Hopp til innhold

Tretten bru open igjen: Ulykkessjåføren først over brua

Terje Brenden køyrde over Tretten bru då ho kollapsa. I dag vart han den første til å køyre over den nye brua.

Tretten bru åpnes. Terje Brenden kjørte først over

SPENT: Det vart ein spesiell dag for Terje Brenden. Sist han kjøyrde over denne brua datt ho ned. Han satt i bilen på brua.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Eg er litt skjelven, seier Terje Brenden.

Han opplevde sitt livs mareritt då brua knakk saman under han og lastebilen 15. august i fjor.

Bilen sklei ned mot elva, men stoppa der brua hadde ein knekk. Seinare vart Brenden berga ut av redningsfolk frå eit helikopter.

Den sindige sjåføren har ikkje sagt mykje om saka til no. Men i dag var han glad for at brua var opna igjen, og at alt såg ut til å fungere greitt.

– Å vera først over brua blir ei form for terapi, og eg stoler på at den fungerer, seier Brenden.

I etterkant av den dramatiske episoden har Brenden unngått trebruar.

– Eg har kjøyrt over mange bruar, men ingen laga av tre. Heldigvis er dette inga trebru, seier han.

Les også Bru har kollapset: – Dramatisk for sjåførene

Lastebilsjåfør reddes ut fra kollapset bru på Tretten

Ei mellombels bru

Brua over Gudbrandsdalslågen var ikkje berre ei vanleg transportåre. Det var den som samla bygda, folk på begge sider av elva kunne omgåast kvarandre når dei ville.

Då brua gjekk i elva, delte den bygda i to.

Verst har det vore for dei som bur på Vestsida av Gudbrandsdalslågen. I snart eitt år har dei køyrd langt på ein dårleg omkøyringsveg for å komme seg dit dei skal kvar dag.

I dag vart det endeleg brusamband over elva igjen.

Ikkje ein dag for tidleg, meiner mange av innbyggjarane.

– Først trudde vi brua skulle opne til jul. Så vart det sagt til våren, og at ungane våre skulle få gå eller bli frakta over, siger Ingeborg Frøyse Moe.

Tretten bru åpnes

Tungt år: Ingeborg Frøyse Moe synest ikkje det er så mykje å feire at brua er på plass.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Tidkrevjande omvegar

Ho er ei av dei som synest dette har vore eit frykteleg tungt år, og synest ikkje det er så mykje å feire at brua er på plass.

Ho får støtte av fembarnsmor Nina Bjørnesset. Minstejenta på sju år har hatt 40 minutt busstur kvar veg til skulen. Og tenåringane har sakna sosial kontakt utanom skuletid, dei har vore avhenginge av skyss med foreldra.

– No blir det godt å få kvardagen tilbake igjen, seier Bjørnesset.

Kan stå i 10 år

Den mellombelse brua som no skal gjenopprette samband mellom aust- og vestsida av tettstaden Tretten, har kosta 75 millionar kroner.

Brua vart opna for mjuke trafikantar den 23. juni. I dag kan også bilane rulle over. Køyretøy på inntil 60 tonn kan no passere.

Sjølv om brua er mellombels, er ho konstruert for å kunne stå i 10 år, og har same krava til tryggleik som ei permanent bru.

14 bruer vart stengde

Brua som kollapsa, var ei såkalla fagverkbru i tre. Hendinga fekk store følgjer for alle slike bruer rundt i landet.

Statens vegvesen vedtok å stengje 14 fagverkbruer i tre rundt om i landet inntil årsaka til kollapsen på Tretten bru var undersøkt nærare.

Fleire av dei vart stengt i mange månader før dei var erklært sikre for trafikk.

Les også Julius ble møtt av to stengte bruer på skolevegen

Julius Holth ved Norsenga bru i Kongsvinger

Terje Brenden er glad brua på tretten er opna att. Sjølv har han vore på jobb i lastebilen kvar einaste dag sidan ulykka skjedde i august i fjor. Men han seier han kjenner det når han kjøyrer over bruer.

Lastebil kjører over brua Tretten.

KJØYRTE FØRST: Terje Brenden fekk køyre først over brua ved Tretten som åpna i dag.