Hopp til innhold

Bygde europavegen «god nok» – sparte både pengar og naturen

Lite pengar gjorde til at Statens vegvesen måtte tenke nytt då E16 skulle utbetrast. No vil dei bruke denne metoden fleire stader i landet.

E16 Reiesvingen, Vestre Slidre kommune

«NY»: Med 500 millionar kroner skulle Statens vegvesen sjå kor mykje trygg og god veg dei kunne bygge på E16 gjennom Valdres.

Foto: Marius Grøndahl / Statens vegvesen

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– I dag klipper vi ikkje snora for opning av ein ny veg. Vi markerer utbetringa av ein ny veg som er god som ny. Det er dette vi skal ha meir av.

Det sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) då han endeleg kunne klippe snora etter fleire år med arbeid og utbetring av E16 gjennom Valdres.

Men vegen han offisielt opna denne gongen var ikkje ny.

Den var så god som ny.

– Her har vi brukt om den eksisterande vegen og spart naturen for inngrep samstundes som vi har fått meir av pengane og ein trygg og god veg, seier Nygård.

E16 er ein av hovudvegane mellom Oslo og Bergen, og hovudpulsåra gjennom Valdres. Vegen er den strekninga mellom aust og vest som er mest open om vinteren.

Mest mogleg for minst mogleg

Statens vegvesen fekk 500 millionar kroner for å fikse om lag 45 kilometer av europavegen mellom Fagernes og Øylo i Valdres.

Men 500 millionar kroner er ikkje mykje når det kjem til vegbygging.

Til samanlikning kostar sykkelvegen mellom Stavanger og Sandnes opp mot fire gonger så mykje, medan berre planlegginga av ny E6 forbi Lillehammer var dobbelt så dyr.

Difor måtte dei tenke nytt i Valdres. Korleis kunne dei bygge mest mogleg trygg og fin veg, for minst mogleg pengar?

Løysinga, Valdresmodellen, skulle vise seg å vere god for pengesekken, men også for naturen.

Politikere på offisiell åpning av E16 Fagernes - Øylo

No er E16 gjennom Valdres opna etter fleire år med utbetring. Sjølv om vegen no er utbetra, er ein av tilbakemeldingane frå mellom anna ordføraren i Vestre Slidre, at han ville hatt meir fokus på dei mjuke trafikantane.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

«God nok»

For i Valdres trengde ein ikkje å bygge firefelts motorveg eller å ha ei fartsgrense på 110 kilometer i timen.

Vegen skulle berre vere «god nok».

– Vi skulle gjerne hatt mykje meir, men vi kan klare oss med mykje mindre. Det handlar om kva som er godt nok, seier Cato Løkken, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Godt nok i Valdres var blant anna breiare veg, at svingar vart retta ut, betre sikt og at rasfarlege parti vart sikra.

– Det handlar om å ta vare på det vi har, og utvikle det, seier Løkken.

Cato Løkken

Cato Løkken er avdelingsdirektør for drift og vedlikehald Øst i Statens vegvesen.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

No vil Statens vegvesen og samferdselsministeren bruke denne metoden oftare.

– Erfaringane frå Valdres vil vi ta med oss i utviklinga av riksvegane fleire stader i landet, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.

– Vi må ta vare på det vi har, utbetre der vi kan og bygge nytt når vi må. Det handlar også om at vi ikkje kan halde fram med å bygge ned natur, seier Nygård.

– Vi må ta meir omsyn også når vi bygger veg. Når ny NTP kjem til våren, vil den vise at vi må ta tøffare grep og prioritere hardare.

Les også Regjeringen vil «slanke» landets nye motorveier

E18 Bamble

Rosar prosjektet

Framfor å bygge ny veg, var eit av hovudgrepa i Valdresmodellen var å bruke den gamle, eller eksisterande, vegen.

Ifølgje Statens vegvesen er 75 prosent av vegen brukt om att.

Det får nestleiar i Naturvernforbundet, Pernille Bonnevie Hansen, til å rose vegprosjektet i Valdres.

– Det er heilt fabelaktig at Statens vegvesen no omfamnar at gamle vegar kan bli som nye, og at dei tek vare på dei vegane vi har, seier ho.

Pernille Bonnevie Hansen, nestleiar i Naturvernforbundet

Nestleiar i Naturvernforbundet, Pernille Bonnevie Hansen.

Foto: Naturvernforbundet

Hansen meiner utviklinga innanfor samferdsle og vegbygging dei siste åra har gått i feil retning.

Ho meiner fokuset bør vere på å utvikle infrastrukturen slik at ein kan senke transportnivået i Noreg.

– Om Statens vegvesen kan sende Valdresmodellen til kysten mellom Bergen og Stavanger, eller nordover til Trøndelag der vi no mister enorme mengder matjord, så ville det vore bra, seier Hansen.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen