Anaïs og Astrid. Ingress 3
Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

Draumen som brast

Dei hadde jobba mot dette sidan dei var tre år gamle. I år skulle dei vere på toppen av livet. Men slik vart det ikkje.

Den Norske Opera & Ballett, Oslo, 10. mars.

Det er 40 minutt til ei av årets mest ambisiøse framsyningar startar. Astrid Lyngstad er blant dei som kjenner stemninga på kroppen der ho står og varmar opp i studio, nokre etasjar ovanfor den store scena i Operaen.

Ho skal snart skifte til tettsitjande tights, og ein kvit overdel med glitrande fargar på. Ei drakt som framhevar den smale midja, og ikkje minst dei grasiøse armane hennar.

Men atmosfæren er ikkje heilt slik han plar å vere.

Saman med kollega og venninne Anaïs Touret har Astrid trent tallause timar opp mot dette augeblikket. Eit augeblikk ho har lengta etter i fleire månader allereie. Månader? I heile hennar 21 år gamle liv.

I kveld er det Astrids store kveld i premieren av program to av meisterverket Mesteraften x 12 Nasjonalballettens eigen festival. Anaïs skal opptre i ei av framsyningane seinare i festivalen.

Astrid har vridd kroppen sin i unaturlege posisjonar. Terpa på bevegelsar. Om igjen. Og om igjen. Kjent på smerte. På sveitte. På kalde, harde flater og varme, andpustne kroppar. Alt for å kome hit ho er i dag.

Anaïs og Astrid
Foto: Cicilie S. Andersen / NRK


Nå skal ho endeleg formidle lidenskapen sin til publikum, fengsle dei med elegansen ho innehar. Ho sjekkar at håret ligg perfekt. Dei andre ballettdansarane tullar med at ho er altfor nøye med håret. Dei ler saman.

Men, det blir ingen kunst denne kvelden. Ingen nærleik til publikum. Ingen applaus.

Berre nokre minutt før premieren, før sceneteppet skal gå opp får Lyngstad og resten av ensemblet beskjed om at kveldens framsyning er avlyst.

– Vi var sjokka. Skjer dette verkeleg?

På nokre sekund var det som om nokon tok draumane, trakka, knuste og spytte på dei.

Anaïs Touret og Astrid i studio. Anaïs i spagaten
Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

Også for 22-år gamle Anaïs vart det ein mørk aftan. I løpet av våren skulle ho framføre nokre av dei største rollene i karrieren hittil. Plutseleg var framtidsplanane lagt i grus.

Koronaen hadde for alvor kome til Noreg, og med fare for smittespreiing måtte Den Norske Opera & Ballett avlyse alle framsyningar fram til september.

For ein ballettdansar råkar det ekstra hardt, og kan vere avgjerande for framtida. Yrket er ein konstant slitasje på musklar og sener – ein slitasje som resulterer i svært korte karrierar. Pensjonsalderen er på 41 år.

Derfor tel kvart einaste år.

Og i år var året Astrid og Anaïs verkeleg skulle skine på scena. Og det har kosta.

– Vi hadde trena på dette sidan jul. Vi hadde øvd uendeleg mange timar for å gje det beste vi kunne til publikum.

– Noko av det tøffaste eg har opplevd

Anaïs innsåg tidleg at ballett ville ha stor inngriping i livet. Berre 11 år gammal reiste ho frå familien sin i den vesle byen Rocbaron for å gå på ballettskule i ein framand storby. Marseille.

Anais Touret som lita på Ecolde de danse de Rocbaron

Anaïs Touret ville eigentleg slutte då ho var ni år gammal. Men ballettrenaren hennar såg potensialet ho hadde, og oppfordra ho til å fortsetje.

Anaïs trener på ballettakademiet i Marseille

På ballettrening ved Ecole National Superieure de Danse de Marseille. Anaïs Touret flytte heimanfrå 11 år gammal for å satse på ballett.

Anais på Princess Grace Academy

Frå ho var 14 til 18 år gjekk Touret på Académie Princesse Grace i Monte Carlo. Ho var ein av to franske som kom inn, resten var internasjonale dansarar.

Anais dansar Askepott på Princess Grace academy

Anaïs Touret dansar Askepott på Académie Princesse Grace i Monte Carlo.

Nokre år seinare, då ho fylte 14 år, flytte ho til Monaco for å gå på det prestisjetunge Académie Princesse Grace i Monte Carlo. Ho var berre ein av to franske dansarar som kom inn, resten kom frå alle kantar av verda, frå Japan til Brasil.

Akademiet i Monte Carlo var til tider knalltøft. Anaïs innrømmer at det var ei vanskeleg avgjerd å ta. Her var det «make it or break it», det var ingen veg attende.

– Det var noko av det tøffaste eg har opplevd. Men det var også den beste skulen eg har gått på. Det var hard disiplin og mange reglar, fortel Anaïs.

Det var ballett frå åtte om morgonen til sju om kvelden. Av og til starta dei dagen før sola stod opp for å drive med «soft training» som pilates eller liknande. I tillegg kom skulearbeidet.

Det var overvakingskamera i alle studio, slik at direktøren kunne følgje med på treninga deira frå kontoret sitt.

Tåspisssko ved spigel

Dei måtte også følgje ein streng diett, og fekk ikkje lov til å ete mellom dei tre faste måltida.

Anaïs prøver tåspiss-skoa.

Kvar månad var det vektkontroll. Viss dei fekk beskjed om å slanke seg, var det vektkontroll kvar veke til dei hadde nådd målet. Det heile var i samråd med ernæringsfysiolog.

Anaïs prøver tåspiss-skoa.

– Dei braut oss ned

Kjærast var heller ikkje lov. Men Anaïs hadde ein kjærast som ho heldt skjult. Dei måtte vere gode førebilete for dei yngste. I vekedagane var den einaste fritida dei hadde mellom kl. 19-22.00.

Frå laurdag ettermiddag og ut helga fekk dei derimot eit pusterom. Anaïs var blant studentane som budde nærmast heime, det var berre to timar køyreveg heim. Men ho var som regel for sliten til å reise heim berre for éin dag.

Anaïs hadde fleire samanbrot, spesielt i det tredje og det fjerde året. Men ho stramma hestehalen og knytte tåspiss-skoa hardare enn før, og gav alt for å kome seg gjennom det.

– Dei braut oss ned, og bygde oss opp igjen. Det var mental trening som gjorde oss rusta til å takle utfordringar. Du kan seie og gjere kva du vil med meg i dag. Eg kjem ikkje til å heve eit augebryn.

Ho fortel vidare at direktøren på skulen ikkje berre var ein sjef, men ein rettleiar i livet. Ein som brydde seg og tok vare på ho og dei andre studentane.

– Eg vil understreke at Princess Grace Academy var meir som «livets skule». Det var ein skule som lærte oss meir om livet og korleis handtere det, enn om ballett.

Anaïs Touret ved barren

– Sjølv om det av og til kunne kjennest ut som ein militærskule, er eg takksemd for alt eg lærte.

Anaïs på Operaen

– Eg hadde ikkje vore her eg er i dag hadde det ikkje vore for denne skulen.

Anaïs på Operaen

Likevel kjenner ho på at ho har ofra mykje. For foreldra har det også vore hardt. Anaïs er det einaste barnet dei har, og ho reiste frå dei tidleg. Men i år var året ho endeleg skulle få betalt for slitet.

Ingen dans på roser

Medan Anaïs måtte gjennomgå nokre tøffe år i oppveksten, fortona det seg ganske annleis for Astrid Lyngstad.

For medan Anaïs fort måtte lære seg å leve borte frå dei ho elska, hadde Astrid alltid nokon å kome heim til. Ei mor og ein far som laga mat, vaska klede og la til rette for at ho skulle bli best mogleg.

– Familien har betydd mykje for meg. Dei har støtta og oppmuntra meg heile vegen. Og dei har ordna mykje av det praktiske. Eg har kome heim etter framsyning, ved midnatt, og då har middagen stått klar.

Astrid Lyngstad med familien.

Astrid byrja på ballett berre tre år gammal, og ho har vore dedikert sidan.

Astrid ute ved havet

– Eg er ikkje ein person som gjev opp. Eg brukar både gode og dårlege opplevingar som motivasjon. Det trur eg er den største styrka mi.

Astrid ordner skoene sine

– Eg er nøyaktig. Eg er ein perfeksjonist. Men eg trur alle ballettdansarar er perfeksjonistar.

 

Astrid er perfeksjonist

Men det har ikkje alltid vore ein dans på roser for Astrid heller. Ho har måtta gjort prioriteringar mange på hennar sin alder slepp å gjere.

For to år sidan gjekk ho glipp av urnenedsetjinga til bestemora si. Ho valde å prioritere framsyninga Onegin med ungdomskompaniet Nasjonalballetten UNG.

– Det var sårt, og vanskeleg å ikkje vere med familie og venar den dagen. Men det kjentest likevel ut som eit riktig val, og eit nødvendig val å gjere.

– Det kan vere hardt til tider. Eg har av og til spurt meg sjølv kvifor eg orkar å gjere dette.

– Det var som tortur

I enkelte periodar er det framsyningar fleire gongar om dagen, og jobben blir altoppslukande.

Anaïs Touret og Astrid danser for den norske operaen. med barre

Men nå er alt sett på vent. Dansarane jobbar nå berre 30 %, og brukar denne arbeidstida på å trene og halde seg i form.

Anaïs og Astrid i mørket

I midten av april fekk dansarane så smått lov til å rullere på å trene i studioa.

Anaïs og Astrid i mørket

Alle må trene kvar dag, både eigatrening og fellestrening. Fellestreninga har dei løyst gjennom streaming på ei lukka gruppe berekna for profesjonelle dansarar over heile verda.

Anaïs Touret og Astrid danser ved barren

– Vi har mista alt, på ein måte. Vi kan ikkje skape, øve eller opptre for eit publikum. Men vi må vere tolmodige, vi får ikkje gjort noko med det, seier Anaïs.

Dette skulle verkeleg vere året for ballerinaene, men no er alt lagt på is.

Anaïs skulle for fyrste gong danse pas de deux – altså duett – under Mesteraften x 12. Det er berre dei beste dansarane som får æra av å danse i par på scena.

Anaïs og Astrid
Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

– Det var ein draum. Eg hadde aldri trudd eg skulle få rolla, så då eg såg at namnet mitt stod på lista var eg veldig glad og stolt.

I tillegg hadde ho fått ei av sine største roller hittil i ballettoppsetjinga av Kylian.

– Det var forferdeleg å ikkje kunne framføre denne rolla på scena. Det var som tortur. Eg hadde aldri fått ei så stor moglegheit før.

Og om ikkje det var nok var ho også valt ut til den globale koreografimønstringa International Draft Works i Royal Opera House i London for Let's Play – ein ballett ho koreograferte til Nasjonalballetten UNG. Ein invitasjon berre få tør å drøyme om. Det skulle hatt gått føre seg i slutten av mars.

Anaïs: Tortur
Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

– Dette var det verste augeblikket for meg. Eg gjekk glipp av store moglegheiter. Kanskje er det eit teikn på at vi skal ta det seinare, at vi vil vere meir modne for det då. Men eg skulle verkeleg ønske eg kunne ha gjort det i år, seier Anaïs.

Astrid har kjent på dei same kjenslene.

– Det har vore mykje opp og ned. Det er frustrerande å ikkje vite når ein skal tilbake, eller kva ein skal jobbe mot, seier ho.

Astrid mista ikkje berre det som skulle vere ei spennande og utfordrande rolle i Mesteraften x 12. Ho mista òg moglegheita til å danse i Romeo og Julie som skulle gå i vår. Stykket som inspirerte ho til å satse på ballett.

– Ballett betyr ekstremt mykje. Ballett utgjer ein stor del av livet mitt. Det er jobben min. Lidenskapen min. Hobbyen min. Det er det eg gjer kvar dag.

Astrid tøyer ut
Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

Begge synest det er skummelt å tenke på at denne krisa kan vare ved. På all treninga dei mistar.

Framleis er det ingen som veit om oppsetjingane blir sett opp på ny. Kanskje vil dei same moglegheitene vere der etter krisa. Kanskje ikkje. I mellomtida sit Anaïs og Astrid på pinebenken.

– Det er klart at dette er eit gigantisk, ufrivillig eksperiment. For ein dansar er det heilt sjølvmotsigande å ikkje kunne bevege seg. Alle dei fysiske avgrensingane kan også ramme deg mentalt, seier ballettsjef Ingrid Lorentzen.

Lorentzen er bekymra for ein heil generasjon dansarar og for eit heilt kunstfelt viss denne krisa trekker ut. Ho fortel om korte karrierar med plass og trening som heilt grunnleggjande behov, og når desse elementa blir borte er det svært alvorleg.

Anaïs og Astrid i ljoset
Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

– Det kan ha stor inngriping for unge dansarar å setje karrieren sin på vent på denne måten. Generasjonane i dans går så fort. Hjartet blør skikkeleg.

Nye moglegheiter

Ballettdansarar får som regel aldri ein pause frå stresset og den konstante slitasjen, og ein pause kan vere bra for å la kroppen hele. Samtidig er det vanskeleg å sikre forma si.

– Det kan bli veldig vanskeleg å kome i gang igjen, fortel duoen.

Anaïs Touret og Astrid danser i studio. Ser i kamera
Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

Sjølv om det har vore ein tung vår hittil, er dei begge optimistiske. Dei er trass alt i starten av karrieren sin, og har mykje å sjå fram til.

– Det har vore mykje uvisse, men no har eg funne roa. Eg og alle andre er i same båt. Vi må gjere det beste ut av det, seier Astrid.