Horst Tappert på Hamarøy

NOREGSVEN: Atter andre har hytte her. Horst Tappert, kjent som den tyske detektiven Derrick, hadde hytte på Hamarøy og var svoren Knut Hamsun-fan.

Foto: Trygve Indrelid / Aftenposten

Noregsvenen og vi

Historia om ein liten nasjon på jakt etter kjærleik frå Derrick, Bonnie Tyler og Justin Bieber.

– Welcome to Norway! What is it that you love so much about this place?

Kjendis smiler høfleg til stotrande reporter og leverer ei nøye innøvd frase frå bak solbrillene:

– Oh wow ... There's so much. The nature, the fjords, the girls!

Reporter får stjerner i augo og spring tilbake til redaksjonen. Han har saka nesten ferdigskriven i hovudet og veit godt kva som skal stå i overskrift og bildetekst: Noregsvenen er på plass.

Vi har sett det skje tallause gongar, og vi elskar det. Utanlandske kjendisar som får status som noregsven berre dei set føtene på norsk jord, eller presenterer ein obskur fjern slektskap til ein norsk tettstad. Kven er denne gjengen, med lusekufte og briller på?

Eg vil undersøkje fenomenet, og dessutan finne ut kva som ligg bak Noregs desperate oppheng i kjendisvener. I baklomma har eg ein tese: I noregsvenen møter vi vår eigen skjøre sjølvtillit.

Bli med ned på djupna av vår felles nasjonale psyke.

Lissie på Lydverket

NOREGSVEN: Nokre har bygd karrierane sine her og er takknemlege for det. Som Lissie, som i 2013 uttalte: «Norge redder karrieren min». I eit anna intervju skrytte ho av norske menn. Lurt.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

Noregsvenen 1.0

Definisjonen av «noregsven» i Norske Akademis Ordbok er ganske avslørande: «utlending som er (eller blir oppfattet av nordmenn som) glad i Noreg». Den innskutte parentesen er vel så viktig som hovudinnhaldet i setninga, for det verkar å spele lita rolle om personen eigentleg er glad i Noreg. Her handlar det om vi kan tru på at vedkomande er glad i Noreg.

Ordbok-skribenten kunne forresten gjerne tatt med ordet «kjendis», for når eg søkjer i norske aviser, ser eg kjapt at det stort sett er kjente personar vi set pris på som vener, med nokre heiderlege unntak. Dessutan strekkjer noregsvenens historie seg heilt frå 1800-talet og fram til i dag; dette er altså ikkje berre ein 80-talsskapning.

Ifølgje Linda Eide-programmet «Norsk attraksjon» var den danske prinsen Christian August ein av dei første noregsvenene. Han blei rekna som landets redningsmann då han i 1808 utarbeida krigsplan mot Sverige. Etter at Christian August forlèt Noreg, skreiv nordmennene namnet hans inn i ein stein med dei etterfølgjande orda: «Noregs ven».

På 1900-talet blei ordet oftast brukt i avisene om rike, kongelege, politikarar og eventyrarar som kom til Noreg som turistar.

Keiser Wilhelm II

NOREGSVEN: Keiser Wilhelm II poserer med favoritthunden i eksil i Nederland, 1929. Keisaren styrte Tyskland frå 1888 til 1918, men likte seg like godt på Vestlandet i Noreg. Etter bybrannen i Ålesund gav han pengar til oppbygging av dei 850 husa som brann ned.

Foto: Ap

Under krigen blei omgrepet misbrukt i den nazi-sensurerte pressa, for det passa inn i propagandaen om ein «venleg» okkupasjon. 7. mai 1945 kan ein i Gjøviks Blad lese eit stakkarsleg forsøk på å forsvare krigshandlingane: «Hitler var også en oppriktig noregsvenn».

Eg held fram med å gå gjennom avisreportasjane, og ser at etter krigen, så blir fleire av utlendingane som risikerte livet for Noreg, løfta fram som noregsvener. So far, so good. Eg meiner, det er jo verkeleg venskap, å risikere alt for den andre. Men korleis hoppa vi frå dette og fram til superkjendisar som knapt har vore i Noreg?

Bruce Springsteen i Oslo

NOREGSVEN: Bruce Springsteen er sjefen i Noreg. Her etter ein konsert i Oslo i 2003.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Noregsvenen 2.0

På 80-, 90- og 00-talet kryp noregsvenen meir og meir inn i avisenes spaltar og får etter kvart ei dreiing mot kultur-, sport- og politikk-kjendisar. Det er lett å tenkje seg at stadig meir TV-underhaldning, globalisering, reiser og ein veksande norsk kulturbransje har noko med saka å gjere. Når karrierane døyr ut i moderlandet, eller platesalet går litt trått i USA og England, er det berre for artistane å hoppe på flyet og reise til bygdefest i Noreg.

Linda Evans

NOREGSVEN: Av og til er det nok å ha slekt i Noreg. Linda Evans spelte rolla som Krystle i såpeserien Dynastiet. I norgesvenens gullalder hyra Se og Hør ein slektsforskar til å finne informasjon om garden ho ætta frå, Evenstad. Deretter reiste dei til USA og presenterte funna for Evans, og skreiv sak.

Foto: JACK GUEZ / AFP

Nokre namn blir «stayerar» som kjem tilbake gong på gong. Bonnie Tyler kjenner kvart eit samfunnshus i grisgrendte strøk, TV-stjerna Derrick kjøper seg hytte i Nord-Noreg og Samantha Fox, artisten bak superhit-en «Touch Me (I Want Your Body)» engasjerer seg i innanriks luftfart. I 2017 går ho ut i fleire lokalaviser med protestar mot nedlegginga av Rygge lufthamn.

– Eg seier ikkje berre dette fordi at det var ei perfekt rute for meg til Østfold, men fordi det verkar heilt tragisk. Eg fekk heilt sjokk då eg høyrde at denne vitale og svært veldrivne flyplassen skulle leggjast ned, seier stjerna til Tønsbergs Blad.

Samantha verkar å vere del av ein gjeng som faktisk er glad i Noreg.

Jørn Hoel, Sissel Kyrkjebø og Samantha Fox under utdelingen av Spellemannsprisen for 1986

NOREGSVEN: Samantha Fox var hyra inn som prisutdelar på Spellemannprisen i 1988. Her flankert av (frå venstre) Jørn Hoel og Sissel Kyrkjebø. Fox er ikkje berre glad i Noreg, i 2021 blir det kjent at ho skal gifte seg med ei norsk kvinne. Tør vi drøyme om norsk statsborgarskap?

Foto: Hvaal, Morten / SCANPIX

Se og Hør

For mange er noregsvenen synonymt med vekebladet Se og Hør, som sidan oppstarten i 1978 har bydd norske lesarar på kjendisjournalistikk. På telefonen har eg redaktør Trond Stensåsen, ein blid og jovial type.

– Hold deg fast ... Eg har jobba her sidan sommaren 1983, seier han frå kontoret sitt.

Trond Stensåsen

Noregsvenen tilhøyrer ikkje Se og Hør åleine, som vi har sett, men vekebladet tok det heile eitt steg lenger då dei introduserte det norskaste plagget dei kunne finne til utanlandske kjendisar: Lusekufta.

– Inntil for nokre år sidan brukte vi store ressursar på å dele ut lusekufter til kjendisar og kongelege når dei var på besøk i Noreg eller vi oppsøkte dei i utlandet, fortel Stensåsen.

Medan vi snakkar, så sender han over dette oppslaget på e-post: Ein skamlaus eigenreklame for Se og Hør med 20 kjendisar avbilda med lusekufta i handa, ein slags noregsvenens créme de la créme.

Norgesvenner

NOREGSVENER: Alt som kan krype og gå har fått servert Se og Hørs lusekufte opp gjennom åra. No er det litt lengre mellom kvar gong, sidan reise- og lusekufte-budsjettet er stramma inn.

Foto: Faksimile: Se og Hør

Men, app-app-app! Du må ikkje tru at alle desse automatisk er noregsvener. Å, nei. Det skal LITT meir til, ifølgje Stensåsen.

– Om det kjem ein veldig kjent artist til Noreg og vi gir vedkomande ei lusekufte, så er det ei overdriving å kalle personen noregsven. Vi har ikkje utvatna omgrepet mykje. Kanskje berre ein tredjedel eller halvparten av dei vi deler ut lusekufte til, kan vi kalle noregsven.

Kvifor likar lesarane desse sakene? Stensåsen viser til vekebladets slagord: «Se og Hør gjør livet gladere».

– Noregsvenen, og lusekufta, går typisk inn i den sjangeren. Det er ikkje eitt negativt ord, det er gladsaker. Vi har alltid vore opptatt av at lesarane skal underhaldast. Død og dævenskap finn ein nok av i avisene og på TV.

Konseptet er dessutan ein del av journalistikkens DNA. Ein viktig del av nyheitskriteria som norske journalistikkstudentar blir trent i, er identifikasjon. Geografisk nærleik til stoffet aukar sjansane for at fleire vil lese. Det sit dermed i journalistens ryggrad å finne «den norske linken». Samtidig vil dei som har jobba på desken i ei eller anna avis kjapt oppdage at sakene er populære blant lesarar.

Stensåsen trur suksessen til desse sakene botnar i at folk vil bli betre kjente med stjernene og føle ein nærleik til dei. Eg testar min tese om at det handlar om eit lite land med behov for smiger utanfrå. Han humrar litt.

– Ja, nasjonalkjensle og ... Du får finne nokre velvalde ord.

Bonnie Tyler på Momarkedet

NOREGSVEN: Når Bonnie Tyler blir intervjua av NRK i 1992, presenterer journalisten ein tese om at nordmenn likar musikken hennar så godt fordi det er same type vær og menneske i Noreg og heimlandet hennar, Wales. Tyler ser litt forfjamsa ut, men hostar fram eit hyggeleg svar. Dette biletet er frå Momarkedet i 1986.

Foto: Inge Gjellesvik / NTB

Ingen sverigeven

Vi har blitt kjent med noregsvenen, men kan vi bruke han til å bli betre kjent med oss sjølve? Kva seier det om Noreg at vi er så desperate etter å få vener?

Dersom tesen min om at noregsvenen botnar i den norske psyke skal halde, må vi først sjekke om andre land har liknande konsept. Det blir nærliggande å ringe til landet vi likar å samanlikne oss med.

Johan T. Lindwall er sjefredaktør i Svensk Damtidning, Se og Hørs ekvivalent i Sverige. Han opplyser at dei dekkjer kjendisar som elskar Sverige, men at «sverigeven» ikkje er eit generelt uttrykk i befolkninga. Dei har heller ikkje noko svensk klesplagg som dei deler ut under intervju.

– Noreg vernar meir om denne type ting, er hans inntrykk.

Om ikkje Sverige er like opptatt av kjente vener, så held tesen min framleis. Det er på tide å booke Noreg inn til behandling.

Justin Bieber

NOREGSVEN: Justin Bieber har kanskje litt ufortent fått ryktet noregsven, i alle fall gjekk han av scena etter berre ein låt på Chateau Neuf i Oslo, 2015. Bieber-hysteriet førte til overskrifter a la: «Justin Bieber flaug over Sunnmøre».

Rick Kirkham snakker ut om hans opplevelse med å produsere Joe Exotics TV-program. Her er han i scene fra Netflix-serien Tiger King, der han blir intervjuet på Valkyrien på Majorstua i Oslo.

NOREGSVEN: Rick Kirkham blei nyleg kjent gjennom Netflix-serien Tiger King. Han bur no i Bodø og blir dermed kalla noregsven.

Lill-Babs

NOREGSVEN: Av og til er det nok å kome frå Sverige. Artisten Lill-Babs opptredde jamleg i Noreg frå 50-talet og fram til sin død i 2018. I nokre år var ho gift med den norske landslagskeeperen i fotball.

Randy Crawford og Ivar Dyrhaug

NOREGSVEN: Randy Crawford blir intervjua av NRKs Ivar Dyrhaug på Momarkedet i 1986. Ho turnerte og spelte inn album med det norske bandet Lava.

Katie Melua

NOREGSVEN: Katie Melua har selt masse plater i Noreg. I 2006 spelte ho konsert 300 meter under havet, i Equinors Troll A-plattform i Nordsjøen.

Suede i Oslo

NOREGSVENER: Britpop-bandet Suede fotografert i Oslo, 1993.

Leonard Cohen

NOREGSVEN: Kanadiske Leonard Cohen forelska seg i norske Marianne Ihlen og skreiv låten «So long, Marianne». Han har eit stort publikum i Noreg.

Chick Corea på Moldejazz

NOREGSVEN: Chick Corea, kjær noregsven, døydde nyleg. Jazzmusikaren samarbeida i mange år med Trondheim Jazzorkester og blei utnemnt til æresdoktor ved NTNUs jazzlinje.

Chris Medina

NOREGSVEN: Amerikansk-norske Chris Medina slo gjennom i American Idol, men reiste så til Noreg og toppa listene her. I 2019 iførte han seg Bobbysocks-kostyme før sin eigen opptreden i Melodi Grand Prix, og skaffa seg kanskje nokre ekstrapoeng?

Kjell Magne Bondevik og Kofi Annan

NOREGSVEN: Kofi Annan (til høgre) var FNs generalsekretær og mottok Nobels fredspris, men viktigst av alt? Han likte å vere i Noreg. I 2003 ferierte han i Lofoten med Kjell Magne Bondevik.

Noreg på divanen

Vi legg langstrekte Noreg på divanen til psykologspesialist Karsten Ekren. Eg skildrar pasienten for han: Ein som er veldig opptatt av å ha mange kjente vener. Kva tenkjer han då?

– Eg ville jo tenkt at det var ein litt umoden måte å markere seg på, og så hadde eg blitt nysgjerrig på kvifor det å pynte seg med kjente vener har blitt viktig for vedkomande. Er det eit uttrykk for at det har vore mangel på vener tidlegare?

Psykologspesialist Karsten Ekren

Eg tenkjer på det unge landet, ein kulturell parentes, som blei sjølvstendig i 1814, var i union med Sverige fram til 1905, og okkupert under krigen. Heilt nord ut mot kysten. Jau, det kan nok hende det var mangel på vener.

Miljøet vedkomande veks opp i, kan også ha noko å seie. Er det stort fokus på å markere seg gjennom kjente vener? Jau, Noreg har heile vegen måtte bevise rett til eigen eksistens som lilleputt i Skandinavia, stadig styrt av storebrør Sverige og Danmark.

Earle Hyman

NOREGSVEN: Og ein ekte, såleis. Earle Hyman lærte norsk på New York University fordi han ville lese Ibsen på originalspråket. Han fekk også norsk sambuar. Så blei han superkjendis som bestefaren i «Cosby Show.»

Foto: BJ\RN SIGURDS\N / NTB scanpix

– Kanskje har Noreg fått ei oppfatning om at det held ikkje berre å vere meg. For at eg skal vere verdt å elskast, så må eg oppnå dette, seier Ekren.

Her tenkjer eg på Jantelovas første bod, som seier at du ikkje skal tru at du er noko. Ved første augekast kan noregsvenen verke som det motsette, men ser ein nærmare, så heng dei to kanskje saman på eit vis? Om ein trekk seg sjølv ned, så har ein kanskje større behov for at andre skal dra ein opp. Karsten Ekren gir meg noko rett i tesen på telefonen.

– Det kan vere at ein markerer seg gjennom andre fordi ein veit ein kan bli slått hardt ned på viss ein sjølv blir for prangande.

Dessutan gir venskap stadfesting. Som Ekren forklarar:

– Det å ha vener, og kva type vener du har, er eit signal til seg sjølv og andre om kven ein er.

Smokie

NOREGSVENER: Smokie på noregsbesøk i 2001. Det er framleis sett på som svært å få besøk av Smokie, sjølv om dei vel strengt tatt ikkje er verdas mest kjente band utanfor Noreg.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Slik tar Noregs lengt etter stadfesting form av ein tidvis ekte, tidvis imaginær venskap med kjendisar. For kven er vi, med Bonnie Tyler som besteven? Jau, ein som blir sett, som betyr noko i den store verda. Likevel er det noko rart med ein venskap der møta er bestemt utifrå turnéplanar og premieredatoar, og berre den eine part reiser på besøk til den andre. Du ringer, men han tar berre telefonen når han har noko på hjartet.

Eg føler meg uttømt og fornøgd etter å ha lagt Noreg på divanen til psykologspesialisten. Men som i enkelte psykologtimar er vi ikkje ferdige før vi har spurt: Kva tenkjer du om vegen vidare?

Little Steven i Lilyhammer

NOREGSVEN: I eit Dagbladet-intervju i 2012 tok Little Steven æra for å ha introdusert Noreg til utanlandske artistar. Han har spelt her jamleg sidan 80-talet, gitt ut fleire norske band, hatt radioshow og ikkje minst, medverka i Netflix-serien Lillyhammer, som sette Noreg på TV-kartet.

Foto: Nyhetsspiller

Ein renessanse for noregsvenen

No har vi våre eigne stjerner ute i verda. Får vi mindre behov for noregsvenen i takt med at vi sjølve tar vår plass i verda?

Vel. Nokre har eit utømmeleg behov for å bli assosiert med kjente folk, uansett kor mykje suksess dei sjølve opplever. I avissøket ser eg at noregsvenen duppar opp og ned i norske aviser som ei blåse på uklar sjø. Nokre år er han veldig til stade, andre gongar meir fråverande. 2013 og 2009, for eksempel, er knallår for skapningen i norske aviser, godt dratt fram av besøk av Usain Bolt, Bruce Springsteen og Little Steven. Det skal ikkje meir til enn to storfine besøk av ein verkeleg kjendis før ordet gjer eit jafs oppover i spaltene.

Usain Bolt i Il Tempo Gigante

NOREGSVEN: Sprintaren Usain Bolt entrar Bislett Games i nasjonalklenodiet Il Tempo Gigante kjent frå Flåklypa Grand Prix. Kva meir kan vi ynskje oss?

Foto: Lise Åserud

2021, derimot, har vore eit bekmørkt år for noregsvenen, med stengde grenser og pandemi. Sidan sist Bonnie Tyler stod på norsk jord i februar 2020 har det knapt vore noregsvener på besøk. Tør vi spå eit oppsving når pandemien er slutt og landegrenser og lommebøker opnar seg?

Eg set pengane mine på at dei utsvoltne, aldrande stjernene set kursen mot Noreg. Som eit rusmiddel vil dei fylle årene våre med pågangsmot, før vi dagen derpå kjenner på skamfølelsen for at vi i ei kort stund trudde vi var noko. Og sånn går pendelen opp og ned, medan Bonnie held fram med å syngje «Total Eclipse of The Heart», som toppa VG-lista fem veker i 1983:

«And I need you now tonight
And I need you more than ever
And if you only hold me tight
We'll be holding on forever».

Du vil kanskje også like å lese:

Hei!

Har du tilbakemeldingar eller tips til nye kultur-saker? Om du likte det du las, kan du sjekke ut nokre av mine andre saker, som for eksempel «Spelet om Munch» og «Mannen som revolusjonerer Vogue».