Sharon Tate i gul kjole i 1968
Foto: Ap

Det evige offer: Sharon Tate

Ho blei drepen av Manson-sekta, gravid i åttande månad, for 50 år sidan. Kven var ho eigentleg?

Barnet døydde 20 minutt etter henne.

Huset med adresse 10050 Cielo Drive, i utkanten av Los Angeles, låg skjult bak ein port og store tre. Det var ingen naboar som hadde direkte innsyn.

I huset budde kjendisparet Roman Polanski og Sharon Tate. Han var polsk filmregissør med kvinnetekke. Sharon var 26 år. Ansiktet hennar var kjent, men det var vanskeleg å sette fingeren på kva ho var kjent for. Var det det at ho var vakker, at ho var gift med Roman, eller at ho hadde ei middels vellukka skodespelarkarriere?

Snart skulle ho bli kjent som noko heilt anna: Drapsoffer.

I og ved huset låg fem døde menneske. I magen til Sharon låg eit gutebarn, dagar eller veker unna å bli fødd.

Barnerommet hadde blitt måla same dagen.

Liket av Sharon Tate blir trilla ut

DEN MØRKE DAGEN: Etterforskarar trillar ut liket av Sharon Tate. Om morgonen 9. august 1969 låste hushjelpa til Roman Polanski og Sharon Tate seg inn i huset som vanleg. Ho stussa på at telefonen var død, men elles verka alt normalt. Det var då ho såg kroppane.

Foto: AP

Før ho blei drepen, levde ho

Det er sjeldan folk nemner Sharon Tate utan å samtidig seie «Charles Manson».

9. august 1969, rett over midnatt, gjekk fire medlemar av Manson-sekta inn og myrda Sharon Tate og fire andre på bestialsk vis.

50 år seinare blir drapa som sjokkerte verda framleis hyppig omtala. Men nye filmar, bøker og podkastar kastar ofte meir lys over mordarane enn offera.

16. august har stjerneregissør Quentin Tarantino noregspremiere på «Once upon a time in Hollywood». Handlinga i filmen er laust basert på hendingane sommaren 1969 og har ifølgje filmkritikarar ei nesten taus Margot Robbie i rolla som Sharon Tate. Tarantino har fått kritikk for å gi Robbie få replikkar, men hevdar at framstillinga likevel viser noko meir enn offeret Sharon Tate.

Før ho døydde, levde Sharon eit rikt og fascinerande liv.

Maggie Roberts som Sharon Tate i ny film

TAUS: I Quentin Tarantinos nye film blir Sharon Tate skildra som ei bekymringslaus, glad og vakker kvinne med suksess. Margot Robbie (midten) har ein viss likskap med Sharon.

Foto: SF Studios/Sony Pictures

Eksepsjonelt vakker

Pressebileta av Sharon Tate gir inntrykk av ein lettkledd posør med eit vakkert ansikt. Ser ein filmane hennar, eller les intervju gjort med henne, blir personlegdommen fylt ut. Ein hjarteleg latter. Liberale haldningar. Ein god porsjon sjølvironi.

Sharon hadde stor evne til å leve seg inn i andre sine forteljingar, og i løpet av sitt korte liv rakk ho å gjere nettopp dette. Men vegen fram mot å få hovudroller på lerretet var vanskeleg.

24. januar 1943, medan verda var i krig, blei Sharon fødd i Houston, Texas. Det vart tidleg klart at ho var eksepsjonelt vakker. Ho var ikkje meir enn seks månader gammal då ho vann sin første venleikskonkurranse.

Barndommen og ungdommen var prega av hyppig flytting på grunn av ein far som jobba i militæret. Ei av hendingane som prega livet til Sharon skjedde medan dei budde i Italia. Ho var blitt 15 år, slank, hadde langt lyst hår og eit nydeleg smil.

I Italia blei ho beden på date av ein ung soldat, og takka ja. Soldaten utnytta Sharons naive og snille vesen. Han valdtok henne.

Sharon skal ha blitt traumatisert av opplevinga. Ifølgje forfattaren av boka «Sharon Tate and the Manson murders» fortalde ho ingen om valdtekta fordi ho var redd for å gjere faren flau. Heile militærkarrieren hans var bygd på renommé. Det var ikkje gitt at ho blei trudd og fekk hjelp.

Å halde valdtekta hemmeleg skal ha gått veldig innpå henne. Ho skal ha blitt meir og meir usikker på seg sjølv og kjent på skam.

Starten på karrieren

Våren 1961, på tur med amerikanske vener rundt omkring i Italia, fekk Sharon sjansen til å vere statist i ein film med skodespelaren Warren Beatty, som stod framfor sitt store gjennombrot.

Dette presenterte kanskje ei flukt frå det ho hadde opplevd? Som skodespelar kunne ho gå inn i andre si historie.

Sjølv om Sharon var usikker, sjarmerte ho fleire på settet med utstrålinga si. Menn ville anten hjelpe henne vidare i karrieren eller gå ut med henne. Ho byrja å date Richard Beymer (seinare kjent som Ben Horne i TV-serien «Twin peaks»), som etter kvart inviterte henne til LA.

Sharon var blitt 18 år då ho bestemte seg for å reise til filmbyen for å prøve å bli skodespelar. Ho ringde nummeret ho hadde fått av Beymer. Ein filmagent tok telefonen, og sette i gang hjulet. Sidan ho ikkje hadde pengar, haika ho mellom auditions.

Sjølv i Hollywood vart Sharon Tate sett på som ekstremt vakker. Podkasten «You must remember this» hevdar at utsjånaden gav henne ei annleis oppleving av verda. Menn opna dørene for henne, ho fekk ting gratis, livet leika.

Etter kvart fekk ho kontrakt med eit filmselskap.

David Draper løftar Sharon Tate i filmen "Don't make waves"

PÅ VEG OPP: Sharon blir løfta av David Draper i filmen «Don't make waves», 1968. Filmen blei annonsert slik: «It's entertainment that fills up the screen like she fills out a bikini». Ho var sjølv skuffa over resultatet: – Det er ein forferdeleg film, sa ho til ein reporter – og unnskylda seg etterpå for å vere så rett fram. Ei stund etter at filmen kom ut, kalla ho seg sjølvironisk «sexy me».

Foto: Courtesy Everett Collection / Everett Collection

Lojal og litt naiv

Når det gjaldt kjærleiken, så leika ikkje livet for Sharon. Etter eit ulukkeleg og valdeleg forhold, forelska ho seg i kjendisfrisøren Jay Sebring. Han skulle spele ei viktig rolle i livet hennar.

Jay hadde ansvar for frisyrene til kjente Hollywood-menn som Steve McQueen og Frank Sinatra, og såg på seg sjølv som ingenting mindre enn ein «hårarkitekt». Det vil seie at han ikkje berre tilbydde nye frisyrer, men ein heil livsstil. I salongen hans kunne menn vere menn; røyke, høyre på musikk, drikke sjampanje og få håret vaska av pene jenter.

Sharon og Jay fann tonen med ein gong etter å ha blitt introdusert av felles kjente, og vart raskt eit par. Dei køyrde rundt i flotte bilar, hang med kjendisar, og rusa seg. Sharon såg på det å ta dop som ei nyttig erfaring. Det var vanleg i sirklane ho vanka i.

Sharon blir skildra som ei lojal og snill kvinne som aldri baksnakka nokon. Litt naiv, kanskje, og med eit behov for aksept frå menn, men avslappa når det gjaldt sin eigen utsjånad. Ho hadde jo alltid sett slik ut. Slik blei ho godt likt av både kvinner og menn.

Men ho kunne vere sjølvkritisk, og var realistisk med tanke på sitt eige talent. Ho kom nok ikkje til å spele Shakespeare, nei. Likevel hadde ho ambisjonar om å bli ein slags amerikansk Catherine Deneuve, ein type skodespelar som både var kjent for allmenta og respektert i bransjen.

Hennar første filmrolle som heks i produksjonen «Eye of the devil» førte henne til London i 1965.

Der skulle Sharon oppdage miniskjørtet og møte filmregissøren Roman Polanski.

Roman Polanski

Roman Polanski var enno ikkje blitt eit kontroversielt namn ved midten av 1960-talet. Det skulle kome seinare.

Han var tildelt dårlege kort. Roman vaks opp i krigens Polen i ein jødisk familie. Som seksåring såg han foreldra bli fjerna med makt av nazistane og sendt til konsentrasjonsleirar. Roman klarte å gøyme seg. Med hjelp frå familievener kom han seg etter kvart ut av Krakow. Dei neste åra budde han i fosterheim under dekkje som imaginær son av ein tyskar. Han prøvde så godt han kunne å overleve.

Etter krigen kom far hans tilbake. Mor hans blei drepen i Auschwitz.

Roman snudde seg mot ei fiksjonsverd. «Film blei min store lidenskap – den einaste fluktmoglegheita frå depresjonen og fortvilinga som omgav meg,» skriv han i sjølvbiografien sin.

Han utdanna seg etter kvart ved ein polsk filmskule og laga filmar i heimlandet. Så jobba han nokre år i Frankrike, før han var på plass i London.

I 1966 var Roman på utkikk etter skodespelarar til det som skulle bli hans første fargefilm: «The fearless vampire killers». Han blei presentert for Sharon og la merke til kor vakker ho var, men var ikkje overtydd om at ho hadde skodespelartalent. Sharons filmselskap gav likevel ikkje opp.

Til slutt fekk ho ei rolle, etter å ha overtydd han på audition.

Roman Polanski og Sharon Tate

ROMAN OG SHARON: Roman Polanski skreiv dette om å bli kjent med Sharon Tate: «Det som hadde gjort sterkast inntrykk på meg bortsett frå venleiken, var den type utstråling som har sitt utspring i ein god og mild natur. Eg hadde aldri møtt nokon som henne før».

Foto: AFP

Sharon og Roman

I starten av innspelinga var perfeksjonisten Roman veldig streng med uerfarne Sharon. Det tok 70 takes å få på plass den eine scena, og dagane enda ofte i tårer.

Det stoppa han ikkje frå å be henne ut.

Sharon takka først nei. Han spurde igjen. Ho takka nei til alle vidare invitasjonar. Men då Roman til slutt sa at han hadde fått nok, blei ho interessert.

Sjølv om Sharon var saman med Jay på fjerde året, innleia ho eit forhold til Roman. Dei var saman kvar kveld etter lange innspelingsdagar, og heldt saman også etter at filminnspelinga var ferdig.

Paret blei the toast of London, og Sharon fekk til slutt fortalt Jay, over telefon, at ho hadde forelska seg i ein annan mann. Overraskande nok, så aksepterte Jay brotet, og blei ven med det nye paret. Sharon såg på han som sin beste ven fram til dagen dei begge to døydde, side om side.

Sharon og Roman var eit par av 60-talet. Roman hadde fleire sidesprang, og Sharon let som om ho syntest det var greitt. I ettertid har fleire kjelder hevda at det ikkje var eit lukkeleg forhold, men både systera hennar, Debra, og Roman har tilbakevist det. Det var ekte kjærleik, hevdar dei.

Paret skulle rekkje å vere saman i tre år.

Vampyrfilmen enda opp som eit makkverk. Filmselskapet ville først ikkje gi ut filmen. Dei klipte om og dubba han, og først to år seinare blei han tilgjengeleg for publikum.

Neste på plakaten for Roman var kultfilmen «Rosemary's baby». Han ynskte å gi Sharon ei rolle, men filmselskapet foreslo Mia Farrow i staden for. Filmen blei ein kjempesuksess, ikkje minst for Farrow.

Filmkarrieren til Sharon, derimot, var prega av mange nedturar og få oppturar. Var det filmselskapet som gav dårlege råd, Sharon som valde feil filmar, eller rett og slett mangel på gode kvinnelege hovudroller? Uansett let gjennombrotet vente på seg.

I 1967 skulle det skje ting.

Et dukkehjem

Filmen som Sharon er mest kjent for i dag, vart i si samtid sett på som ein skikkeleg dritfilm: «Valley of the dolls».

Filmen fortel historia om tre kvinner som kvar på sitt vis er involvert i show biz. Vi blir kjent med alle hindera som Sharon måtte overvinne i sitt verkelege liv som skodespelar: Danse- og songtimar, trening, fotografering og kostymeskift. Og på eit anna plan: diskriminering, objektivisering, rusmisbruk og mislukka kjærleiksforhold.

Sharon spelte rolla som den vakre skodespelaren Jennifer. Den første scena avslører kjapt kva type karakter dette er. Sharon, kledd i badedrakt, balanserer elegant ned ei trapp med ein gigantisk kreasjon på hovudet. Alle blikka i rommet, frå kvinner og menn, er dratt mot henne, dei klappar, seier «look at Jennifer!», beundrar kroppen hennar.

Men idet ho opnar munnen, gjer programleiaren narr av henne, og alle ler.

Seinare i filmen blir Sharon sett i telefonsamtale med mor si. Ho seier inn i røret med lys stemme: «Mor, eg veit at eg ikkje har noko talent. Alt eg har er kroppen min».

Rolla hadde mange likskapstrekk med Sharons ekte liv. Ho hadde ikkje fått karrieren ho ynskte. Det var ein illusjon at vakre folk som henne hadde eit lett liv.

Då Jennifer blir diagnostisert med brystkreft, og bedt om å fjerne brystet for å overleve, tar ho livet sitt. Å miste sin vakre kropp er ein skjebne verre enn døden.

Sharon hadde ei nakenscene i filmen som skapte debatt. Sjølv såg ho ikkje problemet med å kle av seg, dersom det passa inn i historia.

– Ungar får sjå folk drepe kvarandre på TV, noko som er svært unaturleg, men dei får ikkje sjå to personar ha naturleg sex. Det gir ikkje noko meining, gjer det vel, uttalte ho frimodig i eit intervju.

Kritikken av filmen var hard, men kommersielt slo han an. «Valley of the dolls» vart den sjuande mest sette filmen i USA i 1967, rett framfor James Bond-filmen «You only live twice» og rett bak «Bonnie and Clyde».

Sharon Tate blei nominert til Golden Globe som «årets mest lovande nykomar».

Sharon Tate i Valley of the dolls

KVINNER MED PILLEPROBLEM: Frå venstre: Barbara Parkins, Sharon Tate og Patty Duke i den dystre kalkunen av ein film, «Valley of the dolls», som i dag faktisk har blitt ein kulthit.

Foto: AF Archive / Mary Evans

10050 Cielo Drive

Sharon og Roman gifta seg i januar 1968 på Playboy-klubben i London. Same kvelden gjekk dei på Supremes-konsert, før dei flaug vidare til bryllaupsreise i Alpane med det nye paret Mia Farrow og Peter Sellers. Deretter bar det rett til Cannes, der filmen til Roman skulle ha premiere, men blei kansellert.

Mot slutten av året fann Sharon ut at ho var gravid. Ho sa ingenting til Roman før etter at det var for seint å ta abort. Han hadde tidlegare sagt at han ikkje ville ha barn, på grunn av sine opplevingar under den andre verdskrigen.

Etter mange lange innspelingar i utlandet, reiste dei til USA. Dei var på jakt etter ein heim i Los Angeles. Der vart dei kjent med eit par som hadde hus til overs: Terry Melcher og Candice Bergen. Han var plateprodusent og son til Doris Day, ho var kjent skodespelar. No stod huset der dei hadde budd nyleg ledig på marknaden.

Dette var koplinga som skulle føre til Sharons død.

Charles Manson hadde nemleg egla seg innpå Terry med håp om å få platekontrakt. Han drøymde om å vise sitt store ego som rockestjerne. Terry lytta til ein demo, men vart ikkje overtydd, og kutta kontakten med han. Det tok Manson svært dårleg. Sint og skuffa trekte han seg tilbake til ørkenen med sekta si for å leggje morbide planar. Han visste godt kvar Terry Melcher budde.

Våren 1969 var det Sharon Tate og Roman Polanski som flytta inn i huset som Manson hadde besøkt. Sharon uttalte at det var draumehuset hennar.

20. juli 1969 var paret i London, der Roman jobba med ein ny film. Sharon skulle returnere til Amerika med båt, for fødselen nærma seg. Etter planen skulle Roman kome etter, den 12. august. I mellomtida hadde han bede ein kompis om å bu i huset med Sharon.

Både Sharon og Roman grein då dei tok farvel ved bryggja. Roman hevdar i sjølvbiografien sin at ein grotesk tanke datt ned i hovudet hans: Du vil aldri få sjå ho igjen.

Han rista av seg tanken.

Sharon Tate og Roman Polanski giftar seg

THE TOAST OF LONDON: Sharon Tate og Roman Polanski hevar glasa etter at dei gifta seg i London i 1968. Ho var 25, han 34.

Foto: Ap

9. august 1969

Det hadde vore ein uvanleg hendingsrik sommar. Rockeverda var skaka etter at gitaristen i The Rolling Stones, Brian Jones, hadde drukna. Verda sat framfor TV-en då Neil Armstrong blei første mannen til å gå på månen. Ein rockefestival ved namn Woodstock var under planlegging.

Fire personar var i Sharons draumehus om kvelden den 9. august 1969: Sharon, bestevenen Jay Sebring, Romans kompis Voyteck Frykowski og kjærasten Abigail Folger.

Tidlegare på kvelden hadde dei vore ute og ete middag.

Det var varmt, og høggravide Sharon gjekk rundt i huset i berre bikinien.

Sharon Tate

OFFERA: Frå venstre: Voyteck Frykowski (kompis av Polanski), Sharon Tate, Stephen Parent (18-åring på besøk i uthuset), Jay Sebring (kjendisfrisør og ven av Tate) og Abigail Folger (kaffiarving, kjærast til Frykowski).

Foto: AP

Det som skjedde rett rundt midnatt, natt til 9. august, er vanskeleg å ta innover seg. Detaljane er så skakande, så makabre. Fire personar ålte seg opp mot huset. Først klipte dei av telefonleidninga. Så oppdaga dei ein gut i ein parkert bil. 18 år gamle Steven Parent hadde tilfeldigvis besøkt vaktmeisteren som budde i gjestehuset og var på veg heim. Manson-sekta avretta han. Deretter gjekk dei inn i huset og drap Romans polske ven og hans kjærast. Samt Jay Sebring, og til slutt, Sharon Tate.

I rettssaka kom det fram at dei fire menneska i huset var påført over 100 knivstikk til saman.

Sharon Tate bad for seg sjølv og den ufødde sonens liv.

Men Susan Atkins, som blei dømd til dødsstraff, seinare omgjort til livstid, for drapet på Sharon, sa berre:

– I have no mercy for you, bitch.

Den ufødde sonen, som fekk namnet Paul Richard posthumt, døydde i magen, 20 minutt etter at mor sitt hjarte hadde slutta å slå.

10050 Cielo Drive, der Sharon Tate blei drepen i 1969

FRÅ DRAUM TIL MARERITT: 10050 Cielo Drive finst ikkje lenger. Huset blei rive ned i 1994, og eigedomen fekk ny adresse. Det var her Sharon Tate blei myrda – i det som hadde vore draumehuset hennar.

Foto: Reed Saxon / AP

Paranoia

Historia om Sharon Tate sluttar ikkje idet ho døyr. Tida etter drapa har hatt noko å seie for korleis vi ser henne.

Det tok lang tid før politiet fann ut kven mordarane var.

I mellomtida fråtsa pressa i dei grufulle drapsdetaljane. Sex og dop blei dratt inn som moglege motiv. Det blei spekulert i at Sharon og dei andre skulle ha hatt ein orgie som utarta. Det var nesten ei stemning av at dei måtte ha gjort noko for å fortene dette.

Ingenting av dette var sant. Dei var uskuldige, tilfeldige offer.

Både Roman Polanski og Sharon Tates familie har seinare fortalt at rykta medførte ei ekstra emosjonell påkjenning i ei tung tid. På ein pressekonferanse i 1969 kritiserte Roman pressa:

– De skreiv igjen og igjen kor vakker ho var. Men skreiv de nokon gong kor god ho var?

Det gjekk rykte om at Frank Sinatra og Elizabeth Taylor var neste på drapslista. Hollywood-kjendisane blei paranoide og byrja å gå med våpen.

Det norske bildebladet Nå skreiv hausten 1969: «Hollywoods berømtheter låser sine dører og lever i frykt. Politiet leter gjennom sine spor og lister over navn. – Vi søker bare en, en eneste som kan gi oss en tråd til et motiv, sa en av etterforskerne på saken. Hvem de til sist vil finne, vet ingen ennå. En fanatisk gruppe? En mystisk rituell bevegelse? En psykisk skadet veteran? Hollywood frykter og venter...»

Ikkje før i desember 1969 blei det tatt ut tiltale mot Manson-sekta.

Roman Polanski bryt saman på pressekonferanse etter konas død

I SORG: Roman Polanski i ein sårbar augneblink på ein pressekonferanse i august 1969. Ingen visste kven som hadde drepen kona hans, Sharon Tate, og deira ufødde son. Til etterforskarane sa Roman: – Sjå etter eit motiv som ikkje passar profilen de vanlegvis jobbar etter – noko som er mykje meir «far out».

Foto: Ap

Kvifor Sharon?

Manson-sekta var leia av Charles Manson, ein mann med ei brokete fortid, eit enormt ego og evne til å systematisk manipulere folk. Etter å ha vore i fengsel i nesten heile sitt vaksne liv, samla han ein gjeng utstøytte folk på ein ranch i ørkenen. Dei fleste var unge jenter, nokre foreldrelause, som han misbrukte seksuelt og brukte til å oppnå makt. Etter at Terry Melcher avviste han, hadde Manson sakte men sikkert bygd opp ein dødsskvadron. Han overbeviste sektmedlemane om at drapa var nødvendige for å setje i gang ein rasekrig, «Helter skelter», kalla opp etter ein Beatles-låt. Ideologien var inspirert av scientologi og rasisme.

Tre kvinner og ein mann tok livet til Sharon Tate og venene hennar. Ingen av dei viste anger i retten; tvert imot, dei var stolte av det dei hadde gjort.

Vondskapen sjokkerte juryen. Samstundes forsøkte statsadvokaten å få svar på: Kvifor måtte akkurat Sharon Tate bøte med livet?

Var det ein hemnaksjon mot Terry Melcher, som eigde huset? Fleire sektmedlemar fortalde at det først var etter disputten med han at Charles Manson hadde byrja å snakke om å drepe folk. Sinnet hadde akselerert. Kanskje hadde han ikkje fått med seg at plateprodusenten hadde flytta?

Samtidig hevda andre at han godt visste at Melcher hadde flytta, og rett og slett valde huset sidan han kjende det godt. Uansett kven som budde der, så skulle alle bli drepne.

Atter andre hevda at sekta ville spreie sjokk og frykt, i Hollywood og i samfunnet. Slik hadde handlingane likskapstrekk med terrorisme.

Manson sjølv skulda på tidsanden. Mange kjøpte narrativet om at det var noko i 1969 som kunne forklare handlingane. Dop, omsorgssvikt, hippiar som var på loffen, unge jenter som droppa ut av skulen, og rock and roll.

Folk hadde nesten venta at noko slikt kunne skje. Paranoiaen var fullstendig. Den kjende journalisten og forfattaren Joan Didion skreiv seinare: «Eg hugsar at ingen var overraska».

Håpet

Etter det som vart ei lang og massiv rettssak sat familien igjen i sorga.

Sharon Tate hadde to yngre systrer, Patti og Debra, samt ei mor og ein far som framleis levde. Veslesyster Patti har skildra tilstanden i åra etterpå slik: Kvar morgon trakk dei pliktoppfyllande pusten som ei oppgåve på ei gjeremål-liste.

Dette var livet utan Sharon.

Då dei dømde etter kvart byrja å be om å bli sleppte ut på prøve, engasjerte mor til Sharon seg for å stoppe dei. Doris Tate møtte opp i rettssalane og bad om ordet, snakka direkte til mordarane. Kvifor skulle dei få tvilen til gode, når dei ikkje hadde høyrt på Sharons bøner om å få leve?

I 1982 var Doris Tate med på å få gjennom ei lovendring i California som gav offer ei stemme. Victim’s rights bill sikrar at offer og pårørande får uttale seg i rettsprosessen, også når det gjeld kven som blir sleppt ut på prøve.

Dette var det vesle håpet som kom ut av Sharons død.

Då Doris Tate døydde, tok veslesyster Patti over, deretter systera Debra, som framleis er i live. Ho grein då ho såg Margot Robbie i rolla som systera si, i «Once upon a time in Hollywood».

Roman Polanski lever på flukt frå det amerikanske rettssystemet. I 1977 blei han sikta for å ha valdtatt ei 13 år gammal jente. Då han forstod at dommaren ville felle han, rømde han til Frankrike, der han har budd sidan. Han ytra nyleg ynskje om å få besøke grava til Sharon og sonen, som ligg i California.

Roman Polanski skreiv dette om Sharon Tate i sjølvbiografien frå 1984:

«Sjølv etter alle desse åra er det heilt umogleg for meg å sjå ein vakker solnedgang, besøke eit pent gamalt hus, oppleve visuell nyting av noko slag utan at eg instinktivt seier til meg sjølv at også ho ville gleda seg over dette. I så måte vil eg vere trufast mot henne til min dødsdag.»

Sharon Tate ville ha fylt 76 år i 2019.

Kjelder:

Vidare anbefalingar:

Hei!

Blei du begeistra, stussa du på noko, eller sit du med ei historie? Ta gjerne kontakt. Tidlegare har eg mellom anna skrive om Noregs mest mystiske kunstsamlar, folka bak London Fashion Weekdei siste norske klesfabrikkane og mannen som viste fingeren til kunstverda