en person med lue og veske
Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Å leve i fritt fall

Utøya-overlevar Torje Peder Sverre Hanssen (28) har blitt ein representant for den nye maskuliniteten. Men sjølv vil han ikkje bli sett i bås.

– Eg opplever ein enorm fridom inni meg.

Du har kanskje sett eller høyrd om Torje Peder Sverre Hanssen dei siste vekene.

Han er nemleg den unge modellen for det mykje omtalte portrettet til bildekunstnar Sverre Malling på Høstutstillingen på Kunstnernes Hus.

Her ser vi han stå med perlekjede rundt halsen, stokk i eine handa og hår som går ned til skuldrene, nesten i eitt med pelskåpa han er naken under.

– Eg har sjølvsagt mykje større penis i verkelegheita, men det kan ikkje Malling teikne. Det ville gitt feil inntrykk og uttrykk, seier Torje humoristisk.

Teikning av Torje Peder Sverre Hanssen på Høstutstilling, kunstnar av verket er Sverre Malling.
Foto: Thomas Winderberg / Thomas Winderberg

Utradisjonell og intens

Vi møter Torje heime på Frøen i Oslo ein kald og klar haustdag. Inngangen til det kvite huset ligg litt skjult i den overgrodde hagen mellom T-bane skinna.

Han har nettopp flytta inn i kollektivet her, i det som minner om eit kråkeslott.

Inne i gangen er det mørkt, litt dunkel belysning, men lyset frå dei store vindauga som skal møte oss i andre etasje skin ned trappa til inngangspartiet.

en person som sitter ved et pianoeit nærbilde av ei hånd med ringar på
Kjetil Solhøi

Torje verkar sjølvsikker.

Han har eit utradisjonelt stiluttrykk, og ein intens blikkontakt. Noko som for enkelte kan opplevast som litt distraherande.

– Kan eg kan nå gjennom til den eg snakkar med sjølv om eg ser ut som ein tulling? Det syns eg er eit evig morosamt spørsmål, seier han.

en person med hatt
Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Men det mange ikkje veit er at bak humoren ligg det fleire lag med mørke. Og eit søken om å finne seg sjølv i kunst, musikk, og teologi.

Yngste på Utøya

Berre 14 år gammal opplevde han det verste terrorangrepet på norsk jord sidan andre verdskrig. Den 22. juli 2011 deltok han på AUF sin årlege sommarleir på Utøya, som ein av dei yngste.

Han var der med sin fire år eldre bror Viljar, som skulle bli ein av dei hardast ramma av terroristen. Han fekk fem skot fyrt av mot seg, og vart livstruande skadd.

Sjølv klarte Torje å gøyme seg under ein fjellvegg før han deretter forsøkte å svømme mot ein båt. Båten forlét han i vatnet då den vart skoten på.

Til slutt vart han redda saman med fleire andre.

Søvnlaus i 10 år

Det var ei brutal oppleving som forandra heile utgangspunktet mitt, fortel Torje.

– Eg lever med posttraumatisk stress, og går kvar dag med ei smerte og sorg over det eg opplevde. Eg har ikkje hatt ei god natts søvn på over 10 år, konstaterer han.

– Når liv og død kjem så tett på, får ein eit skarpt blikk på kva som faktisk betyr noko. Nemleg å vere til stades, vise kjærleik, og ikkje kaste bort tid på det som ikkje er viktig.

Det betyr at ting som kan virke ekstremt nakent og sårbart for andre, ofte er trivielt og morosamt for han. Han er ikkje redd for å snakke om følelsar.

en person som bruker hatt og drikker kaffe
Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Sjølvtillit i det sårbare

Og det er nettopp det han gjer når han snakkar om måleriet «Torje».

– Ideen er å vise sjølvtillit i sårbarheita. Eller i alle fall er det slik eg ser det, og eg synest det er spennande. Det er eit uttrykk som eg likar veldig godt i seg sjølv, seier Torje med stor innleving om måleriet «Torje».

