Asta Hafthorsdottir 1
Foto: Javier Auris / NRK

Blod, skjegg og blå lepper

OSLO / HORTEN (NRK): Asta Hafthorsdottir forvandlar norske skodespelarar om til vikingar, eventyrarar og krigsheltar.

Juni 2019, Oslo:

Skodespelaren Henrik Mestad sit framfor ein opplyst spegel i eit trongt studio ved Akerselva i Oslo.

Rundt han står fem maskørar frå ulike europeiske land. Dei har tidlegare jobba med skjegg, hår og sminke på store seriar som «Vikings» og «Game of Thrones». No skal dei bryne seg på den norske satireserien «Vikingane», og forvandle Henrik til den staute rollefiguren Høvding Olav.

– Hovudgrunnen til at eg takka ja til denne rolla, var for å sjå ut slik, seier Henrik begeistra.

(Skrap bildet for å sjå kvifor Henrik takka ja.)

jAJ3TYO8Iqw

Trykk for skrapemodus

FOTO: 1: Berit Roald / NTB Scanpix 2: Glenn Meling / Viafilm / NRK

Han må ty til skisporten for å finne ein god analogi for samspelet mellom skodespelar og maskør.

– Når eg reiser meg opp frå stolen, er det som eg har fått dei best preppa skia i verda. Så blir eg send ut på femmila. Det er så finslipt, så mykje fag og detaljar som er utruleg herleg. Eg får veldig mykje gratis, konkluderer Henrik.

Smøresjefen heiter Asta Hafthorsdottir. Ho er ansvarleg maskør og rolledesignar for «Vikingane». Det er altså ho som bestemmer korleis Henrik skal sjå ut i TV-serien.

Henrik Mestad Vikingane

HENRIK OG «SMØRETEAMET»​​​​​​​: Live Becker Knudsen, Asta Hafthorsdottir, June Agnete Myrén og Gunnhildur Ólafsdóttir gjer skodespelaren klar til sesong 3 av «Vikingane».

Foto: Javier Auris / NRK

«Vikingane» er den vesle humorserien på NRK som parodierer skjeggete gigantseriar som tidlegare nemnde «Vikings» og «Game of Thrones». Serien sikta seg i utgangspunktet inn på eit smalt publikum, men så kom også Netflix på bana, og plutseleg har millionar over heile verda sett den merkelege vikingserien.

I fjor vart han kåra til ein av tiårets beste internasjonale TV-seriar av New York Times.

Stor internasjonal suksess er likevel ikkje synonymt med mykje pengar i kassa. Og serien må klare seg med berre ein brøkdel av budsjetta til dei store inspirasjonskjeldene sine.

Ambisjonane forsvinn uansett ikkje av den grunn.

Vikingane sesong 0

VIKINGANE: Serien har eit budsjett på 4,5 millionar kr per episode. Til samanlikning hadde «Game of Thrones» eit episodebudjsett på 120 millionar kr for siste sesong.

Foto: Viafilm/NRK

– Det skal sjå dyrt ut. Sjåarane skal ikkje vere sikre på kva dei ser. Er det ein komedie eller kva er dette for noko, seier Asta Hafthorsdottir.

Den islandske makeup-designaren har ergra seg mykje over låge sminkebudsjett i Noreg. Men utfordringane har også gitt ho evna til å trylle med det ho har til rådigheit. Henrik Mestad sin rollefigur i «Vikingane» er inkje unntak.

– Eg fann parykken hans på eit lager på NRK. Skjegget er det same som Pål Sverre Hagen brukte i «Kon-Tiki». Vi har veldig avgrensa tilgang til ting her i Noreg, så vi må berre finne løysingar, seier Asta og ler.

Pål Sverre Hagen og Henrik Mestad

SAME SKJEGG: Den observante sjåar har kanskje lagt merke til at Thor Heyerdahl i «Kon-Tiki» og Høvding Olav i «Vikingane» har mistenkjeleg likt skjegg?

Foto: Nordisk film / NRK

Frå bokstavar til levande ansikt

I barndomen drøymde Asta om å bli biletkunstnar. Men då ho vart eldre, fann ho ut at kunsten også kunne omfatte levande ansikt.

Då ho flytta til Noreg i 2010, hadde ho ein bachelor i «make up-design» frå Dramatiske Institutet i Stockholm i bagasjen. I tillegg til mange års erfaring som maskør innan film, TV, reklame og teater i Reykjavík.

Etter nokre år fekk ho også med seg venninna si frå Reykjavík, den greske maskøren Dimitra Drakopoulou. Saman har dei starta «Makeup design studio» i Oslo.

Studioet står bak sminkekosten på mange av dei største produksjonane i Noreg dei siste ti åra: «Kon-Tiki», «Bølgen», «Den 12. mann», «Beforeigners» og «Vikingane», for å nemne nokre.

Asta og Dimitra

MAKEUP DESIGN STUDIO: Asta Hafthorsdottir og Dimitra Drakopoulou jobbar saman på dei fleste prosjekta. Asta har som regel ansvar for dei meir «avanserte» rollefigurane, medan Dimitra ofte tar seg av dei som skal sjå meir ut som vanlege folk.

– Veldig få personar har nokon som helst aning om kor mykje arbeid som ligg bak produksjonane. Sjølv dei med berre litt sminke, forklarar Asta.

Ho legg merke til at folk ofte blir svært begeistra når ho sminkar eit sår eller ein skade. Sjølv om dei «usynlege» jobbane ofte er mykje vanskelegare.

– Sår og skadar er eigentleg ganske enkelt. Det er fascinerande at folk brukar det som døme til å seie kor dyktig eg er. Medan dei ikkje ser den fine rollefiguren eg lagar med tenner og parykk, fordi det ser ut som eit vanleg menneske.

Den kreative prosessen bak ein rollefigur begynner alltid med eit manus. Asta les nøye gjennom fleire gongar, og begynner å tenkje på korleis rollefigurane kan sjå ut. Så begynner ho å lage kollasjar med ulike idear som ho sender til regissøren.

Maskøren nyttar eit kvart høve til å gå utanfor boksen når ho designar roller. «Vikingane» var inkje unntak. Serien er full av små detaljar som viser at Asta har leika seg på jobb.

Til dømes fekk ho to av skodespelarane til å barbere av seg håret på bakhovudet.

– Eg tenkte: ’Skal eg spørje om dei kan barbere bakhovudet for ein liten norsk komiserie?’ Ja, sjølvsagt skal eg det, seier Asta og ler.

Vikingane

I HBO-serien «Vikings» brukar vikingane «guyliner» (eyeliner for gutar) når dei skal ut i kamp. Asta ønskte å gjere noko liknande, men med ein annan vri.

Floki Vikings

Dermed henta ho like godt inspirasjon frå heilt anna hald: Stanley Kubricks kultfilm «A Clockwork Orange» frå 1971.

A Clockwork Orange

A clockwork viking!

Hovudrolla i kultfilmen og vikingane har ikkje mykje til felles, utanom ein ting: Dei har alle glede i grov vald og overgrep.

Vikingane

I andre sesong skulle Asta designe ein tingmann.

– Sidan skodespelaren var skalla, dekte eg heile hovudet hans med 120 runebokstavar. Så stod eg bak kameraet og lo, for eg visste ikkje om alle forstod at han hadde heile loven på hovudet.

runehovud Vikingane

Det finst som regel ein tanke bak kvar minste detalj. Men ikkje alltid. Av og til er designet berre eit resultat av at Asta har vore i tøysete humør. Rollefiguren «Vidkun den svikefulle», spelt av Jan Sælid, frå siste sesong er eit godt døme på dette.

– Han er som tatt ut av klosterfilmen «The name of the rose» med Sean Connery, eller «Ringaren i Notre Dame». Han er frå ein heilt annan sjanger.

Men kvifor har han blå lepper?

– Det var berre ein idé som eg fekk. Han har kanskje spist altfor mykje blåbær, eller kanskje skriv han med blekk heile tida, og stikk pennen i munnen? Det spelar inga rolle. Det er berre gøy, seier Asta og ler.

Vidkun

VIDKUN DEN SVIKEFULLE: I serien påstår Jan Sælids rollefigur at han har noko så sjeldan som eit ironisk vikingnamn.

Foto: NRK

Ein god parykk er kostbar og svært tidkrevjande å lage. Asta vart difor ikkje overbegeistra då ho fekk manuset til sesong 3, og las at ho måtte øydeleggje to parykkar!

Hovudrolla Jarl Varg, spelt av Jon Øigarden, skal nemleg ha langt hår med gryande måne i denne sesongen. Og då er det ikkje anna å gjere enn å klippe eit stort hol i midten av parykken.

Ein annan av skodespelarane skal bli skamklipt. Den parykken måtte dei attpåtil lage heilt frå botnen av.

– Vi måtte ta avstøyping av hovudet i silikon, så måtte vi punche inn alle desse små håra, eit hår om gangen. Og så skal vi berre klippe det vekk, for eit lita scene. Det er heilt crazy, seier Asta.

Under slike utfordringar får ho ofte fleire hjelparar med på laget. I dette tilfellet fekk ho god hjelp av Ingunn Schumann Mosand, som til vanleg jobbar som maskør på Nationaltheatret.

Vikingane

JARL VARG: Jon Øigarden må bruke parykk med måne og raude kontaktlinser i sesong 3 av «Vikingane». På det nedste bildet tar regissør Jon Iver Helgaker ein sjølfie med skodespelaren.

Foto: Javier Auris / NRK

«Vikingane» har blitt eit hjarteprosjekt for Asta. Men denne sesongen skal ho dessverre ikkje bli med ut på opptak. Ho og Dimitra har nemleg blitt hyra på den nye norske HBO-serien «Utmark», som skal spelast inn på bergstaden Røros.

– Det er eit heilt annleis prosjekt. Litt sånn «Fargo»-aktig, med veldig spesielle og sære rollefigurar. Med islandsk regi, Dagur Kári, som er ein av mine favorittar.

Asta må dermed trene opp eit heilt team til å gjere jobben når ho og Dimitra er vekke. Ho viser grundig korleis kvar enkelt skodespelar skal sjå ut, medan dei andre maskørane følgjer nøye med på instruksjonane frå læremeistaren.

Ein av desse er iren Kate Donnelly. Ho møtte Asta på Island, då dei begge jobba som maskørar på «Vikings». No skal ho teste ferdigheitene sine i ein ekte vikinglandsby, på Midgard vikingsenter utanfor Horten.

Frå vikings til vikingar

September 2019, Horten:

Henrik Mestad får på skjegg og parykk på eit hotellrom. Om ein liten time skal han ut og ri hest og gjere andre vikingting framfor kameraet.

Nokre skodespelarar går heilt inn i si eiga verd før dei skal i opptak. Henrik blir derimot heilt oppslukt i arbeidet til maskørane. No følgjer han nøye med på korleis Kate Donnelly omskapar han til å bli høvding Olav.

Henrik Mestad Vikingane

HØVDING: Henrik Mestad følgjer nøye med på korleis maskørane forvandlar han til å bli Høvding Olav.

Foto: Javier Auris / NRK

I ei perfekt verd hadde Henrik fått sin eigen parykk, som var laga berre for han. Men verda er dessverre ikkje så perfekt. Difor må Henrik bidra med nokre av sine eigne grå hårstrå under kanten av parykken.

– Asta har gitt klar beskjed til maskørane når eg har vore på andre produksjonar. «Gjer kva de vil med han, men håra ved tinningane må vi ha akkurat slik!»

Henrik viser stolt fram tinning-håra sine. Dei lange grå håra blandar seg med parykken og gir ein sterkare illusjon om at det lange tjukke vikinghåret faktisk er hans eige.

Henrik Mestad Vikingane

FRÅ HØNK TIL HØVDING: Henrik Mestad i samtale med produksjonsleder Dag Rye. Til venstre står maskøren Kate Donnelly.

Foto: Javier Auris / NRK

Maskørar og skodespelarar blir frakta i taxi frå hotellet til Midgard vikingsenter. Henrik skal spele inn ei stor scene: Mange vikingar skal møtast på ei stor mark. Utstyrt med hestar, pil og boge og nidstong (ei stong med hesteskinn som med magisk kraft kan kalle ned ulykker fleire kilometer unna).

Kate står og følgjer nøye med på ein skjerm ved sidan av regissøren. Om ho ser noko som ikkje stemmer med sminka, er ho rask til å springe ut i pausane for å gjere små justeringar. I blant må ho også bidra på heilt andre område enn sminke.

Vikingane

SMINKEPAUSE: Kate Donnelly gjer nokre finjusteringar på skjegget til Henrik Mestad. Bak ho står «Game of Thrones»-maskøren Gunnhildur Ólafsdóttir frå Island.

