NRK Meny
Normal

Hivju gjer som Skavlan – snakkar «svorsk»

Då skodespelar Kristofer Hivju skulle prøvespele for ei rolle i den svenske filmserien «Beck» prøvde han å lære svensk på to dagar. Det gjekk sånn passe bra.

Norske Kristofer Hivju er klar for rollen som Becks nye makker. Men da han prøvde å snakke svensk, ble det for mye for regissøren.

IHERDIG SVENSKFORSØK: I Skavlan snakkar skodespelar Kristofer Hivju det han kallar «Skavlansvensk».

«Game of Thrones»-stjerna Kristofer Hivju er aktuell i rolla som Steinar Hovland i den svenske filmen «Beck – Steinar» som har premiere i kveld. Filmen er nummer fire av i alt åtte om politietterforskar Martin Beck. Hivju speler den moderne og empatiske representanten frå politiet i Oslo.

«Nu sitter det»

I kveldens Skavlan fortel skodespelaren om førebuingane til prøvespelinga for «Beck».

– Då eg fekk manuset såg eg at det var skrive på svensk. Då tenkte eg: «Jakob lærte seg dansk. Eg har to dagar. Eg skal lære meg svensk.»

«Jakob» er skodespelar Jakob Oftebro, som òg er gjest i kveldens program. Han ler høgt av målsetninga til Hivju, som held fram på ei blanding mellom svensk og norsk:

– Jag repeterade och kände att nu sitter det här. Nu känner jag meg svensk. Jag kjende den der Skarsgård-känslan. Det her går hur bra som helst.

Regissøren insisterte på norsk

Men regissør Mårten Klingberg var ikkje overtydd. Under prøvespelinga foreslo Klingberg at Hivju skulle prøve å snakke norsk.

«Nei, nei, nei, eg har dette», protesterte Hivju. Til inga nytte.

– Du må snakke norsk, fortel Hivju at regissøren insiterte.

Hivju er allereie kjent for det svenske publikummet. I 2014 spelte han i filmen «Turist», eit tragikomisk drama om ein norsk/svensk familie på besøk i Alpane. For rolla som skibomsen Mats vart Hivju påskjønt for beste mannlege birolle under filmprisutdelinga «Guldbaggen».

– Skal foreine Norge og Sverige

Trass iherdig forsøk på å snakke svensk under prøvespelinga for «Beck» enda det heile med ein mellomting.

– Det vart «Skavlan-svensk». Det er faktisk eit begrep, seier Hivju.

Programleiar Fredrik Skavlan har tidlegare fått språkpris frå Foreningen Norden, for å fremje den skandinaviske språkfellesskapen.

– Mitt målet med å gå inn i Beck-serien er å viderebringe din visjon om å foreine Norge og Sverige til eitt rike, seier Kristofer Hivju til Fredrik Skavlan.

Birkebeiner-klar

Det er ikkje berre med «Beck» Hivju er aktuell. 12. februar har filmen «Birkebeinerne» kinopremiere. Filmen er basert på historiske hendingar frå 1200-talet.

Birkebeinerne, innspilling på Maihaugen

PREMIEREKLAR: Filmen Birkebeinerne, med mellom andre Kristofer Hivju og Jakob Oftebro, har premiere 12. februar.

Foto: Torunn Myhre / NRK

Kulturstrøm

  • Bergman-bok gis ut etter ni år

    Biografien om Ingmar Bergman, skrevet av regissørens husholderske Anita Haglöf, gis ut – ni år etter at den opprinnelig planlagte utgivelsen ble stoppet. Boken, kalt «Jag var Ingmar Bergmans hushållerska», kommer i november, melder TT. Da den ble stoppet i 2009, var det fordi boken ble «for personlig» for Haglöf, som var den som valgte å stoppe utgivelsen. Men nå har husholdersken, som jobbet for filmregissøren i åtte år fra 1995, ombestemt seg og gir den ut likevel i Bergmanåret, der man feirer 100-årsjubileet for hans fødsel.

    FILES-SWEDEN-FILM-THEATRE
    Foto: BONNIERS HYLEN / AFP
  • Tons of Rock flytter

    Tons of Rock flytter fra Halden til Oslo. Det melder festivalledelsen i en pressemelding. Festivalen skal nå holdes på Ekebergsletta.