«Torje» er mala av kunstnaren Sverre Malling. Ein godt etablert kunstnar, som har stilt ut på Høstutstillingen åtte gongar.

– Eg har takka nei til ulike modelloppdrag tidlegare, men det er noko heilt spesielt med denne kunstnaren og blyanten her, seier Torje tydeleg.

en mann som holder en blyant
Foto: Kjetil Sorhøi / NRK

Kritiserer giftig maskulinitet

Sverre Malling er blant anna kjent for rettsteikningane han gjorde under rettssaka mot Anders Behring Breivik i 2012. Men det er ikkje terroren på Utøya som er i fokus denne gang. Kunstnaren vil med denne teikninga tematisere maskulinitet og mannsrolla.

Eg ville lage ei teikning som kan opne opp for nye tankar rundt maskulinitet, tradisjon og representasjon. Og å vise samanhengen mellom historia og det som skjer i dag, forklarer Malling.

en mann med skjegg
Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Dei siste åra har debatten kring kjønnsroller fått ny fart – og dei siste vekene har temperaturen stige ytterlegare. Fenomen som tradwife og diskusjonar om kvinners plass i samfunnet har igjen blitt heite tema.

Samtidig har fleire mannlege influensarar, med Andrew Tate i spissen, fått massiv kritikk for å spreie det mange omtalar som giftig maskulinitet.

– Om du ser på maskuliniteten som blir dyrka i «mannosfæren», er den ofte hierarkisk og dominansbasert. Det er ein aggressiv form for maskulinitet der det å vere svak eller sårbar blir sett ned på, fortel Malling.

Malling håpar derfor at portrettet «Torje» kan vise at det finst fleire måtar å vere mann på.

– I dag ser eg ein tendens til at ein prøver å definere og standardisere maskulinitet, særleg gjennom nettkanalar som gir unge menn snevre og ofte skadelege råd. Det kan gjere det enda vanskelegare for dei som allereie føler seg utanfor.

en person i dress på sykkel
Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Kjenner seg ikkje igjen

Mens Malling er opptatt av at gutar og menn ikkje må låse seg fast i ein gammaldags mannsrolle, har Torje eit heilt anna syn.

– Personleg kan eg ikkje seie at det er tronge rammer for menn i dag. Men det er berre fordi eg ikkje kjenner på det inni meg, rett og slett.

For kva betyr det eigentleg å vere mann – eller menneske? spør han, og lar spørsmålet henge.

Torje Peder Sverre Hanssen speler fiolin
Foto: Kjetil Soljøi / NRK

For Torje handlar ikkje maskulinitet om kropp eller kjønn. Det er ikkje eit spørsmål om penis eller vagina, men om kva verdiar vi knyter til det maskuline og det feminine i kulturen.

– Mitt forhold til maskulinitet? Det er nesten ikkje-eksisterande. Eg ser på meg sjølv som eit menneske.

Han er derimot klar over at meiningane hans skil seg ut frå majoriteten. Slik han også gjorde under oppveksten.

Mor som forbilde

Torje vaks opp på Svalbard, og var ein av få barn der som var oppteken av skodespel.

– Det er det ingen tvil om, at eg kanskje ikkje passa heilt inn. Eg var den som ville gå på dramalinja på Svalbard mens alle andre ville gå yrkesfag. Eg har alltid visst kva eg vil.

Resolutt som han var, flytta han til Tromsø for å følgje draumen om å gå på dramalinja på vidaregåande.

  • Torje Peder Sverre Hanssen og Viljar Hanssen som barn.
    Foto: Privat
  • Torje Peder Sverre Hanssen på snøscooter
    Foto: Privat
  • Torje Peder Sverre Hanssen på scena
    Foto: Privat

Han fortel at den uredde mentaliteten har han fått av mor si, Christin Kristoffersen.

Kristoffersen er ein kjent Ap-politikar og var den fyrste kvinnelege leiaren for lokalstyret i Longyearbyen på Svalbard. Ho er elles nå gift med generalsekretær i Norsk Folkehjelp, Raymond Johansen.

– Eg har alltid sett veldig opp til, og har hatt stor respekt for mamma. Ho lærte meg at vi er i stand til å vere mykje meir enn det som er forventa av oss når det kjem til overflatiske kjedelege rammer som kjønn og utsjånad.

– Ho er ein sjef, høglydt, veltalande, intelligent, sterk, ærleg, uredd med mykje kraft og sjølvtillit. I kraft av det lærte eg om feminisme, utan å kjenne til konseptet ein gong, legg han til.

Torje fortel vidare at han allereie som ung, i 16-17-års alderen, med vilje braut med tradisjonelle kjønnsnormer. Han understrekar at dette ikkje var eit ønske om å skifte kjønn, men meir ein provokasjon av samfunnet og normene.

– Eg hadde nesten berre dameklede og sminke. Og ikkje nødvendigvis fordi eg ønskte å skifte kjønn, som nokon ønsker også.

Fascinert av religion

For Torje har kunsten, og da spesielt musikk, vore ein arena der han har kunne uttrykke seg sjølv. Han er musikar, spelar piano og har vore nominert til Spellemann med artistane Tyr og Jimi Somewhere.

Og han er akkurat like lite opptatt av kategorisering her som alle andre stader, men han har laga eit album i sjangeren støy.

– Kunst er for meg ei utvida form for kommunikasjon – eit forsøk på å uttrykke det språket ikkje strekker til for. Allereie som barn opplevde eg ord som utilstrekkelege for å vise kva eg eigentleg følte. Derfor bruker eg kunst, musikk, kroppsspråk og performance som verktøy for å bli sett, høyrt og forstått.

  • en person som spiller piano
    Foto: Kjetil Solhøi / NRK
  • en person med langt hår
    Foto: Kjetil Solhøi / NRK
  • Mann med langt hår
    Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Akkurat nå jobbar han med eit album han håpar kan vere klar til 2026. Samtidig som han studerer teologi.

– Eg er veldig fascinert av religion og spiritualitet. Eg har alltid likt å vere i kyrkja og snakke med religiøse folk, fordi dei snakkar om viktige ting. Om død og meininga med livet, og om kjærleik ...

Torje stoppar opp litt, før han fortset.

– Altså ting som eg allereie er opptatt av. Eg føler ein nærleik og ei glede i kyrkja og i det religiøse.

Hans førre album «Uhyre» vart for det meste spelt inn i Kampen kyrkje, der han også har heldt mange konsertar dei siste åra.

Om han kjem til å jobbe som prest er han usikker på.

– Det er lenge til enda, men det blir spennande å sjå. Det hadde vore fint å jobbe i kyrkja.

Finne den ultimate fridomen

Men aller fyrst skal portrettet av han henge på Høstutstillingen.

et bilde av en person
Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Når Malling blir spurt om korleis det faktum at Torje er Utøya-overlevar påverkar måten vi tolkar portrettet på, svarer han:

– At Torje er overlevande frå tidenes verste terrorhandling i Noreg, og at han samtidig representerer mykje av det den høgreekstreme terroristen hatar, gjer Torje til ein viktigare modell. Det legg nok også føringar for korleis vi les og opplever portrettet.

For Torje er uansett det viktigaste i debatten om kjønn, maskulinitet og feminitet at vi klarer å sjå igjennom desse kategoriane.

en mann med hatt
Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Det ultimate fridomen er å sjå gjennom desse strukturane, byggje dei ned å vere i fritt fall utan å byggje nye fengsel. Det ønsker eg for meg sjølv og for alle andre når det kjem til identitet, kjønn og normer. Fritt fall, avsluttar han.

Les også «Det er ikke hvert år jeg gråter på Høstutstillingen»

Skulptur av Tiril Havdal fra Høstutstillingen 2025