Emmy gjekk vidare i den tredje delfinalen av MGP 2021, og sikra seg plass i den store finalen 20. februar.
– Dette er fantastisk, seier Emmy entusiastisk.
Dermed er det to delfinalar igjen. Førre laurdag var det artisten RayLee som sikra seg billett til den store finalen i februar.
Første duell var mellom kveldens yngste artist Dinaye og rapparen Big Daddy Karsten. Den var det sistnemnde som kom sigrande og jublande ut av.
Emmy slo Ole Hartz i kveldens andre duell, og var dermed vidare i gullduellen mot Big Daddy Karsten.
Og den store gullbilletten var det også Emmy som stakk av med.
– Det ante meg at Emmy sin «Witch Woods» var annleis og «corny» nok til å kunna gå til finalen, og låten har nok Eurovision-potensial til å gjera det skarpt også der. Etter min smak, er han nok litt for junior-prega, men heldigvis er det folket som avgjer, seier musikkmeldaren til NRK, Espen Borge.
Du kan lesa meldingane hans om kveldens framføringar her.
Helsing frå Etiopia
17 år gamle Dinaye, eller Dina Matheussen, var første artist ut i kveldens show, i eit raudt antrekk med gulldetaljar. Ho framførte låten «Own Yourself».
– Det var så utruleg gøy, eg har berre lyst til å gjera meir, sa ho entusiastisk etter framføringa.
Ho blei rørt til tårer av overraskinga som dukka opp etter framføringa. Det var ei helsing frå mormora i Etiopia.
– Fargerik og fyrrig låt med litt ujamn vokal til tider, seier leiar Morten Thomassen av den norske MGP-klubben til NRK.
Men framføringa heldt ikkje til ein billett vidare i konkurransen.
– Kva meir kan ein ønska seg?
Andre artist ut var Big Daddy Karsten i ein knall rosa buksedrakt. Han framførte låten «Smile».
Han er ein open homofil rappar, og håpar å gå i bresjen for å ta eit oppgjer med rappmiljøet. Han opplever at det sit langt inne for mange å komma ut som til dømes skeive, bifile eller panfile.
Han var entusiastisk og glad etter framføringa si, og får lovord frå leiaren av MGP-klubben.
– Big D, sjarmerande rap med høg homo-faktor, kva meir kan ein ønska seg? seier Thomassen.
– Heilt sjukt
I kveldens andre duell var Emmy Kristine Guttulsrud Kristiansen (20) først ut med låten «Witch Woods».
Familien sat samla heime i Vestfold og følgde med.
– Det var heilt sjukt! Den søte lite veslesøstera mi har blitt ei heks! ropte ein entusiastisk bror.
Ho samanliknar MGPjr og MGP og seier at begge deler er fantastisk gøy.
Thomasen i MGP-klubben meiner framføringa meiner det siste ekstra trykket for å kunna ta heilt av, og at ho blir litt tam til tider. Han legg til at det var ei knalltøff låt.
– Sjukaste eg har gjort
Ole Hartz var siste artist ut i dei første duellrundane med låten «Vi er Norge».
– Herregud, det er det sjukaste eg har gjort nokon gong! Det var sjukt gøy, seier ein entusiastisk Ole Hartz etter framføringa.
MGP-entusiasten Thomasen er ikkje heilt overtydd.
– Dette blir festen som aldri tar heilt av. Han klarer ikkje å få sjarmen i låten fram i framføringa, seier han.
MGP-ekspert fornøgd
MGP-ekspert Anders Tangen lét seg riva med i kveldens show.
– Førre laurdag følte eg ikkje at så mykje stod på spel, men denne gongen følte eg at det var mykje å engasjera seg i. Showet er fantastisk produsert ut ifrå forholda som er no. I kveld sakna eg ikkje publikumsbilde ein einaste gong. Det skyldast spenninga og nerven i showet.
Tangen ønsker seg likevel betre lys frå produksjonen i NRK.
– Me må sjå glansen i blikket til artisten.
Han følgde showet heimanfrå, og fortel at fleire heime hos han stemte på Emmy og låten «Witch Woods».
– Emmy er ein låt som har slått an på TikTok, og det er jo den nye plattforma der fenomen blir skapt. «Witch Woods» er ein slik «fenomen-låt» som er kjemperar, fengande og rar. Showmessig håpar eg Emmy blir endå tryggare på kvar ho skal på scenen slik at ho kan få ut energien og «heksemagien» gjennom blikket sitt, skriv Tangen til NRK.
Han legg til at KEiiNO er den største favoritten hans så langt, men at han trur «Witch Woods» fortset klatringa si på ulike plattformer.
Rekordmange artistar
Totalt 26 artistar skal vera med i MGP 2021, der 12 av desse konkurrerer i finalen. Seks er førehandskvalifiserte, og seks er stemt fram av publikum.
Kaja Rhode framførte også i kveld. Ho er førehandskvalifisert og allereie vidare i finalen. Ho song låten «Feel Again».
Les meir om alle artistane her. Sendinga ser du på NRK1 frå klokka 19.50.