Foto: Javier Auris / NRK

«Vikingane» spelar nemleg inn alle scenene to gongar. Først på norsk for NRK, så på engelsk for Netflix. Om skodespelarane står fast på engelsken, er det ingen språkekspertar som står klare til å hjelpe dei. Då er det fint å ha ein irsk maskør som står og følgjer med på sidelinja.

For korleis omset ein eigentleg uttrykket «rett i pæra» til engelsk? Det er Jon Øigarden, mannen bak rollefiguren «Jarl Varg», som kjem luskande bort til Kate for å spørje.

– Right in the pear? Is that possible to say?

– Yes, I guess you can say that, svarar Kate litt nølande.

Ho er ein erfaren maskør, men har aldri før opplevd at skodespelarane også brukar ho som språkkonsulent.

Kate stortrivst på opptak i Noreg, men etter seks sesongar på HBO-serien «Vikings», var ho eigentleg rimeleg lei av å sminke vikingar. Ho var klar for nye utfordringar.

– Så spurte Asta meg: Kanskje du vil kome og jobbe på vårt vikingshow? Ganske ironisk, for det er jo heilt likt, men samtidig ikkje. Produksjonen er mykje mindre, så eg må pushe meg sjølv meir, og ta fleire sjølvstendige val, forklarar Kate.

Thorbjørn Harr, Vikingane

JARL BJØRN: Ja ja, tenkte Kate. Om eg framleis må jobbe med vikingar, får eg i det minste sminke nye skodespela ... Nope, ikkje det heller nei. Thorbjørn Harr gjorde same beiteskifte som Kate Donnelly. Han gjekk frå «Vikings» til «Vikingane».

Foto: NRK

Får du tilbakemeldingar på jobben frå Asta?

– Ja, sjølvsagt. Eg sender ho bilde heile tida. Det er jo ho som er designaren, og eg vil gjerne jobbe med ho igjen. Så eg bryr meg eigentleg ikkje så mykje om kva dei andre seier, så lenge ho er nøgd, seier Kate.

Det herskar liten tvil om at mange ser opp til Astas arbeid i film- og TV-bransjen. Sjølv er ho aller mest stolt av ein jobb ho gjorde for fem år sidan, under tøffe forhold i 30 minusgrader i Troms.

Noregs kaldaste maskør

«Den 12. mann» handlar om den norske motstandsmannen Jan Baalsruds strabasiøse flukt frå tyske soldatar under den andre verdskrigen.

Asta førebudde seg til filmen med å besøke legar og sjukehus. Ho måtte danne seg eit godt bilde av korleis kaldbrann, avmagring og hypotermi faktisk såg ut.

Thomas Gullestad, 12. mann

KALDT: Regissør Harald Zwart var svært nøgd med jobben Asta gjorde med «Den 12. mann». Filmen vart vurdert til kategorien «beste sminke» av Oscar-juryen, men nådde ikkje heilt opp til å bli nominert.

Foto: Nordisk Film / Zwart Arbeid

Filmen hadde to opptaksperiodar. Dei begynte med å filme dei siste scenene først i april 2016. Då hadde skodespelaren Thomas Gullestad slanka seg 15 kilo, for å spele den mest nedbrotne og utmagra versjonen av Jan Baalsrud. Så fekk han ti månadar på seg til å gå opp igjen i vekt for resten av filmen.

Asta måtte designe mange ulike fasar for rollefiguren, frå å sjå ganske normal ut til å bli fullstendig nedbroten av hardt vêr og ekstrem kulde.

Under kan de sjå utdrag frå ei presentasjonsbok Asta lagde for Oscar-juryen i 2018, då ho vart vurdert for nominasjon til prisen «Beste sminke».

Bok1

FASE 1: Jan Baalsrud er framleis frisk og rask, med raude kinn på grunn av kulda.

Bok2

FASE 2: Jan Baalsrud blir skoten i stortåa. Ho blir måla grøn, slik at ho seinare kan bli redigert vekk i klipperommet. Skodespelaren får også frostsminke i skjegg og hår.

Bok3

FASE 3: Jan Baalsrud begynner å få frostskadar i fingrane. Skodespelaren får enda meir frostsminke i ansiktet.

Bok4

FASE 4: Jan blir treft av eit snøras. Skodespelaren blir sminka med blodige kutt og brukar konaktlinser for å vise blodsprengde auge.

Bok5

FASE 5: Jan Baalsrud blir snøblind. Skodespelaren får protesar over auga. Frostskadane på fingrane og tærne blir forsterka.

Bok6

FASE 6: Jan Baalsrud blir sakte betre frå skadane. Skodespelaren får mindre raude kontaktlinser, og blir sminka med sår og blåmerke.

Bok7

FASE 7: Jan Baalsrud får kaldbrann, og må kutte av to tær. Ein silikonfot vart brukt til dette, i tillegg til fleire tuber med teaterblod.

Bok8

FASE 8: Jan Baalsrud mistar mykje vekt. Skodespelaren brukar tannproteser og kinnbeinproteser for å sjå tynnare ut.

Bok9

FASE 9: Jan Baalsrud er verkeleg ikkje frisk. Silikonfoten mistar to tær til. Skodespelaren brukar framleis tann- og kinnbeinprotesar for å sjå tynnare ut.

Bok10

FASE 10: Jan Baalsrud flyktar over grensa frå Noreg til Sverige. På dette tidspunktet er han berre skinn og bein. Skodespelaren må sitje tre timar i sminkestolen. Han brukar framleis proteser i ansiktet og kontaktlinser.

Scenene vart tatt opp hulter til bulter, så då gjaldt det for Asta å halde tunga rett i munnen, så rollefiguren verken såg betre eller verre ut enn det han skulle vere.

Det passa likevel ganske dårleg når regissør Harald Zwart plutseleg fann ut at han måtte filme fleire scener frå slutten av filmen – etter at Gullestad hadde gått opp igjen 15 kilo!

– Folk sa: «Men det går jo vel ikkje?» Men eg er ikkje så glad i den utsegna. For det er jo klart det går. Det skal berre veldig mykje til, og eg må vere enda meir bevisst på detaljane. Eg fekk også hjelp av fotografen, for å finne dei beste kameravinklane, forklarar Asta.

Asta og Thomas Gullestad

AVMAGRA: Thomas Gullestad vog 57 kilo då han var på sitt lettaste under innspelinga av «​​​​​​​Den 12. mann»​​​​​​​. Han hadde likevel framleis eit stykke igjen til Jan Baalsruds vekt då han kryssa svenskegrensa i 1943. På det tidspunktet vog ikkje krigshelten meir enn 35 kilo. For å sjå enda tynnare ut, brukar skodespelaren laustenner og utheva kinnbein.

Foto: privat

Då Asta kom til Noreg for ti år sidan, opplevde ho ikkje akkurat at maskøren var den viktigaste rolla på filmsettet. Låge budsjett og lite respekt for faget var det overordna inntrykket. Sminke hadde ikkje ein gong sin eigen kategori under verken Gullruten og Amanda-utdelinga.

– Alle andre land har sminke som eigen pris, men ikkje Noreg!

Asta ristar på hovudet. Den handlekraftige islendingen kunne sjølvsagt ikkje sitje stille i båten sin og sjå på den gjeldande situasjonen. Saman med manusforfattaren Sigrun Norderval gjekk ho i gang med å skrive eit langt brev til Amanda-komiteen.

– Vi fekk med oss alle dei store regissørane i Noreg. Harald Zwart, Erik Poppe, Liv Ullmann ... Og vi skreiv: Dette må fiksast!

Som sagt, så gjort. I 2020 kjem det to nye priskategoriar på Amanda-utdelinga: «Beste maske/sminke» og «Beste kostyme».

Ein Amanda-pris hadde vore stas. Men på sikt har Asta også enda større ambisjonar.

– Eg har fått meg ein agent i Sverige, som tar seg av alle førespurnadar utanfor Noreg. Ho slit litt med å finne dei riktige prosjekta, men seier at det ikkje gjer noko. No har eg nok jobbar i Noreg, og vi satsar på «Oscaren», seier Asta og smiler.

Sjå Vikingane sesong 3 i NRK TV her.

Uheldige episoder rundt dostanga tvinger høvding Olav til å gjøre mann av Orm, og en uskyldig kommentar om Jarl Vargs manke får store konsekvenser.

Uheldige episoder rundt dostanga tvinger høvding Olav til å gjøre mann av Orm, og en uskyldig kommentar om Jarl Vargs manke får store konsekvenser.

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel!

Tidlegare har eg mellom anna skrive om Totos «Africa», Villa Stenersen og verdas sterkaste mann

Anbefalt vidare lesing: