Hans Egede i Grønland

Hans Egede i Grønland. Illustrasjon frå Danmarks Historie i Billeder frå 1898.

Foto: Danmarkshistorien.dk

Galskap og gørr på Grønland

Når Kim Leine dykkar ned i den dansk-norske kolonihistoria, finn han alt det ein kan vente. Og fantastisk mykje meir.

Her er galskap, kåtskap og rotenskap, her er sjamanisme, gørr, og hundre måtar å døy på. Om han smørjer vel tjukt på kan nok diskuterast, men sikkert er det at hjå Leine er det mykje av alt, særleg i dei store romanane hans. «More is more» ser ut til å vere mottoet han skriv under, eit motto som kan føre ein forfattar lukt i det spekulative effektmakeriet. Vår mann kjem unna med det – og haustar prisar av finaste slag attpåtil: For «Profetene i Evighetsfjorden» fekk han Nordisk råds litteraturpris. Med god grunn, noko eg skal kome tilbake til.

Men først romanen «Rød mann/sort mann», del to i ein planlagd trilogi som starta med nettopp «Profetene i Evighetsfjorden».

Kva er det Leine gjer?

«Rød mann/sort mann» er ein utprega rik roman. Med det meiner eg at alle forsøk på å plukke ut kjernen, vil føre på ville vegar. Ein historie om Grønland på 1700-talet? Heilt klart. Ei historie om kolonialisme på dansk maner? Absolutt. Ei historie om religion og drifter og alt det som styrer eit menneske? Det også. Ei studie i fedrar og søner? Utan tvil. Ei godt snekra skrøne? Ikkje minst det.

Her ligg det lag på lag nedover, og på overflata ligg språket og lurer. Leine brukar eit stort spekter både når det gjeld språk og stil, og er ikkje redd for verken patos eller satire. Eller splatter-effektar, som eg var inne på innleiingsvis. Likevel: Når han sprøyter blod og gørr over sidene og marinerer einskilde detaljar i liksaft, så er ikkje dette eit poeng i seg sjølv, det er heller ein metode for å inkludere fleire sansar hjå lesaren: Romanen rører ikkje berre ved hovud og hjarte, men også ved magen. Det skal ei kolonihistorie gjere.

Utan å vurdere kor etterretteleg Leine er, kjenner eg meg ganske trygg på at jamne lesarar både i Noreg og Danmark vil auke kunnskapen sin om livet på Grønland ved å lese dei to binda av trilogien som til no er ute. Det er heller ikkje å forakte.

Ein nordnorsk misjonær blant danskane

Forfattaren set det heile i gang litt før året 1730. Den nordnorske misjonæren Hans Egede har allereie budd på øya nokre år, utan at arbeidet hans har bore særleg frukt. Grønlendarane forstår ikkje heilt poenget, men han må gjerne kome på besøk, fortelje om guden sin og få eit måltid mat.

Inn på denne relativt fredelege scenen kjem brått eit heilt koppel av danskar. Dei skal byggje opp ein koloni. Grønlendarane skal bli gode kristne som resten av kongens undersåttar så klart, men i koloniar kan det også finnast rikdommar på hav og land. Og her kan ein gjere karriere som kongens sendemenn eller som handelsfolk.

Leine har eit skarpt blikk for dei som blir rista saman i den nye kolonien: Du har den forfengelege og forfylla guvernøren, legen som lite kan gjere når mengder av folk berre legg seg ned og døyr, den epileptiske jenta som stadig får besøk av kåte menn når ho har hatt anfall og ikkje kan yte motstand og ikkje minst: den grønlandske adoptivsonen til Hans Egede, som kjem i heftig skvis mellom to kulturar, to religionar og to fedrar.

Kven fleire? Jo, københavnske tukthusfangar som blei bortgifta til lause kvinner etter loddtrekningsprinsippet like før skipsklokka klang. Og naturlegvis inuittane, som ser med ei viss forvirring på alle desse u-inviterte folka som insisterer på at dei har makt over kroppar og sjeler sjølv om dei dokumenterer ein lysande inkompetanse når det gjeld å overleve under lokale forhold.

Konfliktar på kryss og tvers

Handlinga i «Rød mann/sort mann» er sett saman av mange historier om slikt som skjer når dei ulike individa og gruppene skrubbar mot kvarandre. I dette samfunnet som før heitte Nuuk men som no skal heite Godthaab, veks det fram konfliktar på kryss og tvers, storslåtte misforståingar, sannsynlege og usannsynlege alliansar og dessutan individuelle overlevingsstrategiar. Dei siste handlar ofte om brennevin eller indre eksil, eller begge deler.

Leine gjev oss tilgang til tankane til dei mest sentrale personane i dette kollektivet. Det er uhyre fengslande: Her har vi nemleg ein forfattar som veit uvanleg mykje om det han skriv om: ikkje berre har han budd på Grønland i mange år, han har også lese relevante bøker som han listar opp bak i boka. Ikkje strengt tatt nødvendig i ein roman, men likevel ein god ide. Så veit vi at fiksjonen er bygd på eit fundament av faktakunnskap. Den som vil vite kva som er kva, må studere skriftene.

Grønland kosta meir enn det smakte

Når ein forfattar frå ei tidlegare kolonimakt skildrar forholdet, skriv han seg inn i eit minefelt: Er han for streng eller for mild med kolonimakta? Blir dei innfødde oppfatta som ville, eller kanskje barnslege? Ser forfattaren kloke naturmenneske eller ignorante og fortapte sjeler som treng hjelp frå siviliserte?

Leine legg seg nokså balansert i midten her. Danskane er malplasserte på Grønland, men dei er ikkje despotar. I denne romanen som altså er lagt til tida for kolonialiseringa tidleg på 1700-talet, verkar det som om dei har meir enn nok med seg sjølve: her er sjukdom, død og galskap i rikt mon. Berre det å få bygd hus før veret slår seg vintervrangt byd på store utfordringar.

Rettnok dryp det temmeleg tjukk satire ned over den lusete parykken til guvernøren, som forvaltar makta på eigennyttig og stupid vis: Misnøye i mannskapshuset? Hev den daglege brennevinskvota. Framleis nokon som murrar? Køyr på med ein salutt! Legg dei seg ned og døyr? Sei dei skal slutte med det!

I den duren driv han prosjektet i grøfta, der det nok uansett hadde hamna før eller sidan. Grønland kosta meir enn det smakte for kongen. Dessutan var det livsfarleg å leve der på godt, dansk vis: Dei som ikkje tek til seg kunnskapen til grønlendarane, døyr. Det er ikkje intuitivt naturleg for ein danske å ete innhaldet i magesekken på nyslakta dyr. Skal du halde skjørbuken frå livet er det likevel nødvendig, for ta eit banalt, men illustrerande døme. Men er alt grønlendarane gjer, verkeleg nødvendig? Dei kristne støyter på problem.

Den svarte mannen og den raude

Ein dansk ung mann ser at yngre kvinner jagar ei eldre kvinne på dør. Ho er ikkje lenger til nytte og må døy. Den unge mannen blir opprørt og bergar den gamle kvinna. Som god kristen vil han verne den svake og berge livet til den forsvarslause. Når han dreg vidare eit par dagar seinare jagar dei henne på ny, og tek livet av henne i same slengen. Er denne varianten av ættestup ok fordi det er tradisjon i ein kultur der det er knapt om ressursar? Eller regelen om å drepe fiendar når dei har snudd ryggen til. Er det ein heilt grei regel?

Leine let slike spørsmål liggje opne. Kolonimakta Danmark er malplassert på Grønland, men landet dei kom til var ikkje Eden før syndefallet.

Og her snublar vi over dei to skapningane frå tittelen: den svarte mannen og den raude. Den svarte er presten Egede med svart prestekjole og Guds ord i ei bok, den raude er sjamanen Aappaluttoq. Ein gåtefull – for ikkje å seie eksotisert – skapning som glir usynleg inn og ut av alle samanhengar og som veit alt. Leine gjev dei begge gode kort på handa, her er forfattaren i sitt ess. Kampen mellom dei to er ein kamp mellom to ulike religionar, det er ein kamp om korleis ein skal leve på Grønland og det er ein kamp om eit barn: Den raude er biologisk far, som den svarte har adoptert på nokså uklart grunnlag.

Gørr og glitter

Og då er vi over på biologien, som spelar ei stor rolle i Leines litterære univers. Visst har du Gud og Luther og kongen og guvernøren og presten. Visst har du teologi og moral på dansk og på grønlandsk. Visst har du tabu og lover og gjerne personlege ideal på kjøpet. Men så er det desse driftene.

Og då handlar det naturlegvis om driftene som får somme menn til å oppsøkje kvinner i djup løynd, og andre menn til å oppsøkje menn i endå djupare løynd. Du får fedrar som tuktar søner, drivne av kompliserte krefter djupt inne ein stad. Og du får dei som går over streken i attrå etter rikdom, ære, ros, makt.

Og kvinnene? I denne romanen manøvrerer dei så godt dei kan. For ei kvit kvinne er det å bli tatt med buksa nede i ein koloni du ikkje kan flykte frå, verre enn å gå med lengsler som ikkje går i oppfylling. Og så har du Sesi, ein av dei lause fuglane frå København som ikkje greier å ha sex utan betaling. Ektemannen er nøydd til å betale ein viss sum kvar gong. Ein gong hore, alltid hore tenkjer Sesi og legg seg opp ein pen liten kapital.

Berre å gle seg til den siste romanen!

Kim Leine sit med kunnskap dei færraste av oss har, om det som faktisk er del av norsk historie frå den såkalla dansketida. Med episk driv, sterke fargar og alle tenkjelege kroppsvæsker målar han eit menneskeleg og politisk drama på breitt lerret. Forfattaren ler av dei som fortener det og viser medkjensle med offera. Men mest er han ein litt distansert tilskodar som let seg fascinere av alt folk har for seg. Og fascinasjonen smittar. Her er det berre å gle seg til den tredje og siste romanen.

Anbefalt vidare lesing