Musikkåret 2017 viste at det er gode tider i norsk musikk. Der popartistar som Kygo, Alan Walker og Sigrid blei lagt merke til både i inn- og utland. Den norske musikkbransjen har også vore i kraftig vekst dei siste åra.
Søndag 25. februar skal norsk musikk heidrast under utdelinga av Spellemannprisen. Det skal delast ut prisar i fleire musikkategoriar, blir det også delt ut ein heiderspris, som Arve Tellefsen fekk i fjor, og Årets Spellemann, som i fjor gjekk til Marcus og Martinus.
Kan bli storvinnar
Cezinando kan bli den store vinnaren når prisane blir delt ut. Han er nominert i kategoriane urban, årets tekstforfattar, årets album og årets låt. Han er stolt og glad over å vere nominert, men synest også det er veldig rart.
– Eg var på spellemannshowet for første gong i fjor. Og det var veldig surrealistisk. Då eg var liten, såg eg utdelinga på TV. No står eg her som nominert. Det er veldig rart.
- Les:
Han seier han er stolt over å vere nominert i så mange kategoriar. Og nominasjonane er også ein inspirasjon som gir han ei kreativ skapekraft og lyst til å halde fram med å skrive musikk, seier han til NRK.
Stuerein «Fy faen»
Rapartisten Hkeem er nominert i klassane årets nykommer og årets låt. Han gjekk til topps på Spotify, etter at låten «Fy faen» blei brukt i ungdomsserien «Skam». Låten har også blitt ein stor hit blant barn. Noko som har fått blanda mottaking blant foreldre.
– Eg meiner kanskje songen har gjort «fy faen» til eit vanleg ord. Barna synest det er morosamt å seie det. Det er mange foreldre som har kome til meg og sagt: «Sjå kva du har gjort no!» Men på ein veldig kjærleg måte.
Rapartisten Hkeem meiner han har vore med å gjere «fy faen» til eit stuereint uttrykk.
Men han er også veldig stolt og glad for at han, allereie på første forsøk, er nominert til Spellemannprisen.
– Denne prisen gir oss unge artistar ein eineståande sjanse til å promotere oss. Vi får oppleve noko som vi ikkje får oppleve så ofte. Og dersom eg skulle vinne på første forsøk, kjem eg til å bli kjenne ei glede det blir lenge til eg vil få kjenne igjen.
- Les:
- Les:
Prisen blir delt ut i Oslo Konserthus søndag 25. februar. Jenny Skavlan, Thomas Felberg og Tarjei Strøm skal vere programleiarar når prisutdelinga blir sendt direkte på NRK.
Her er alle dei nominerte
Barnemusikk
- Dagfinn Lyngbøs barneband: «Guttelus»
- Meg og kammeraten min: «Snydelig»
- Rasmus og verdens beste band: «Banjo på badet»
- Sangfoni: «Sangfoni»
Blues
- Dr. Bekken: «Upright Piano»
- Good Time Charlie: «Ready to Rumble»
- Joakim Tinderholt & His Band: «Hold On»
- Ronnie Jacobsen: «These Blues In Me»
Country
- Bendik Brænne: «The Last Great Country Swindle»
- Bill Booth: «Some Distant Shore»
- Bluebird's Ghost: «Miniature Scenes of Sorrow»
- Paal Flaata: «Love and Rain»
Elektronika
- +Platform: «Twelve»
- Lindstrøm: «It's Alright Between Us As It Is»
- Mental Overdrive: «Epilogue»
- Sassy 009: «Do You Mind EP»
Folkemusikk/tradisjonsmusikk
- Anne Hytta: «Strimur»
- Erlend Apneseth: «Nattsongar»
- Sogesong: «Så vide fara dei Lindarord»
- Marin/Egeland: «Sorpesoll»
Indie
- Carmen Villain: «Infinite Avenue»
- Hvitmalt Gjerde: «Våken»
- Misty Coast: «Misty Coast»
- Silja Sol: «Ni Liv»
Jazz
- Ellen Andrea Wang: «Blank Out»
