NRK Meny
Normal

Hviske i mørket

Det er ein god regel å lytte når nokon kviskrar. Det er også ein god ide å sjå opp når Gunnar Kopperud no kjem med romanen ”Hviske i mørket”.

Gunnar Kopperud: Hviske i mørket. Gyldendal 2008
Foto: Gyldendal forlag

Gunnar Kopperud har bakgrunn som utanrikskorrespondent og krigsreportar. Dette ser ein tydelege spor av i bøkene hans, der handlinga like gjerne er lagt til Asia eller Afrika som til den norske kvardagen. Og denne gongen er det Afrika.

Ja, det er Afrika, men det er også Karibia og ikkje minst er det Noreg eller meir presist: Danmark-Noreg. Året er 1770, og det vesle kongedømet i utkanten av verda sit med koloniar blant anna i det såkalla Vest-India. Men for å drive plantasjane der, trongst arbeidskraft, og her kjem Afrika inn. 85.000 slavar vart frakta på dansk-norske slaveskip frå Vest-Afrika til koloniane, ei historie som ikkje akkurat er overeksponert i norske historieverk.

Drep eller bli drept

Dette er dei tørre bakgrunnsfakta, som du ikkje får i romanen til Kopperud. Det kan tvert i mot verke som det er eit poeng å ha med minst mogleg om kvar ting skjer og nøyaktig kva som faktisk skjer. Dette kan vere irriterande i starten, men det viser seg å ha ein veldig god effekt: Vi er på usikker grunn, og der deler vi skjebne med fleire av personane. Menneske som har mykje felles med oss, blir gradvis i stand til å utføre uhyrlege handlingar for å - ja for kva eigentleg? Til sjuande og sist kanskje berre for å overleve. Drep eller bli drept.

”Gribbene skrek, langtrukne, hese skrik, enten for å markere revir eller varsle om blodferske lik. Nå kunne han også høre elven der nede, og rop fra et stryk, rop fra et stryk og deres egne skritt, deres egne skritt, deres egne skritt og deres egen pust, hivende, nesten hikstende. Det er ett av menneskehetens store mysterier at det sorterer og holder tilbake inntrykk når omstendighetene blir for ekstreme; et eller annet sted der inne er det en siste instans som vurderer og forsinker og slipper fram bare litt og litt, først bildene, ett og ett, så lydene, én for én, og på den måten redder vi oss, på den måten går sikringen bare hos noen, ikke hos alle.” (s 72)

Her på slutten var det vel kanskje ein erfaren krigsreportar som tok over, men hovudpersonen i romanen, han som høyrer gribbane, er den norske teologistudenten Christian Werle. Etter at far hans går konkurs har han ikkje råd til å avslutte studiane, men viss han jobbar tre år med å døype slavar i Afrika kan han tene nok til å få eksamen og bli prestevigd.

Stor oppleving - stor utfordring

Spørsmålet er: Kva skjer med ein norsk teologistudent i møte med slavehandel, korrupsjon, afrikanske stammeskikkar, tropesjukdomar og ingen faste haldepunkt utanom Bibelen i dansk utgåve? Vil han stå fast i trua og døype slavar i tre år for så å børste Afrikas støv av prestekappa og reise heim? Vil han ta etter brutaliteten til slavehandlarane, eller vil han ”go native” som det heiter, skaffe seg ei afrikansk kvinne, leve etter lokale skikkar og bli der?

Gunnar Kopperud kan meir enn sitt fadervår og let oss ta del i så vel teologiske stridar ved Universitetet i København som skildringar av livet, levekåra og ikkje minst tenkemåten til dei ulike gruppene som finst der slavar skal fangast, døypast og skipast ut.

Historia er konkret i detaljen, diffus i konturane, etsande i skildringa av opplevingane til stud. theol. Werle og allmenn i tematikken. Dette gjer boka både til ei stor oppleving og ei stor utfordring. Den største utfordringa er likevel å forholde seg til det pessimistiske menneskesynet som ligg under her, og som går ut på at kvart menneske kan bli til eit monster berre forholda blir ekstreme nok.