Øvre Richter Frich

Han vart kalla nazist og rasist, men lenge var han Noregs mest populære forfattar

Øvre Richter Frich selde millionar av bøker i Noreg. I dag har dei færraste høyrt om han.

Få norske forfattarar har påverka samtida si meir enn Øvre Richter Frich.

Som Noregs første stjernereporter dekte han dei største hendingane på starten av 1900-talet, først i Aftenposten, deretter i Verdens Gang. Han rapporterte frå bybrannen i Ålesund, skyttargravene under Den første verdskrigen og revolusjonen i Mexico.

Mest kjent var han likevel som forfattar. Til saman selde han mellom 2 og 3 millionar bøker berre i Noreg. I tillegg var han svært populær i ei rekke andre land.

Den største krimhelten hans var Dr. Jonas Fjeld, som var ei slags blanding av James Bond og Arnold Schwarzenegger: Kjekk, smart og umenneskeleg sterk.

Eit kvart guterom med respekt for seg sjølv hadde minst ei bok om Noregs første actionhelt i bokhylla. Og berre så det er sagt: Ingen var tøffare enn Jonas Fjeld.

Jonas Fjeld - Flyvefisken

SUPERHELT: Dr. Jonas Fjeld jobbar som kirurg på dagtid, men i løyndom reddar han vakre kvinner og resten av verda frå å gå under. I boka «Flyvefisken» klarar han til og med å stoppe ein verdskrig. Boka vart skriven i 1913, eit år før Den første verdskrigen braut ut.

Foto: Harald Damsleth/BONO / Restaurert utgåve Dr. Spruce Books

Øvre Richter Frich vart kjent for å ta med trauste nordmenn på litterære reiser til dei mest fantastiske himmelstrøk. Då den første boka kom ut i 1911, sa kritikaren i Aftenposten at ho «gnistra av intens kraft» og at boka var «nervepirrande som ein brytekamp».

Det er nærliggande å tru at ein så stor forfattar også skulle bli hugsa og hylla i ettertida. Men med Frich er dette langt ifrå tilfelle. I 2020 er Jonas Fjeld først og fremst ein artist (som faktisk tok namnet sitt etter actionhelten) og Øvre Richter kven, sa du?

Grunnen til at få kjenner til han i dag heng saman med at bøkene inneheld skildringar som etter kvart vart sett på som svært problematiske.

«Rasist og valdsromantikar»

Idéhistorikar Christopher Hals Gylseth har studert forfattarskapet inngåande og skrive biografien « ... seg selv til det ytterste» om Øvre Richter Frichs virke:

– Bøkene om Jonas Fjeld er veldig rasistiske. Han er den store blonde kjempa med blå auge. Skurkane er anten jødar, søramerikanarar eller svartmuskete bandittar.

Han viser til fleire døme frå romanane i biografien:

«Hun tenkte med gru på den gamle, heslige neger med det grusomme og blodtørstige utseende, som talte så tydelig om mord.»

«Han er godt kjent på Afrika-kysten, der en av hans forfedre var en gorilla.»

Etter Den andre verdskrigen tok fleire akademikarar eit oppgjer med Øvre Richter Frichs bøker. Litteraturprofessor Willy Dahl skildra forfattaren som «den norske triviallitteraturens mest erklærte rasist og valdsromantikar; han er antikommunist av det mest vulgære, hetsande slag, og det er klare fascistiske trekk i alt han har skrive.»

Jonas Fjeld vart ikkje like vanleg å ha i hylla på guterommet lenger. Det hjelpte heller ikkje at nokre av bokomslaga var teikna av nazisten Harald Damsleth, som også jobba som plakatteiknar for Nasjonal Samling under Den andre verdskrigen. Bøkene måtte gøymast og gløymast.

Jonas Fjeld

NAZI-TEIKNAR: Harald Damsleth var ein av dei mest populære illustratørane i Noreg på 30-talet, men mista naturleg nok litt av statusen då han begynte å lage propaganda for NS. Damsleth er ein av hovudgrunnane til at Frich har blitt knytt til nazismen, men så langt vi kjenner til, hadde ikkje forfattaren og illustratøren noko med kvarandre å gjere. I 2017 vart Jonas Fjeld-bøkene gitt ut på nytt med nye omslagsbilde.

Foto: HARALD DAMSLETH/BONO / RESTAURERT UTGÅVE DR. SPRUCE BOOKS

– Ein begynte i aukande grad å fjerne bøkene frå skulebiblioteka på 70-talet. Det vart feil at barn skulle lese desse stygge skildringane, seier idéhistorikar Gylseth.

I dag er det enkelt å stemple Frichs bøker som rasistiske. Og sjølv om bøkene hans var fiksjon, kjem også mykje av dei same haldningane fram i artiklar han skreiv som journalist. Blant forfattarane i mellomkrigstida hadde han også nokre av dei mest ekstreme raseskildringane, ifølge Gylseth.

Men korleis kunne Noregs mest populære forfattar ha så mange grove skildringar – utan at verken kritikarar eller lesarar reagerte offentleg?

«Verdas beste rase»

I mellomkrigstida var det ei utbreidd forståing om at det fanst ulike menneskerasar, og at desse hadde ulik verdi og eigenskapar. Slike førestillingar var også djupt forankra i vitskapen på den tida.

– Kvite menneske var på toppen og andre fargar på botnen. Dette var ein heilt normal tanke frå slutten av 1800-talet og fram til Den andre verdskrigen, seier historikar Jon Røyne Kyllingstad.

Han har studert idear om rase og etnisitet innan fysisk antropologi og genetikk. Og berre så det er klart før vi går vidare i saka:

– I dag er rase eit meiningslaust omgrep, reint biologisk sett. Det er større genetiske forskjellar i det norske folk enn den gjennomsnittlege skilnaden mellom to folkegrupper, seier Kyllingstad.

Men denne kunnskapen er relativt ny. På starten av 1900-talet hadde tankar om rasehygiene brei politisk, vitskapleg og folkeleg støtte. Det var viktig å ikkje «skitne til den nordiske rase», som også i Frichs forfattarskap blir skildra som verdas beste.

Ideen om at det faktisk fanst ein eigen nordisk rase var omdiskutert også på den tida. Men det var nok av røyster som støtta teorien – også frå utlandet. I 1928 kom boka «The Passing of the Great Race» ut på norsk. Ho var skriven av den amerikanske raseteoretikaren Madison Grant, og skildra Skandinavia som sjølve årestaden for sivilisatorisk utvikling i verda.

Madison Grant

MADISON GRANT: Antropologen skreiv «The Passing of the Great Race» i 1916. Då boka kom ut på tysk, skreiv Adolf Hitler i eit brev til Grant at «denne boka er min Bibel».

Foto: Wikimedia Commons

I det norske forordet skreiv rasehygienikaren Jon Alfred Mjøen:

«The Passing of The Great Race» har tatt op til spesiell behandling den rase som ligger vårt hjerte nærmest: den nordiske. Den rase som i Amerika skapte menn som Washington, Franklin, Lindbergh, som i England har født en Shakespeare, en Darwin, I Tyskland Goethe, Kant, Wagner, og som i Skandinavien har frembragt Linné, Scheele, Bjørnson, Hamsun, Grieg, Sinding – helteskikkelser som Harald Hårfagre, Leif Erikson, Fridtjof Nansen og Roald Amundsen. Denne rase har skapt vår moderne kultur i dag.

Dette klang bra i mange norske øyre. Den nordiske rase var kjent for å skape kulturelle, krigerske og administrative førarar. Ifølge den anerkjende raseforskaren Halfdan Bryn var folk frå Nord-Europa kjent for å vere både viljesterke og framsynte.

Andre rasar vart derimot skildra med mindre heldige ordelag. Samanlikna med den nordiske vart dei skildra som langt mindre utvikla, og på eit mykje lågare fysisk, psykisk og kulturelt nivå.

– Det føregjekk store debattar om forståinga av rasar også på den tida. Men desse tankane var vanlege. Så vart dei meir og meir politiserte og tatt over av høgreekstremistar, forklarar historikar Kyllingstad.

Men var Frich nazist?

Øvre Richter Frich har blitt skulda for å vere både fascist og nazist. Ein kan kjenne igjen mykje av tankegodset frå desse ideologiane i bøkene. Men har skuldingane vore sanne?

Vi må tilbake til biografen for å få svar:

– Nei, Frich var verken fascist eller nazist. Han var ein individualist. Mange trur at nazistane fann opp desse tankane, men dei låg der allereie. Alle elementa låg klare, så var det berre å overdrive og spisse dei, seier Christoffer Hals Gylseth.

Sven Elvestad og Øvre Richter Frich

KRIMKONGAR: På bildet ser de to av dei mestseljande forfattarane i Noreg på starten av 1900-talet: Sven Elvestad, alias Stein Riverton, og Øvre Richter Frich. I motsetnad til Frich var Elvestad også eit politisk menneske, som hadde klare uttalte sympatiar med fascismen.

Frich likte seg best på utsida av samfunnet. Han heldt seg langt vekke frå alle parti, lag og foreiningar. Då han med dårleg økonomi fekk tilbod om å gi ut bøkene sine på eit nazistisk forlag, takka han nei.

Gjennom heile livet var fridomen det aller viktigaste. Han tente enorme summar på bøkene sine, men brukte opp pengane med ein gong på reiser, mat, drikke og sigarar.

Då Den andre verdskrigen braut ut, hadde Frich blitt ein gammal mann. Han budde i Sverige saman med kona si, og var prega av situasjonen i heimlandet Noreg. I eit intervju frå 1942 sa han at han ikkje lenger fann glede av å dykke ned i eventyret si verd, fordi krigen stadig overgjekk forfattaren når det gjaldt å skape uhygge.

Han døde 13. mai 1945, 73 år gammal, ei knapp veke etter freden kom til i Noreg. Etter Den andre verdskrigen begynte også mykje av vitskapen om ulike menneskerasar å endre seg.

Vi må tilbake til historikar Jon Kyllingstad for ei kort innføring: Korleis har eigentleg vitskapen stilt seg til denne tematikken dei siste 70 åra?

Ny kunnskap, gamle tankar

– I 1951 samla UNESCO saman leiande fagfolk for å skrive ei erklæring om rasar. (Erklæringa vart gitt ut på norsk i 1964 jour.mrk.) Hovudinnhaldet var at dei tok avstand frå å snakke om høgareståande og lågareståande rasar. Dei tok også avstand frå at raseblanding var eit problem, men sjølv om det vart diskutert, tok dei ikkje avstand frå sjølve ideen om at det fanst rasar, seier Kyllingstad.

Historikaren seier at det først på 70-talet for alvor begynte å kome motstand mot ideen om at menneska er oppdelt i ulike rasar. Eit gjennombrot kom i 1996, med ei erklæring frå den internasjonale organisasjonen American Association of Physical Anthropologists.

– Dei kom ut med ei ny erklæring som var framstilt som ein revisjon av UNESCOs raseerklæring frå 1951. Spørsmålet på dette tidspunktet var omdiskutert, men konklusjonen var at dei tok avstand frå raseomgrepet. I 2019 kom dei med enda ein ny versjon som var heilt eintydig: Rase er ikkje eit biologisk meiningsfullt omgrep!

Men om rase ikkje lenger er eit naturvitskapleg omgrep, kva er det da? Sjølve ordet lever i alle fall framleis.

– Innanfor samfunnsforskinga er rase framleis relevant, fordi det er sosialt relevant, og folk framleis har idear om rasar. I USA fører dei helsestatistikk etter rase, sosialstatistikk og veit til dømes kor mange svarte som sit i fengsel. I Europa er det, kanskje med unntak av Storbritannia, ikkje lenger vanleg å bruke ordet «rase» på den måten, men det betyr ikkje at folk har slutta å ha desse tankane i hovuda sine, seier Kyllingstad.

Øvre Richter Frich var ein stor formidlar av raseteoriar i Noreg i mellomkrigstida. Forfattaren trudde mest sannsynleg at han formidla viktig kunnskap om menneska gjennom bøkene om «Den blonde kjempe, Jonas Fjeld». I bøkene siterte han også hyppig ulike vitskapsmenn og forståingar som var vanlege i tida.

Ingen (i alle fall ikkje som vi veit om) kritiserte Frichs skildringar då bøkene først kom ut, fordi samfunnet vart djupt prega av dette tankesettet. Dei fleste av lesarane hadde heller aldri møtt nokon med annan hudfarge enn dei sjølve.

PS: I 2019 kom den britiske vitskapsjournalisten Angela Saini ut med boka «Superior: The Return of Race Science». I boka kjem ho med ein kraftig vitskapleg kritikk av ideen om ulike rasar. Ho viser også til at det framleis finst alternative retningar som baserer seg på at enkelte variasjonar av mennesket er overlegne og meir utvikla enn andre. Ikkje berre har denne forståinga overlevd, men i mange miljø er ho på frammarsj.

PPS: Høyr «Sagaen om Jonas Fjeld» i NRK Radioteatret her.

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel!

Anbefalt vidare lesing: