her saman med tryllekunstnar Tore Torell i Store studio på NRK i 1988.

    Foto: NRK / NRK/Arkiv
  • Åse Kleveland med hodetelefonar og sit ved et skrivebord med mikrofon

    Åse Kleveland og Lønn-Arnesen tok imot telefonar saman under TV-aksjonen i 2007.

    Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB
  • ein person som står ved sidan av ein person som held ein plakett

    Bendik Singers vann «Melodi Grand Prix» i 1973. Lønn-Arnesen var programleiar og gratulerer her Arve Bendiksen med sigeren.

    Foto: NTB
  • Vidar Lønn-Arnesen i dress og slips

    Her i bisettinga til Rolv Wesenlund i 2013.

    Foto: Gorm Kallestad / NTB
  • ein gruppe menneske som smiler

    Under ein KORK-konsert i 2005 poserte Vibeke Sæther, Max Mekker (alias Geir Børresen), Åsmund Huser (alias kokken i Uhu) og Vidar Lønn-Arnesen saman.

    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Ingrid Espelid Hovig et al. dansar

    Då heile Noregs matmor Ingrid Espelid Hovig fylte 80 år i 2004, var Lønn-Arnesen blant gratulantane.

    Foto: Tor Richardsen / NTB

Lønn-Arnesen var særleg kjent for arbeidet sitt med popmusikk hjå rikskringkastaren.

Mellom anna var han programleiar for «Da Capo» frå 1991 til 2001. Ikkje minst var han programleiar for «Melodi Grand Prix» fleire gonger.

Han gav òg ut fleire album.

Da capo, Vidar Lønn-Arnesen, Birgit Strøm, ukjent, Nora Brockstedt og Tore Skogmann

Som programleiar for «Da Capo» vart Lønn-Arnesen eit kjent fjes for dei fleste nordmenn. Her med mellom anna Nora Brockstedt.

Foto: Tore Halden, NRK

Radio-ikon

– Vidar var eitt av dei store radio-ikona i Noreg. Éin som alle, i alle fall i ein generasjon, kjente godt til. Både på stemme gjennom radioen og etter kvart gjennom ei rekke TV-program. Dette er eit av dei store NRK-namna som no er borte.

Det seier Charlo Halvorsen, underhaldningsredaktør i NRK.

Vidare skildrar han Lønn-Arnesen som ein forkjempar for populærmusikk på radio.

– Det er litt rart å tenka på no som det er populærmusikk på radioen heile døgnet, men på 60- og 70-talet var det stor mangelvare. Han var ambassadør for å også spela den musikken som unge folk likte. Det var noko å kjempa for på den tida, seier Halvorsen.

Vidar Lønn-Arnesen og Gunvor Hals i Da Capo studio

Vidar Lønn-Arnesen og Gunvor Hals leia «Da Capo» saman i fleire år.

Foto: Anne Liv Ekroll, NRK

– Han skapte ein revolusjon då han kom til NRK på 60-talet. Han var så levande, ingen kan ta hans plass. Han vann fram med ein entusiasme med heile sitt liv og vesen.

Det seier Gunvor Hals, som jobba tett med Lønn-Arnesen som programleiar hjå NRK i fleire år.

Over 50 år i radio

Før han gjekk av med pensjon frå NRK i 2010, jobba Lønn-Arnesen med radio i over 50 år.

Allereie på guterommet i Horten byrja han å laga nærradio i 1955.

Vidar Lønn Arnesen fylte 70 år. Her ser du glimt fra karrieren hans.

Glimt frå karrieren til Lønn-Arnesen då han fylte 70 år.

I 1965 gjekk han vidare til å verta fast tilsett i NRK. Allereie same år var han med på å starta programmet «Ti i skuddet».

Då reiste han rundt i heile Noreg og let ungdomane avgjera kva som var dei beste låtane.

– Det er jo artig å vita at «babyen Ti i skuddet» framleis lev i beste velgåande på NRK MP3, over 40 år etter at det starta, sa Lønn-Arnesen til NRK då han gjekk av med pensjon.

Helge Bull-Engelstad tok over som programleiar for «Ti i skuddet» frå 2005 og til programmet vart lagt ned to år seinare i samband med endringar hjå kanalen.

– Vidar uttrykte at han syntest det var gøy at programmet framleis levde på NRK MP3, seier han.

Han syntest det var trist å høyra om bortgangen og peikar på at Lønn-Arnesen betydde mykje for mange radioprogramleiarar.

Lønn-Arnesen klarte heller ikkje å slutta heilt med radio sjølv om han slutta i NRK. I 2018 dukka han òg opp som ein av programleiarane hjå Radio Vinyl.

Fekk Kongens fortenestemedalje

I 2010 fekk den mangeårige programleiaren dessutan Kongens fortenestemedalje.

Den fekk han på ein eigen 70-årsdag.

Les også Fikk kongelig Lønn for strevet

– Eg har fått gleda av å overrekka deg Kongens fortenestemedalje for ein uvurderleg innsats for norsk musikk, musikkpresentasjon og nyskaping innanfor formidling av musikk, sa dåverande kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas under utdelinga.

AKTUELT NÅ