Hopp til innhold

Har besøkt same hotell i 67 år: – Noregsvenn på sin hals

Engelske Gertrude Mary Looi (90) har overnatta på det same norske hotellet i 67 år. No har ho feira at ho er blitt 90 år i Geiranger, med venner frå heile verda.

Gerterude Looi

Gertrude Mary Looi er lærarinne, forfattar, botanikar og driv med aksjar, men først og fremst lever ho for å besøke Noreg.

Foto: Remi Sagen / NRK

I 1952 kom ei ung lærarinne frå England på besøk til Hotel Union Geiranger på Sunnmøre. Då visste ikkje den 14 år gamle pikkoloen Karl Mjelva, som seinare blei hotelldirektør, at ho skulle bli ei trufast kunde.

– Vi har mange turistar her gjennom året, men vi har ingen som miss Looi. Ho er spesiell. Veldig hyggjeleg og omgjengeleg dame, seier Mjelva.

Hotel Union Geiranger

Hotel Union Geiranger er frå 1891. Hotellet er opphavleg bygd i sveitsarstil, men er ombygd fleire gonger.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Ho kom med tre andre lærarinner over fjellet til hotellet. Den tidlegare hotelldirektøren hugsar at det var surt og kaldt, og at dei var glade for å kome i hus. Nokre år seinare kom ho igjen med 72 elevar.

Karl Mjelva

Karl Mjelva er ein av fire generasjonar Mjelva som har drive hotellet i Geiranger. Då han møtte Gertrude Looi var han 14 år gammal og pikkolo.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Ho er eit eventyrleg menneske og har kome her i alle år. Ho er fantastisk klar og hugsar kvar minste ting. Vi seier at ho er familie, seier Mjelva.

Blitt ein del av familien

Den engelske kvinna har blitt glad i Noreg og spesielt Geiranger, der ho har blitt ein del av familien som har drive det æresverdige hotellet frå 1891 gjennom fleire generasjonar.

– Det er menneska som gjer at eg kjem igjen. Også er det landskapet, det er som himmelen, seier Looi.

Heil sidan ho var barn drøymde ho om å reise til Noreg, og mange turar har det blitt. Ho har ikkje tal på kor mange turar ho har reist med Hurtigruten, og ho har bestilt to turar til langs kysten i år.

I 2005 var Looi også med på dokumentarserien Hurtigruten 365.

Looi i Geiranger

Den engelske kvinna har blitt som ein del av familien Mjelva, som har drive Union Geiranger i fire generasjonar.

Foto: Privat

Reiser mellom Geiranger og Singapore

Dette trass i at ho bur i Singapore og må reise mange timar og slit med jetlag kvar gong ho reiser.

– Noreg er sentrum av livet mitt, eg vil berre vere i Noreg, seier Looi.

90-åringen fortel at ho ikkje kan flytte hit permanent fordi ho har så mange jern i ilden med den botaniske hagen i Singapore. Den engelske kvinna driv også med aksjehandel der.

Til Geiranger har ho kome så og seie kvart einaste år, med nokre få unnatak når ho har vore svært oppteken i Singapore. Men no besøkjer ho Geiranger opptil fleire gonger årleg. No er i ho i Geiranger for tredje gong dette året.

Fossevandring i Geiranger

Gertrude Looi synest Geiranger er ein komfortabel heim å kome tilbake til, med nydelege hagar og vakker utsikt, sjølv på skuffande dagar. – Her om dagen var vassfalla majestetiske, eg har aldri sett dei så vakre, trass i tåka, seier Looi.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Skrive to bøker om Noreg

Her på hotellet ho har besøkt så mange gonger er venner samla frå Australia, England, Signapore og Noreg for å feire 90-åringen, som har skrive to bøker om Noreg.

– Eg trur ikkje eg har møtt noko menneske som kan meir om Noreg enn henne. Ho er Norgesvenn på sin hals, seier Hanne Mari Nyhus, som er ein av gjestene i selskapet.

Hanne Mari Nyhus

Hanne Mari Nyhus fortel at Looi er veldig kunnskapsrik og samfunnsengasjert, og veldig klar i hovudet til å vere 90 år gammal.

Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL