Hopp til innhold

Fryktar dansk diktar er ute av kontroll

Mange fryktar den danske diktaren Yahya Hassan er i ferd med å miste grepet etter at han blei arrestert i går fordi han skaut ein 17-åring i foten i søndag kveld.

Yahya Hassan

Yahya Hassan fekk mykje merksemd etter diktdebuten i 2013. No fryktar mange han har mista kontrollen.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Diktaren Yahya Hassan blei ei litterær superstjerne i Danmark då han som 18-åring gav ut den kritikarroste diktsamlinga «Yahya Hassan» i 2013. Boka selde i over 100.000 eksemplar i Danmark.

I boka tok Hassan eit oppgjer med dei gammaldagse kjønnsrollene i innvandrarmiljøa i Danmark, men også med fortida som ungdomskriminell. Boka skapte reaksjonar, og Hassan måtte ha politivakter døgnet rundt på grunn av trugsmål.

Bandekrig

Politi utenfor Litteraturhuset Yahya Hassan-besøk

Norsk politi heldt vakt då Yahya Hassan deltok på eit arrangement i Oslo i 2014.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Men diktaren sa etter kvart frå seg politivaktene. I staden har hatt skapt overskrifter i Danmark om vald og dop, og hevdar i hyppige Facebook-oppdateringar at han er i krig med to innvandrarbandar i Århus.

No spør mange i det danske kulturmiljøet seg om Yahya Hassan ikkje har tolt presset som følgjer med stjernestatusen, seier kulturkommentator Niels Frid-Nielsen i Danmarks Radio til NRK:

– Det er ein utbreidd frykt for at han er ute av kontroll og ikkje klarer å styre seg. Om vi les Facebook-sida hans, ser vi at han er veldig valdsfiksert.

Yahya Hassan er varetektsfengsla i fire veker. Lovbrota han er sikta for har ei strafferamme på seks år. Men sjølv nektar han straffskuld for det som hendte. Fleire danske aviser spør seg i dag kva som eigentleg ligg bak skyteepisoden. Det blir blant anna spekulert i om det heile kan vere eit pr-stunt som kom ut av kontroll. Men Hassan får også støtte frå to danske forfattarar.

Ikkje godt nok budd?

Kommentator Niels Frid-Nielsen i Danmarks Radio er derimot usikker på om Hassan var godt nok budd på den merksemda han fekk etter debuten:

– Du kan gjerne samanlikne han med amerikanske rapstjerner, som også kjem frå gettoen. Vi har gjort han til ein «mediedarling», utan å bu han på korleis det er å leve i søkelyset døgnet rundt.

Lene Hillestad, seksjonsleder Drammen bibliotek

Lene Hillestad i Vindtornfestivalen vil snakke om ytringsfridom og poesi, sjølv om Yahya Hassan ikkje kjem til Drammen i april.

Foto: Morten W. Røkeberg / NRK

Yahya Hassan skal etter planen kome med ei ny diktsamling til hausten. Hendingane dei siste dagane skal ifølge forlaget Gyldendal ikkje vere til hinder for det. Dei skriv i ein epost til Berlingske at dei ventar på manuskriptet, og at dei reknar å kunne gi ut boka som planlagt.

Hassan er også invitert til poesifestivalen Vindtornfestivalen i Drammen no i april. Der skulle han snakke om ytringsfridom og poesi i samtale med Vebjørn Selbekk, men no er det usikkert kva som skjer, seier praktisk ansvarleg Lena Hillestad til NRK:

– Vi kjem til å gå vidare med tematikken uavhengig av om Yahya Hassan kjem eller ikkje. Selbekk kjem uansett, så vi jobbar med alternative måtar vi kan ta opp dette temaet på.

Danske Yahya Hassan brakdebuterte i fjor høst med en diktsamling som raskt ble trykket i 100.000 ekemplarer. Han skriver om vold i egen famile og tar et oppgjør med hykleriet i eget oppvekstmiljø blant innvandrere. Det har ført til dødstrusler. Bokprgrammet har møtt ham med to sikkerhetsvakter på slep hos hans forlag i København.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober