"Sound of Freedom"
Foto: Angel Studios

Kontroversiell film om overgrep mot barn klar for Noreg

Kristent bodskap om nestekjærleik – eller reklame for konspirasjonsteoriar?

4. juli 2023 hadde filmen «Sound of Freedom» premiere i USA.

I forkant hadde få høyrt om den kristne indie-filmen med eit nøkternt budsjett på 14,5 millionar dollar. Til samanlikning hadde den siste «Indiana Jones»-filmen eit budsjett på 295 millionar dollar.

No har «Sound of Freedom» selt fleire kinobillettar enn storfilmar som nemnde «Indiana Jones» og «Mission: Impossible». Han har skapt eit enormt engasjement i heimlandet og blir omtala og diskutert i alle dei store media, og ikkje minst sosiale medium.

"Sound of Freedom"

«SOUND OF FREEDOM»: Filmen blei laga allereie i 2018, men kom ikkje ut på kino i USA før sommaren 2023.

Foto: Angel Studios

Korleis blei ein liten kristen B-film ein av årets største snakkisar i USA?

Kva handlar filmen om?

«Sound of Freedom» er basert på historia til amerikanaren Tim Ballard.

Han er kjend som grunnleggjaren av organisasjonen Operation Underground Railroad som jobbar med å frigjere offer for menneskehandel.

Tim Ballard på premiere av filmen "Sound of Freedom"¨i juni, 2023.

INSPIRASJONSKJELDE: Tim Ballard på premieren for «Sound of Freedom» i Miami, juni 2023.

Foto: Alberto E. Tamargo / Sipa USA

I starten av filmen jobbar Ballard med nettovergrep mot barn, som agent i det amerikanske tryggleiksdepartementet. I jobben blir han meir og meir frustrert over at han ikkje får gjort nok for dei små barna.

Han forlèt difor byråkratiet og reiser til Colombia for å ta saka i eigne hender.

Kven elskar filmen?

Det er ikkje alle indie-filmar som får si eiga visning på plenen utanfor golfklubben til Donald Trump, men det gjorde «Sound of Freedom». Den tidlegare amerikanske presidenten kalla filmen for «the hottest movie anywhere in the world».

Kjendis-psykologen Jordan Peterson har også vigd ein heil episode til filmen i den populære podkasten sin. Han seier at filmen tar opp eit stort samfunnsproblem og oppfordrar lyttarane sine til å følgje med på filmen.

I tillegg har Twitter/X-sjef Elon Musk tvitra om filmen og tilbydd gratis marknadsføring på plattforma.

Jordan Peterson, Donald Trump, Elon Musk

KONTROVERSIELL HEIAGJENG: Jordan Peterson, Donald Trump og Elon Musk har alle støtta filmen «Sound of Freedom».

Foto: AFP / GETTY IMAGES / REUTERS

Bodskapen «every child is a child of God» (som Tim Ballard seier er motivasjonen for jobben) er noko av grunnen til at særleg mange kristne har flokka til kinoane i USA.

Ballard er ein profilert medlem av mormonarkyrkja, og filmen har blitt marknadsført spesifikt mot kristne og konservative miljø.

Kvifor er Tim Ballard kontroversiell?

Å hjelpe barn ut av menneskehandel og prostitusjon er bra, det er vanskeleg å vere ueinig i det. Men så var det korleis.

Metodane som Tim Ballard og organisasjonen hans Operation Underground Railroad har nytta, er sterkt kritiserte av andre «anti-trafficking»-organisasjonar. Ved å gå «undercover» og late som dei er pedofile, kan organisasjonen ha bidratt til å auke etterspurnaden etter overgrepsoffer, meiner dei.

Sommaren 2023 trakk Ballard seg heilt ut av organisasjonen. Grunnleggjaren har nyleg blitt saksøkt av fem kvinner som jobba med han. Dei hevdar at dei blei trua til å utføre seksuelle handlingar på «undercover»-oppdrag. Kvinnene skal ha spelt «koner» og fortel om manipulasjon og overgrep.

Tim Ballard på pressekonferanse

FRONTFIGUR: Tim Ballard starta organisasjonen Operation Underground Railroad i 2013.

Foto: ANP

Tim Ballard har påstått at han har blitt støtta av ein av leiarane for Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage, også kjend som Mormonarkyrkja. No har trussamfunnet gått offentleg ut og sagt at relasjonen høyrer fortida til, og at Ballard har svikta kyrkja med å bruke ho til si eiga vinning.

Ballard publiserte på si side eit forsvarsskrift som sa:

«Vonde pedofile vil ikkje gi seg. Dei har allierte i regjering, media, dei store selskapa og i offentlege institusjonar. Dei lyg og forsøker å øydelegge mitt gode namn og rykte ... Dei vil aldri gi seg».

Kvifor er filmen kontroversiell?

Ein annan viktig grunn til merksemda kring filmen er mannen som spelar Tim Ballard: Jim Caviezel.

«Kristenfolkets Tom Cruise» har han blitt kalla, skodespelaren som frå før var mest kjend som Jesus i Mel Gibsons film «The Passion of the Christ».

"Sound of Freedom"

«KRISTENFOLKETS TOM CRUISE»: Jim Caviezel er også kjend for å spele hovudrolla i Jonathan Nolans sci-fi-dramaserie «Person of Interest».

Foto: Angel Studios

Jim Caviezel har gjort mykje for å knytte «Sound of Freedom» til konspirasjonsrørsla QAnon.

Kva er QAnon? Ei rørsle som trur at eit nettverk av amerikanske elitar (kjende som «Deep State») styrer verda, samtidig som dei er pedofile og tilber Satan. Tidlegare president Donald Trump er rørsla sin helt.

Særleg har skodespelar Caviezel lufta tanken om at barn blir menneskehandla fordi nokon vil tappe blodet deira for å skaffe eit stoff kalla adrenokrom. Teorien går ut på at eliten brukar dette stoffet for å halde seg unge.

I podkasten «Bannon`s War Room» påstår Caviezel at adrenokrom er eit elitedop som er ti gongar sterkare enn heroin. Han seier også at «adrenokrom-imperiet» er ein pådrivar for etterspurnaden etter barn i menneskehandel.

Steve Bannon og Jim Caviezel i podkasten War Room

WAR ROOM: Jim Caviezel delte teoriar om adrenokrom i podkasten til Donald Trumps tidlegare rådgjevar, Steve Bannon.

Det er på sin plass å påpeike at sjølve filmen ikkje antydar noko om hausting av barneblod. Faktisk har regissør Alejandro Monteverde sagt at det er hjarteskjerande at filmen blir knytt til QAnon-rørsla og at han begynte på manuset allereie i 2015, to år før QAnon-teorien tok til å spreie seg.

Monteverde meiner skodespelaren sine utsegn har skada filmen, og fryktar at kontroversane tek vekk fokuset frå filmens eigentlege bodskap.

Kor vanleg er menneskehandel med barn som blir seksuelt utnytta?

Tim Ballard seier at det blir smugla 10.000 barn inn i USA kvart år for å bli utnytta til prostitusjon. Ifølge Washington Post finst det ingen bevis for denne påstanden.

Anne Kristine Iván er seniorrådgjevar ved Bufdir og ekspert på menneskehandel. Ho forklarer at det er vanskeleg å fastslå det faktiske omfanget.

– Menneskehandel er ei veldig skjult form for kriminalitet, så truverdige tal er ei stor utfordring for alle land, seier ho.

"Sound of Freedom"

SKJULT KRIMINALITET: I ei av scenene i filmen kan vi sjå ein liten gut som blir forsøkt smugla i ein bil over grensa frå Mexico til USA. Liknande situasjonar har også oppstått på grensa mellom Sverige og Noreg.

Foto: Angel Studios

Ho er likevel tydeleg på at menneskehandel med barn som blir utnytta til prostitusjon, er høgst reelt over heile verda.

– Det er eit stort globalt problem.

Ifølge Den internasjonale arbeidsorganisasjonen kan det vere snakk om så mange som 1,6 millionar barn årleg på verdsbasis.

Korleis har filmen blitt så populær?

«Sound of Freedom» sluttar på ein noko utradisjonell måte. Ved sidan av rulleteksten dukkar plutseleg Jim Caviezel opp, ikkje lenger i rolla som Tim Ballard, men som seg sjølv.

Skodespelaren stirar djupt inn i kameraet og oppfordrar sjåarane til å ta bilde av ein QR-kode som dukkar opp på skjermen. På nettsida som koden lenkjer til, kan sjåarane støtte filmen med å kjøpe ekstra kinobillettar. Slik blir det selt billettar som ikkje nødvendigvis blir brukte.

I USA har det blitt rapportert om halvfulle kinosalar på utselde visningar, men ifølge regissør Alejandro Monteverde utgjer desse «bonusbillettane» under 10 prosent av det totale salet.

I talen mot slutten av filmen fortel Caviezel at filmen blei laga allereie i 2018, og at grunnen til at han ikkje blir vist før no, er at han har fått «motstand frå alle tenkjelege hald». (Ifølge regissøren er hovudgrunnen til den lange ventetida ein kombinasjon av pandemi og at filmselskapet 20th Century Fox blei kjøpt opp av Disney.)

Caviezels ord blir uansett brukt i teoriar om at «nokon» (altså Hollywood, kinoselskapa og «mainstream media») forsøker å stoppe filmen.

Og kva er vel meir spennande enn ein film som nokon vil at du ikkje skal sjå?

Men er «Sound of Freedom» ein bra film?

Filmkritikar Asbjørn Slettemark bur for tida i New York og melde filmen for Aftenposten allereie i august.

– Billettsalet var så sensasjonelt at eg berre måtte gå og sjå filmen. I tillegg var han ein ordentleg snakkis, både på grunn av marknadsføring, innhald og omstende. Eg kan ikkje hugse noko liknande i mine tiår som kinogjengar og journalist, seier han.

Slettemark blei ikkje veldig imponert av filmen og gav han terningkast 3. Kritikaren meiner likevel at «Sound of Freedom» er ein «heilt grei spenningsfilm».

Asbjørn Slettemark. Foto: NRK

– Opninga, der ein politiagent lurer eit pedofilt nettverk, er solid thriller-handverk av den mørke varianten. Det er også ubehageleg, men filmatisk effektivt, korleis filmen presenterer kidnapping og sal av barn. Dei første 40 minutta fungerer, men så blir det ei litt seig og ikkje veldig interessant hemnhistorie frå jungelen.

Om «Sound of Freedom» blir like populær i Noreg, stiller Slettemark seg tvilande til. Men ut ifrå tilbakemeldingane på filmmeldinga, merka han at filmen engasjerer mykje meir enn vanleg.

– Nokon sende emojis av langfinger og meinte at eg var ei skam og ikkje fortente å kalle meg kritikar. Men fleire kom faktisk med velfundert kritikk av meldinga, og dei var det interessant å diskutere med, seier Slettemark.

«Sound of Freedom» har premiere i Noreg 27. oktober, 2023.

Ta kontakt!

Hei! Takk for at du las helt hit. Meiner du noko, eller lurer på noko, eller har tips til andre saker, send oss ein e-post! 

Anbefalt vidare lesing: