Hopp til innhold

Kritiserer framstillinga av samar på film

Direktør ved Internasjonalt Samisk Filminstitutt, Anne Lajla Utsi, meiner det berre er laga fem gode samiske spelefilmar sidan 1987.

Samisk kvinne på en benk foran en innsjø

Den svensk-samiske artisten Sofia Jannok spelar i den svensk-samiske Netflix-serien «Midnattssol» (2016), som får kritikk av Anne Lajla Utsi.

Foto: Photo by Ulrika Malm

Korleis urbefolkning blir framstilt i film- og TV-seriar får større og større merksemd internasjonalt, medan Norden heng milevis etter, meiner Utsi.

– I Norge og Norden er det ikkje den same medviten om framstilling av urfolk i film- og TV-produksjon, meiner ho.

I Australia er det innført reglar, som blant anna går på at ingen utanforståande kan lage film med innhald om urfolk, dersom ikkje prosjektet er forankra i urfolksmiljøet som blir portrettert.

Anne Lajla Utsi er svært fornøyd med statsbudsjettet

Anne Lajla Utsi ved Internasjonalt Samisk Filminstitutt vil ha meir innflytelse i filmar og tv-seriar som blir laga om samar.

Foto: Liv Inger Somby

Og i år gav den kanadiske regjeringa 40 millionar kanadiske dollar (nær 300 millionar norske kroner) i ein tre års periode til urfolket sitt filminstitutt (The Indigenous Screen Office). Til samanlikning får Internasjonalt Samisk Filminstitutt i Norge 11 millionar i årleg støtte, ifølge Utsi.

Til og med filmgiganten Disney var bevisst framstillinga av urfolk då dei skulle lage oppfølgaren til Frost. Dei ville hente inspirasjon frå samisk kultur og dermed drog filmgiganten til Sápmi for å få hjelp.

Målet var at det skulle vere så truverdig som råd. Disney oppretta difor eit samarbeid med den samiske ressursgruppa Verddet, som jobba tett med filmskaparane i over eitt år.

I den norske dramaserien «Velkommen til Utmark» (Dagur Kári, 2021) på HBO Nordic møter vi mange snåle karakterar, blant anna den samiske karakteren Bilzi. Han sit framfor bålet og joikar og trommer på ei heilag samisk runebomme.

– «Velkommen til Utmark» er kanskje ikkje det verste eksempelet fordi alle karakterane er stereotypar og dermed passar Bilzi inn i resten av galskapen. Men det er summen av alle filmar og seriar oppgjennom tidene som har forsterka stereotype framstillingar om samar som er problematisk, seier Utsi.

LES OGSÅ: John André Eira lærte den kjente skuespilleren å joike – endte med utgivelse

– Rein, midnattssol og malplasserte samiske sjamanar går igjen. Det er ofte ei eksotifisering eller mystifisering av samar i norsk, svensk og finsk film- og tv-produksjon, meiner ho.

Den svensk-franske Netflix-serien «Midnattssol» (Mårlind/Stein 2016) er eit anna eksempel Utsi vil trekke fram.

– Heile plottet bygger på den samiske kulturelle trusarven som symbolikk, offerstader, og vi kjenner oss ikkje igjen i framstillinga. Det hadde vore interessant å fortelje det på ein samisk måte, seier Utsi.

– Omhyggelege vurderingar

Produsent Stein Kvae

Stein Bruno Kvae, produsent i Paradox, som står bak serien «Velkommen til Utmark».

Foto: Stig Jaarvik, NRK

Tanken med TV-serien «Velkommen til Utmark» er at mange av karakterane er like snåle og rare. Det sa produsenten bak TV-serien, Stein Bruno Kvae i NRK-programmet «Helgemorgen».

– Det er ikkje meininga at samen skal stikke seg ut som noko unikt og merkeleg.

Paradox, produksjonsselskapet bak serien, er, ifølge Kvae, merksame på urfolksproblematikk og korleis samisk kultur blir skildra i historier.

– Vi har vore særs omhyggelege i alle vurderingane om det samiske. Samiske kunstnarar, som vi kjenner og som vi veit er ærlege med oss, har lese manus og gitt oss ordentlege tilbakemeldingar, sa Kvae.

– Fem samiske filmar sidan 1987

I løpet av 34 år, frå 1987 og til i dag, er det berre laga fem heilsamiske spelefilmar, slik Anne Lajla Utsi ser det.

Dei fem er «Veiviseren» (Nils Gaup, 1987), «Stol på ministeren» (Paul-Anders Simma, 1997), «Bázo» (Lars Göran Petterson, 2003), «Kautokeino-opprøret» (Nils Gaup, 2008) og «Sameblod» (Amanda Kernell, 2016). Ho meiner desse filmane framstiller samar på ein respektfull måte. Felles for dei er at dei er laga av og med samar og med samisk språk.

Lene Cecilia Sparrok i filmen Sameblod. Ung jente med fletter blir mål i ansiktet med et instrument.

Norske Lene Cecilia Sparrok spelar Elle-Marja i den svensk-samiske filmen «Sameblod».

Foto: SOPHIA OLSSON / STORYTELLING MEDIA

Lista over filmar og TV-seriar som involverer samisk kultur, men som ikkje går under kategorien samisk film, er mykje lenger.

Anne Lajla Utsi meiner dette er problematisk fordi samane mister definisjonsmakta over sin eigen kultur.

– Historia gjentar seg og vi samar står på sidelinja og observerer korleis majoriteten boltrar seg i vårt aller mest heilage og lagar eksotiske framstillingar av det samiske, seier Utsi.

– Kvifor lager de ikkje fleire samiske filmar?

– Årsaka til det er at vi manglar finansiering. Nyleg fekk ein samisk spelefilm, som ISFI har støtta sidan 2016, avslag frå Norsk filminstitutt for femte gong.

NFI har støtta to samiske spelefilmar «La Elva Leve» og «Árru».

– Det er jo bra. Problemet er at det samiske samfunnet sjølv må ha finansiering og definisjonsmakt til kva spelefilmar vi vil lage. Nå ligg dette hos NFI, noko som er problematisk og ingen garanti for fleire større samiske produksjonar, seier Utsi.

Vil satse på talent og mangfald

Dei siste åra har Norsk filminstitutt gitt fleire samiske spelefilmar tilskot til utvikling, ifølge NFI. Blant anna har «Pappa er en dansk hulemann» regissert av Egil Pedersen fått støtte.

Portrett av Kjersti Mo, direktør i NFI

Kjersti Mo i Norsk filminstitutt meiner det er for få samiske filmprosjekt som søker om støtte.

Foto: Einar Aslaksen

– Vi håper sjølvsagt at fleire av desse prosjekta skal bli ein realitet, seier direktør i NFI Kjersti Mo.

I NFIs nye strategi er arbeid med talent og mangfald eit utvalt satsingsområde. Og Mo i NFI seier dei skal bruke meir ressursar framover på utvikling av prosjekt. På den måten håper dei at fleire skaparar og prosjekt, også med samisk tilknyting, vil kome i posisjon og søke.

– For per nå har vi ikkje ein kritisk masse som er stor nok til å få opp volumet på samisk film. Dette heng også saman med kor mange samiske filmar som faktisk søker, seier Mo

LES OGSÅ: Samisk filmskaper vant pris under Nord-Amerikas største filmfestival

Samisk kvinne i mannsklede

Lektor ved NTNU Monica Mecsei har skrive doktorgradsavhandling om samisk film. Ho er einig i at ein heilt klart kan sjå stereotypiske framstillingar av samar i film, men meiner verkelegheita er meir nyansert.

Monica Mecsei

Monica Mecsei har skrive doktorgrad om samisk film.

Foto: Thor Nielsen

– At ikkje alt er heilt autentisk er ikkje nødvendigvis negativt. Stereotypiar er dynamiske og har ulik funksjon og betydning ut frå samanhengen dei står i, seier Mecsei og peikar på Netflix-serien «Midnattssol».

«Midnattssol» (2016) er ein storproduksjon innan sjangeren Nordic noir, som gjorde det stort i fleire land utanfor Norden. Blant anna Australia.

– TV-serien synleggjer at det finst ei urbefolkning i Norden, sjølv om det ikkje er heilt autentisk framstilt. Filmar og TV-seriar er sjeldan heilt sanne. Dessutan heng kommersielle filmar og TV-seriar saman med økonomiske rammer og marknadsstrategiar, seier Mecsei.

At det finst grelle eksempel på feil i den samiske filmhistoria er det likevel ingen tvil om, ifølge Mecsei. I filmen «Trysil-Knut» (Rasmus Breistein, 1942) er ein kvinneleg samisk bikarakter kledd i ei nordsamisk mannskofte. Karakteren er også spelt av ein etnisk norsk skodespelar.

Mecsei trur eit godt samarbeid med det samiske filmmiljøet er ein vesentleg måte å luke ut enkle, grelle feil som dette. Men å innføre så strenge reglar som Australia har gjort er å dra det litt langt.

– Det er ulike etniske grupperingar i alle land og på tvers av land som har sine særtrekk. Eg er redd fleirkulturaliteten forsvinn med ein så bastant regel, seier Mecsei.

Open for samarbeid

Under produksjonen av «Velkommen til Utmark» skulle Anne Lajla Utsi gjerne sett at det samiske filminstituttet blei kontakta for å få råd om det samiske.

– Eg er kritisk til ikkje-samiske produsentar som tek seg slik fridom, utan å samarbeide med oss.

Neste gong produksjonsselskapet Paradox skal lage film eller TV-serie med samar involvert vil dei kontakte ISFI for råd. Det lovar produsent Stein B Kvae.

– Som produsentar er vi nok litt for ofte i den tankegangen at eit filminstitutt er noko ein kontaktar når ein er ute etter pengestøtte til film. Men vi skal sørge for å snakke med det samiske filminstituttet neste gong vi har ei samisk rolle, sa Kvae i NRK-programmet Helgemorgen.

Direktesendt program hver lørdag og søndag formiddag, med aktuelle temaer, samtaler, dybde og refleksjon.

Direktesendt program hver lørdag og søndag formiddag, med aktuelle temaer, samtaler, dybde og refleksjon.

Anbefalt videre lesing:

Se noen av våre fremste samiske artister live. Blant andre Mari Boine, Ella Marie Hætta Isaksen, Slincraze og Marja Mortensson.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.