Hopp til innhold

ESC: Dyrt, spektakulært og unikt

– Finalen i Eurovision Song Contest 2010 kjem til å hamne i historiebøkene som ei unik sending, meiner medieforskar Henrik Bastiansen.

Henrik Bastiansen

Medieforskar ved Høgskulen i Volda, Henrik Bastiansen presenterer det siste høgdepunktet i NRKs historie.

Foto: Gaute Hareide

Fredag 20. august fyller NRK Fjernsynet 50 år. I medieforskar Henrik Bastiansen sin gjennomgang av høgdepunkta i tv-historia har vi no kome fram til vår eiga tid.

– Eurovision-finalen var ei tv-sending så spektakulær, overveldande og profesjonelt gjennomført at det er eit unikt tilfelle i norsk fjernsynshistorie.

Dyraste tv-sending

Finalen i Eurovision Song Contest gjekk av stabelen på Telenor Arena på Fornebu 29. mai 2010.

– Det var den dyraste tv-sendinga i norsk historie. Og den dyraste tv-sendinga NRK nokon gong har produsert, det kosta over 200 millionar kroner. Det var eit gigantisk tv-show for heile Europa, seier Bastiansen.

Det var rettnok ikkje første gong NRK arrangerte finale i Eurovision Song Contest. Bobbysocks vann i 1985 og Secret Garden i 1995. I 1986 og 1996 produserte difor NRK store og flotte finalesendingar, men det var likevel noko spesielt den tredje finalen i 2010, meiner Bastiansen.

Video – Alexander nå må du slutte å kysse

Her har tyske Lena akkurat vorte utropt som vinnar av Eurovision song Contest 2010.

– Alexander Rybak hadde vunne den internasjonale finalen i Moskva i 2009 med «Fairytale», i ein finale som hadde overgått omtrent alt som var produsert tidlegare. Russarane hadde verkeleg lagt seg i selen og produsert eit kjempeshow, som ingen hadde sett maken til.

Dei siste åra har Eurovision Song Contest vakse i omfang, det er fleire sendingar, og interessa har auka veldig.

– Etter den enorme finalen i Moskva i 2009, låg det i korta at NRK måtte lage ei supersending i 2010. Dei brukte eitt år, det kosta over 200 mill kroner.

– Tyskland får eit problem

Dette er den største enkeltsendinga NRK Fjernsynet har produsert. Ein måtte ha fagekspertise på alle område, og gjennomføringa av arrangementet kravde enormt mange menneske.

– Eurovision-finalen i 2010 vil nok verte ståande i historiebøkene som ein svært imponerande og veldig profesjonell tv-produksjon, og noko som skil seg ut i norsk fjernsynshistorie.

Lena Meyer-Landrut i Eurovision-finalen

Lena Meyer-Landrut vann finalen, og gjev dermed Tyskland den vanskelege oppgåva med å arrangere finalen i 2010.

Foto: DANIEL SANNUM LAUTEN / Afp

Tyske Lena Meyer-Landrut sjarmerte heile Europa med songen «Satellite» og vann overlegent.

– Dermed vert det Tyskland si oppgåve å arrangere finalen i 2011. Korleis dei skal klare det etter to slike supersendingar, det er deira problem, seier Henrik Bastiansen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Kulturstrøm

  • Tre store motehus blir bøtelagt av EU-kommisjonen

    Motehusa Gucci, Chloé og Loewe blir bøtelagt med over 157 millionar euro for å ha gjennomført prising som er i strid med EU sitt reglement, kjem fram i ei pressemelding frå EU-kommisjonen.

    Motehusa skal ha fastsett vidaresalsprisar i strid med EU sine konkurransereglar.

    Motehusa skal ha avgrensa moglegheita for uavhengige tredjepartsforhandlarar til å sette eigne prisar for produkt designa og selt under merkevarene.

  • Musikalen Les Misérables er 40 år

    I år er det 40 år sidan musikalen Les Misérables hadde premiere på West End i London.

    Les Misérables er ein av dei mest spelte musikalane i verda. Det trass i at musikalen ikkje blei godt mottatt i 1985. Etter kvart vann musikalen fleire prisar.

    Musikalen flettar saman fleire menneske sine skjebnar som lev i Frankrike på starten av 1800-talet.

    en gruppe mennesker som går nedover en gate med en brann i bakgrunnen
    Foto: Lasse Berre
  • Swift med flest førsteplassar på Billboards albumliste

    Taylor Swift har stor suksess med sitt nye album «The Life of a Showgirl». Artisten er no den soloartisten med flest førsteplassar på Billboard albumliste, melder NTB.

    Swift har med det gått forbi både Drake og Jay-Z. Det nye albumet til Swift debuterte på førsteplass ei veke etter at det blei gitt ut.

    Utanom hennar første album, har dei gått rett inn på førsteplass. Ho er oppe i 15 og nærmar seg å ta rekorden frå Beatles som har 19.

    Albumcover til Taylor Swift
    Foto: NTB