- Hegge: «Vi är ledsna men du får inte längre vara barn»
- Helge Lien: «GuzuGuzu»
- Marius Neset: «Circle of Chimes»
Klassisk
- Bjarte Eike & Barokksolistene: «The Alehouse Sessions»
- Ensemble Allegria: «Mozart/Schoenberg»
- Guro Kleven Hagen/Marianna Shirinyan: «Fait Pleurer Les Songes»
- Vilde Frang: «Homage»
Metal
- Enslaved: «E»
- Helheim: «Landawarijar»
- Satyricon: «Deep Calleth Upon Deep»
- Whoredom Rife: «Dommedagskvad»
Popgruppe
- Hajk: «Hajk»
- Marcus & Martinus: «Moments»
- No. 4: «Hva nå»
- Seeb: «Seeb 2017»
Popsolist
- Cashmere Cat: «9»
- Gabrielle: «Vekk meg opp»
- Sigrid: «Don't Kill My Vibe EP»
- Susanne Sundfør: «Music for People in Trouble»
Rock
- Erlend Ropstad: «Alt som har hendt»
- Motorpsycho: «The Tower»
- Sløtface: «Try Not to Freak Out»
- Torgeir Waldemar: «No Offending Borders»
Samtid
- Al Khowarizmis Mekaniske Orkester/Ensemble Ernst: «Christian Blom – Bring Me That Horizon»
- Natasha Barrett: «Puzzle Wood»
- Oslo-Filharmonien/Kringkastingsorkesteret/Poing: «Jan Erk Mikalsen – Saan»
- Peter Herresthal/Arctic Philharmonic/Øyvind Bjorå: «Eivind Buene – Violin Conserto I Miniatures»
Urban
- Arif: «Meg & deg mot alle»
- Cezinando: «Noen ganger og andre»
- Ivan Ave: «Every Eye»
- Linni: «Medium»
Viser
- Frida Ånnevik: «Flyge fra»
- Kari Bremnes: «Det vi har»
- Marthe Wang: «Ut og se noe annet»
- Trygve Skaug: «Sanger du skal få når jeg dør»
Åpen klasse
- Erlend Apneseth Trio: «Åra»
- Jo Berger Myhre & Olafur Björn Olafsson: «The Third Script»
- Nils Økland: «Lysning»
- Ola Kvernberg: «Steamdome»
Årets komponist
- Bjørn Kruse: «Fredrik Fors & Oslo Philharmonic Orchestra: Bjørn Kruse: Chronotope – Concerto for Clarinet and Orchestra»
- Kjell Habbestad: «Sigvarts Klava & The Larvian Radio Choir: Kjell Habbestad – Et Nox i Diem Varsa»
- Martin Hagfors: «Meg og Kammeraten Min: Snydelig»
- Rolf Wallin: «Peter Herresthal/Arctic Philharmonic/Øyvind Bjorå: Rolf Wallin – Violin Concerto I Appearances»
Årets tekstforfatter
- Erlend Ropstad: «Erlend Ropstad – Alt som har hendt»
- Frank Tønnesen: «Tønes – Sesong fire»
- Kristoffer Cezinando Karlsen: «Cezinando – Noen ganger og andre»
- Sverre Knudsen: «Sverre Knudsen–Vi»
Årets album
- Cashmere Cat: «9»
- Cezinando: «Noen ganger og andre»
- Susanne Sundfør: «Music for People in Trouble»
- Tønes: «Sesong fire»
Årets låt
- Alan Walker: «Alone»
- Arif: «Alene»
- Astrid S: «Think Before I Talk»
- Cezinando: «Håper du har plass»
- Dagny: «Wearing Nothing»
- Hkeem feat. Temur: «Fy Faen»
- Kygo feat. Selena Gomez: «It Ain't Me»
- Linda Vidala feat. KingSkurkOne: «Bængshot»
- Sigrid: «Don't Kill My Vibe»
Årets nykommer og Gramo-stipend
- Charlotte Dos Santos
- Hkeem
- Kjartan Lauritzen
- Lüt
- Rohey
- Sigrid
Årets musikkvideo
- Arif: «Himmelen» (regi: Johannes Muskat Greve)
- Daniel Kvammen feat. Lars Vaular: «Som om himmelen revna» (regi: Eivind Landsvik)
- Jenny Hval: «The Great Undressing» (regi: Marie Kristiansen)
- Mikhael Paskalev: «Witness» (regi: Mikhael Paskalev, Joseph Wills, Jasper Spanning)
Årets produsent
- Magnus August Høiberg (Cashmere Cat)
- Mikkel Storleer Eriksen, Tor Erik Hermansen (Stargate)
- Ole Torjus Hofvind
- Thomas Eriksen (Earwulf)
I tillegg skal det delast ut ein publikumspris, ein heiderspris og prisen Årets Spellemann.