Solveig Øvstebø
Foto: Javier Auris / NRK

Elendig i forming, best i kunst

OSLO (NRK): Ho bygde sin eigen vesle velferdsstat og tok Chicago med storm. No er Solveig Øvstebø (47) klar for Noreg igjen.

Den finurlege faktafeilen dukka opp i NRK Dagsrevyen før jul, då det blei kjent at Solveig Øvstebø var tilsett som ny direktør for Astrup Fearnley Museet i Oslo. «Kunsthistorikaren frå Førde,» kalla dei henne.

– Då blei det ringing og greier frå mamma og sambygdingar, seier Øvstebø og ler.

Solveig Øvstebø er ikkje frå Førde. Ho kjem frå høgskule-tettstaden Volda på Søre Sunnmøre.

Hadde ho drive med fotball, hadde du lest om ho i VG støtt og stadig. Det finst nærmast ingen andre nordmenn med liknande merittliste i den internasjonale kunstverda. Som direktør og kurator er ho ein slags kombinasjon av manager og sportsdirektør – ho legg til rette for at kunstnarar kan lage sine beste verk og har samtidig det øvste ansvaret for økonomi og logistikk rundt museet og utstillingane.

I 2013 blei ho headhunta til prestisjemuseet The Renaissance Society i USAs tredje største by, Chicago, der ho takka for tilliten ved å fikse den største donasjonen i museets historie. Før det: Sjef ved fylte 30 år i Bergen Kunsthall, som ho fekk inn på statsbudsjettet. Først med beskjedne 300.000 kroner, deretter eit steg opp kvart år, til ho slutta og summen var blitt 20 millionar kroner.

No har ho meldt overgang på marknaden og skal leie eit museum som har verdas største kunstnarar på hurtigtast.

Ryktet hennar er godt innanfor kunstmiljøet. Dei som veit, veit. James Rondeau har jobba tett med Solveig som direktør for nabomuseet The Art Institute of Chicago og slår fast:

– Ho kan få til kva som helst innanfor feltet sitt. Eg har ingen tvil om at ho vil bli ein av dei viktigaste direktørane på den norske kunstscena. Hadde ho valt å bli i USA, ville ho blitt ein av dei viktigaste direktørane her. Det er berre hennar standard modus, uansett kvar ho er.

Trass i alt dette er ho altså såpass ukjent i Noreg at Volda vart til Førde. Sjølv om eg vaks opp i same kommune som henne, kjenner heller ikkje eg til namnet hennar frå før av.

Det passar henne ganske godt. Solveig trivst med å snakke om visjonane sine, men er ikkje så glad i for mykje fokus på seg sjølv.

Første dag på jobb for Solveig Øvstebø ved Astrup Fearnley Museet

NY ARBEIDSPLASS: Solveig Øvstebø utanfor Astrup Fearnley Museet. Etter sju år i USA er ho takknemleg for å vere tilbake i velferdsstaten Noreg. – Eg går jo og takkar alle, eg, no. Takkar barnehageassistentane, lærarar, legar. Eg synest det er heilt fantastisk at det er gratis for alle. Vi må vite kor utruleg heldige vi er!

Foto: Javier Auris / NRK

Ingen kunstnar

– Alle meinte at eg skulle bli advokat eller ingeniør. Det var ingen som forstod denne kunstgreia.

Solveig sit på ein terrasse og beundrar si nye jobb-utsikt: Oslofjorden. Astrup Fearnley Museet er plassert ytst på Tjuvholmen, eit område prega av dyre leilegheiter og dresskode. Under oss byr badegjestane seg fram og svanene sym.

I dag er første fysiske arbeidsdag på museet etter nokre veker med jobb heimanfrå. Inne på kontoret ligg nokre einsame visittkort og ventar på å bli brukt.

Hennar bakgrunn har få krysningspunkt med finanseliten i Oslo, men ho blei rett nok fødd i ein storby, nemleg Chicago, i 1973.

Chicago, 1973

SKYSKRAPAR: Same året som Solveig blei fødd fekk Chicago verdas høgste bygning, Sears Tower.

Foto: AP Photo

Far hennar tok jobb som prest i ei kyrkje og reiste med mor og seks ungar på eventyr til USA. Då dei to år seinare reiste tilbake til Volda, hadde Solveig kome til verda som sjuande barn i huset. Barndomsbileta frå Chicago, samt rett til amerikansk pass, er ein del av identiteten hennar.

Ho skulle få fleire minner frå Chicago seinare, men først tilbake til Volda, vår felles oase der ho budde frå ho var to til elleve år gammal.

Når Solveig først oppdaga kunsten, var det gjennom ein kunstinteressert svoger.

Det var ingen kunst på veggane heime, men mange bøker i bokhylla. Sjølv om sunnmørsbygda har ei kunstforeining og kulturinteresserte innbyggjarar er det vanskeleg å sjå for seg at «kurator og direktør for kunstmuseum» er titlar som blei hyppig slengt rundt der på 70-talet, ja, i Noreg i det heile.

Familien Øvstebø i Chicago

EVENTYR: Familien utanfor kyrkja i Chicago, der faren jobba. Minstejenta Solveig på fanget.

Foto: Privat

Difor trudde ho at den einaste måten ein kunne jobbe med kunst på, var å bli kunstnar. Som 20-åring søkte ho seg inn på forming grunnfag.

Ho har verken før eller sidan fått så dårlege karakterar i sitt liv.

– Eg lagde noko makkverk av noko greier der, blant anna ein stor båt med nokre menneskekroppar som datt ut.

Solveig ler hjarteleg. For å gjere historia enda verre, så svarte læraren nei då Solveig spurte om ho burde jobbe med kunst.

Solveig søkte til og med på Kunstakademiet som utøvande kunstnar, men kom ikkje inn.

Heldigvis blei ikkje kunstverda robba for det store leiartalentet, for Solveig gav likevel ikkje opp «kunstgreia». Ho kom inn på kunsthistorie i Bergen.

– Det sa pang. Eg slukte pensum. Eg fekk kome tilbake til teorien. Det er det eg kan.

Medan ho sat på skulebenken på midten av 90-talet, revolusjonerte samtidskunstnarar den norske kunstscena. Dei blei kalla «avantgarden», dukka hyppig opp i pressa, men stod ikkje på pensum. Solveig blei oppslukt, og søkte om å skrive hovudfagsoppgåve om denne scena.

– Eg ynskte å gå inn i det som for meg var ukjent og nytt.

Det var ingen eigne forelesingar om samtidskunst ved instituttet ho studerte ved. For å få teorigrunnlag til oppgåva, sneik ho seg inn på andre forelesingar, eit klassisk eksempel på korleis Solveig får til ting dersom ho først har bestemt seg.

Ho høyrde ikkje til i kunstklikken, men ved å intervjue aktørar til oppgåva tok outsideren nokre steg inn.

– Eg hadde ingen tanke om at eg kunne påverke noko som helst. Det var berre dette som interesserte meg. Eg var ikkje knytt til feltet på nokon måte.

Interessa dreiv henne til ein posisjon som kurator ved Bergen Kunsthall. Då institusjonen stod utan leiar i 2003, blei ho bedd om å ta roret. Ho gjorde det så godt som konstituert leiar at styret etter kvart gav henne jobben fast. Slik blei ho direktør i ein alder av 30 år.

Når ho blir spurt om korleis ho kunne ta ein institusjon som ikkje stod på statsbudsjettet i det heile, til å få 20 millionar kroner innan ho forlèt jobben, så viser ho til alle dei gode kollegaene som stod rundt henne, både på innsida og utsida av institusjonen.

Dette handlar likevel også om Solveigs evner og person.

Solveig Øvstebø på kontoret

FØRSTE DAG PÅ KONTORET: Solveig Øvstebø overtar kontoret til Gunnar Kvaran, som var direktør ved Astrup Fearnley Museet i 18 år. I den førre jobben erstatta ho ein direktør som hadde sete i 40 år.

Foto: Javier Auris / NRK

Ein kremmar blir fødd

Bortsett frå klisjeen om sunnmøringar som er gode med pengar, var det lite som tyda på at Solveig skulle bli ein kløppar på å finansiere kunstutstillingar.

Då ho tok over jobben i Bergen, var ny finansiering og reforhandling av lån første punkt på programmet.

– Eg trengde råd, for leiarane for bankane ville ikkje møte meg, ein 30-åring, seier Solveig.

Ved Kunsthallen oppretta ho ein eigen rådgjevande økonomikomité med kjente forretningsfolk. Ein av dei ho spurte var Stein Olaf Onarheim, etter kvart ein økonomi-mentor for Solveig. Han er siviløkonom og medeigar i eigedomsutviklingsselskapet «Stadsporten», samt at han har ulike kunstverv.

«Solveig imponerte frå første stund med ein framifrå fagleg kompetanse og engasjement. Ho har også den unike kombinasjonen av sosial kapital, skarpe analytiske evner og stor handlekraft,» skriv han i ein e-post til meg.

Blant genistrekane til Solveig var å få den årlege festspelutstillinga i Bergen Kunsthall inn på statsbudsjettet. Dei brukte støtta til å vise kva dei kunne få til, og etter kvart vart posten berre heitande «Bergen Kunsthall». Sidan har institusjonen vore fast inne på det viktige budsjettet.

Hos Bergen Kunsthall blei ho i tretten år, så følgde sju år i Chicago.

Solveig Øvstebø studerer eit kunstverk på Astrup Fearnley Museet

NYSGJERRIG: Solveig er opptatt av at kunsten er ein del av samfunnsutviklinga. Her framfor eitt av sine favorittverk frå samlinga: «Japanese Cowboys» av Cady Noland. Cowboyane representerer amerikansk identitetskrise og desillusjonert popkultur.

Foto: Javier Auris / NRK

Eit lite Skandinavia i Chicago

The Renaissance Society i Chicago er ein av dei første institusjonane for samtidskunst i USA. Her blei Picasso og Matisse for første gong stilt ut for eit amerikansk publikum.

Då «The Ren», som dei blir kalla, skulle finne ny direktør i 2013, var det eit namn frå Noreg som hamna øvst på blokka.

Mange av utstillingane Solveig hadde sett opp hadde blitt selt vidare til utlandet, så ho hadde etter kvart eit internasjonalt nettverk. At ho var så god på å skaffe pengar til Bergen Kunsthall vekte interesse, sidan det amerikanske kunstlivet stort sett er bygd på donasjonar.

Solveig hadde ikkje halde kontakten med Chicago, og få visste at ho var fødd der. Når telefonen kom frå nettopp Chicago, med spørsmål om ho kunne tenkje seg å bli direktør ved The Renaissance Society, må ho ha hatt ei kjensle av at lagnaden banka på døra. Den førre direktøren hadde dessutan hatt jobben i 40 år, sidan 1973, då Solveig blei fødd.

Museet blei overraska då dei fekk høyre at ho hadde amerikansk pass.

Etter ein mammaperm, eit intervju og litt overtaling tok Solveig med seg familien til Chicago, slik som foreldra hennar hadde gjort på 70-talet. Ho kom inn i ein by med enorme kontrastar og segregering.

– Reint fysisk er det jo eit dyr av ein by. Han er svær og langstrekt og massiv. Du har Michigansjøen som eit kraftsenter, nokre gongar ligg han stille, andre gongar er han livsfarleg å gå nær.

Solveig blir engasjert når ho snakkar om USA. Ho følgjer nøye med på nyheitene derifrå for tida. For å kunne gå til jobb, busette ho seg på sørsida av byen, eit mangfaldig område som har sosiale og økonomiske utfordringar.

– Eg synest det var tøft å sjå at her er det så mykje konflikt som ligg inni strukturen, samtidig som det er ein utruleg vakker og potent by. Det vart viktig å skaffe seg kunnskap om dei ekstreme ulikskapane.

Det første ho merkte seg ved institusjonen ho skulle leie, var at alle snakka om han i fortid. «The Ren has always been, The Ren was ... »

– Så eg tenkte: Korleis kan eg få dette til å bli ein institusjon som ein snakkar om i presens? Ein institusjon som folk ser til i dag?

Solveig Øvstebø og Paul McCarthy ved The Renaissance Societys 100-årsjubileum i Chicago

100-ÅRSJUBILEUM: The Renaissance Society feira 100 år i 2015 med celebert besøk. Frå venstre: Hamza Walker (direktør for Laxart i LA), Paul McCarthy (kunstnar), Solveig Øvstebø og Stephen Prina (kunstnar).

Foto: The Renaissance Society

Framgangsmåten blei å vise respekt for det som hadde vore, samtidig som ho tok nokre nye grep.

– Det var ikkje noko lett, det der. Det var ein del vakenetter, å prøve å finne balansen i ein kultur, eit kunstfelt og ein finansieringsmodell som eg ikkje kjente. Når eg gjorde endringar, så var eg alltid litt spent på om folk følte at eg tråkka dei på tærne.

Mange ville rygga ved slike utfordringar, men Solveig tar risiko og gir seg ikkje før ho er nøgd.

– Om ein vil bevege noko, så må ein ofte gå i litt ulendt terreng for å kome fram, seier ho sjølv nøkternt.

Kollegaene tulla for eksempel med at ho bygde eit lite Skandinavia i USA då ho innførte fire veker ferie, fleire sjukedagar og auka fødselspermisjon frå to til åtte veker. Ho fekk den vesle «velferdsstaten» finansiert ved å forklare for styret korleis dette ville gagne institusjonen, og samla inn pengar til det.

Veninna Ika Kaminka, som for mange er kjent som omsetjaren av Haruki Murakamis bøker til norsk, viser til nettopp denne evna til å stå i ting som ein viktig grunn til at Solveig har nådd såpass langt.

– Eg tenkjer av og til at no må du gi deg, dette er ikkje sunt, men ho står i stormar utan å bøye av. Ho har ein enorm viljestyrke og arbeidskapasitet som gjer at ho held ut i ting der andre ville gitt opp, og så får ho det til, seier Kaminka.

James Rondeau, direktøren ved The Art Institute of Chicago som jobba tett med Solveig, viser til at ho har ein sjeldan kvalitet som gjer at folk lyttar til henne.

– Ho veit kva ho vil, kjenner seg sjølv, og er ikkje redd for å kommunisere det ut. Og så eit ord som eg nesten aldri brukar – ho er karismatisk.

Ikkje minst kom dette til nytte når Solveig jakta donasjonar til museet. I Noreg er det mest vanleg å jakte på bedriftssponsorar, medan i USA er det mange rike enkeltpersonar, filantropar, som sponsar kunstlivet. I stor konkurranse klarte Solveig å hanke inn mange underskrifter.

Då ho forlèt Chicago, var The Ren på topp både kunstnarisk og økonomisk.

– Ho meistra det amerikanske systemet på fem minutt, og viste at ein europear kan jobbe godt i Amerika, og motsett, trass ulike finansieringsmodellar, konkluderer Rondeau.

Solveig Øvstebø i Chicago

TALAR: Å overbevise menneske med midlar om at institusjonen og kunsten var verdt å støtte, var ein av dei viktigaste oppgåvene til Solveig i Chicago.

Foto: ERIKA DUFOUR
Solveig Øvstebø utanfor The Renaissance Society i Chicago

FØRSTE DAG: Solveig utanfor The Renaissance Society, eit museum som ho har følgt nesten heile si karriere, og endte opp med å bli sjef for.

Foto: The Renaissance Society
Solveig Øvstebø og kunstnarar

OPNINGSDAG: Solveig, kunstnar LaToya Ruby Frazier og kurator Karsten Lund. Utstillinga «The Last Cruze» handlar om fagforeiningar i USA og korleis stenginga av General Motors i Ohio påverka arbeidarane der. Solveig jobba med henne i over to år.

Foto: Michael Courier
Solveig Øvstebø taler ved The Renaissance Society i Chicago

100-ÅRSJUBILEUM: Solveig talar ved The Renaissance Society i 2015.

Foto: The Renaissance Society

Ideane bak i notatboka

Det er lett å tenkje seg at Solveig Øvstebø har eit lurt sjakktrekk opp ermet når ho no kjem tilbake til eit norsk kunstmiljø som slit med balansen mellom privat og offentleg finansiering.

Dei siste åra har den norske kunstdebatten dreidd seg mykje om korleis sikre finansiering, samtidig som ein ikkje gir frå seg kunstnarisk kontroll.

For eksempel blei det bråk i fjor sommar kring Nasjonalmuseets samarbeid med Fredriksen-systrene. Kritikken frå fleire kunstaktørar gjekk på at museet hadde brote prinsippet om armlengdes avstand mellom investorar og kunstfagleg ekspertise.

Då Solveig blei spurt om saka frå sin posisjon i Chicago, sa ho at denne praksisen ikkje var vanleg i USA, og at det var spesielt at museet skulle bruke ressursar på å byggje opp nokon andre si samling.

– Sidan denne samlinga ikkje er eigd av museet burde nye innkjøp og utviklinga av den skje utanfor museet, sa ho.

Ho ynskjer ikkje å uttale seg om Nasjonalmuseet i denne omgang, men hovudlinja for henne og Astrup Fearnley Museet er at det skal vere eit vasstett skilje mellom pengane og det faglege. Kunsten står for seg, uansett om pengane kjem frå det offentlege eller private sponsorar.

– Det handlar om å vere transparent om kven vi er som institusjon, dette ynskjer vi å gjere med pengane, her går våre grenser i forhold til korleis vi opererer.

Solveig Øvstebø og ein byste av Hans Rasmus Astrup

ARVTAKAREN: – Astrup Fearnley Museet har vore viktig for meg. Eg brukte å ta toget dit som kunsthistoriestudent for å få med meg programmet. Men eg kjende ikkje Hans Rasmus Astrup eller leiinga der, seier Solveig Øvstebø på kontoret sitt, vegg i vegg med ein byste av Astrup.

Foto: Javier Auris / NRK

Ho håpar at det er mogleg å ta med seg noko av filantropi-tankegangen frå USA, at enkeltpersonar med midlar ynskjer å støtte institusjonar som dei synest gjer noko viktig i samfunnet.

– Har du ein god plan for korleis få det til?

– Det er opp til oss i museet. Å ha gode samtalar med folk, å klare å engasjere, å vise kva det betyr med kunst og kultur i samfunnet, at ein slik støtte betyr utruleg mykje.

Når eg spør om forskjellen på å jobbe med kunst i USA samanlikna med i Noreg, seier ho at det ikkje blei stilt spørsmål ved han i utgangspunktet, du måtte ikkje forsvare at du jobba med kunst.

Som kulturjournalist har eg av og til tenkt at vi behandlar kunst som ei sær elitegreie, samanlikna med for eksempel musikk og film? Kjenner du på det?

– Ja.

Ho trekk pusten.

– Det eg tenkjer, er at viss du ser på alle institusjonane våre og tilboda der, så er dei langt frå elitistiske. Dei er opne. Dei har Skulesekken, Spaserstokken, eg veit ikkje kva dei har av formidlingsprogram. Det er eit enormt ynskje og ei vilje til å bringe inn publikum. Det eg trur, er at vi ser ei litt inngrodd haldning til kunst.

Ho viser til klisjeane om at «kunst er så vanskeleg» og «du kunne berre gjort det sjølv», og peikar ein finger mot pressa, men presiserer at også kunstinstitusjonane må ta seg sjølv i nakken. Bli flinkare til å kommunisere ut kva kunsten handlar om.

– Om institusjonane og kunstnarane blir kalla elite fordi dei jobbar med kunst, så er det i så fall ein ståstad ein sjølv vel å ta. For institusjonane er heilt opne og står berre og ventar på at du skal kome og sjå på kunsten.

Pengar får ein del merksemd i intervjuet, men dei er alltid berre eit instrument for Solveig til å vise fram best mogleg kunst.

På The Renaissance Society fekk ho gjere mykje av det som ho synest er aller kjekkast, nemleg jobbe tett med kunstnarane. Der museum ofte ser bakover i tid og galleria fokuserer på det salbare, fann Solveig eit rom for «The Ren» til å skilje seg ut ved å spørje kunstnarane kva dei ynskte å gjere.

– Vi spurde: Har du ein idé bak i notatboka som du ikkje har fått prøvd ut enno? Og så kunne dei seie, ja, eg har faktisk det, men eg har aldri turt å foreslå det før. Resultatet vart verk som verda aldri hadde sett før.

Solveig Øvstebø installerer utstilling

OPP: Solveig installerer utstillinga «Blowout» av Liz Magor ved The Renaissance Society. Ho elskar å jobbe med kunstnarar.

Foto: Privat
Blowout av Liz Magor

RESULTATET: «Blowout» av Liz Magor.

Foto: Useful Art Services / The Renaissance Society
Utstillinga Blowout av Liz Magor

KOSEDYR: Den kanadiske kunstnaren endra på kosedyr som ho fann. Utstillinga blei ei samling av mange supersmå forteljingar.

Foto: Useful Art Services / The Renaissance Society
Utstilling med Silke Otto-Knapp på The Renaissance Society i Chicago

THE REN: Solveig var både direktør og sjefskurator ved Chicago-institusjonen, som innebar å lage rammene rundt utstillingane. «In the waiting room» av kunstnaren Silke Otto-Knapp viser til spenninga før noko skal skje.

Foto: The Renaissance Society
Jennifer Packer-utstilling ved The Ren

2017: Utstillinga «Tenderheaded» av Jennifer Packer er vakre bilete med ein sterk politisk bodskap. Mellom portrett av venene, heng måleri av blomsterbukettar frå gravferder til afro-amerikanarar som mista livet i politivald.

Foto: TomVanEynde / The Renaissance Society
Josef Strau-utstilling ved The Ren

NYTT: Då Solveig inviterte kunstnaren Josef Strau til å lage ei utstilling, kom han opp med annan kunst enn han tidlegare hadde laga, veldig fargerik, inspirert av Mexico. «The New World, Apllication for Turtle Island» (2014).

Foto: Tom VanEynde / The Renaissance Society
Solveig Øvstebø ved Astrup Fearnley Museet

ENDRINGAR: Solveig Øvstebø ynskjer meir mangfald og fleire kvinnelege kunstnarar inn i Astrup Fearnley-samlinga. Her er ho med to verk frå samlinga: «Unititled» av Trisha Donnelly (bak), «Human Statue (Jessie)» av Frank Benson (i forgrunnen).

Foto: Javier Auris / NRK

Solveig er personleg

– Ej he ikkje brukt koronatida på å trene, jaffal!

Solveigs overraskande tjukke sunnmørsdialekt får ein stakkars sunnmøring-i-Oslo-på-10.-året til å krympe seg i forlegenheit over si eiga utvatna dialekt.

Ho pådrar seg ein liten strekk i leggen etter å ha krøka seg ned på huk for fotografen og haltar vidare inn i museet forbi Damien Hirst-kua som alle vil sjå, men, som ho seier, har blitt fotografert så mange gongar at vi godt kan velje noko anna denne gongen.

Familien har lenge gått og venta på at ho skal få seg ein hobby. Det har ikkje skjedd.

Livet hennar handlar om kunst – og så er det familieliv med mann og to barn (som ho ikkje vil seie så mykje anna om enn at dei er viktigast for henne, og at dei alle flyttar til Oslo i løpet av det neste året.)

Kunstnarane ringer henne til alle døgnets tider.

– Det er ein type altoppslukande jobb.

Det som veg opp for alle arbeidstimane er at ho har ei kjensle av meining. Når ho snakkar med kunstnarane, forstår ho betre den røynda ho lever i.

– Kunsten er ei utruleg viktig stemme i samfunnet vårt. Han representerer ein alternativ måte å kommunisere på. Vi er i eit samfunn no der ting blir forenkla for at ting skal gå fort, vi skal oppfatte ting ...

Ho knipsar.

– ... kjapt, og veldig mykje er straumlinjeforma. Men livet er jo ikkje straumlinjeforma, det veit vi jo, det er kjempekomplekst. Og eg føler at kunsten klarer å fange den kompleksiteten, då.

Kanskje er det fordi ho har fått brukt evnene sine så godt, på ulike måtar, at ho ikkje har behov for ein hobby? Som kurator og direktør er dagane fylt både med kreative gjeremål, folk og tal. Eine dagen kan ho bli skiten på hendene i eit studio med ein kunstnar, den neste kvelden kan ho tale på gallamiddag i kjole og høge helar.

CV-en fortel at ho ikkje hoppar frå jobb til jobb med lett hjarte. Når eg spør mentor Stein Olaf Onarheim om kor langt han trur at ho kan nå, skriv han:

«Eg trur ikkje Solveig er opptatt av karriere på den måten. Ho er djupt engasjert i dei oppdraga ho tek på seg og har alltid eit mål om å lukkast der.»

Solveig Øvstebø ser ut på Tjuvholmen i Oslo

BAKGRUNN: Når ho svarar nei på eit personleg spørsmål, forklarar eg at eg treng litt bakgrunn. – Bakgrunn, du har jo fått masse! Eg har aldri fortalt så mykje før!

Foto: Javier Auris / NRK

Anti(bac) klimaks

– Eit museum er ikkje eit tomt rom som du fyller med ting. Det er ein levande organisme, seier Solveig.

Den siste tida har likevel Astrup Fearnley Museet, som alle andre museum, vore tomt. Snart skal det kome til live igjen. Først må museet byggje ny resepsjon og sette opp ein ekstra vegg, smittevernreglane må følgjast.

Dagen etter intervjuet får vi observere Solveig i sitt rette element når ho har første fysiske møte med staben. Rundt eit svart langbord sit ei ung forsamling på 13 personar med kaffikoppane framfor seg. Solveig har gått gjennom planane framover, vi har under tvil fått lov å kome inn dei siste ti minutta av møtet.

Ho har sagt det ho ville, no lyttar ho til dei andre, tar på seg brillene, noterer og stiller oppfølgingsspørsmål.

– Er det spørsmål i samband med opninga? Nei? Bra! Kjempebra møte, samanfattar Solveig.

Men som i alle møter er det nokon som har brent inne med eit spørsmål til slutt: Er det estetisk ok å ha eit langbord med antibac-flasker på ved inngangen til museet?

Marknaden er nemleg støvsoge for antibac, og eit forslag som kom, vel, på bordet, var å kjøpe fleire pumpeflasker og plassere dei på eit langbord ved inngangen til museet, sidan dette ville vere billegare enn å kjøpe dispenserar, som dessutan har det med å slutte å fungere.

Latter og sukk i rommet blant dei estetisk kompetente over forslaget frå leverandøren. Når utstillingane er så nøye planlagt med auge for mål, blir desse antibac-flaskene eit estetisk problem. Solveig tar ordet:

– No forventar ikkje folk at ting ser perfekt ut i resepsjonen. Dei les flaskene litt vekk frå estetikken, fordi dei berre må vere der. Vi får gjere det beste ut av det. Men akkurat det langbordet ...

Ho ler høgt.

Det blir kunst og det blir antibac. Solveig Øvstebø frå Volda er klar.

Gøyal augneblink på stabmøte hos Astrup Fearnley Museet, juni 2020

STABSMØTE: Solveig og kollegaer ved Astrup Fearnley Museet diskuterer korleis få ei antibac-flaske til å sjå nokolunde estetisk pen ut.

Foto: Javier Auris / NRK

Hei!

Har du tips til kva mi neste sak bør handle om? Ta gjerne kontakt. Tidlegare har eg mellom anna skildra eit gamalt måleri som blei foreina med sin betre halvdel, lurt på kvifor det er einhjørningar overalt, og fortalt historia om då Edvard Munch fekk visittkortet til Josef Terboven

Anbefalt vidare lesnad: