Hopp til innhold

Jimmy og William sitt historiske oppdrag med å vakte grensa er over

Ein epoke er forbi for grensefolket. Frå midnatt er alle grenseovergangar til Sverige opne.

William Lien frå Lesjaskog og Jimma Høyan Trysil. HV-soldatar som har stoppa folk på grensa i koronaperioda.

HISTORISK OPPDRAG: William Lien og Jimmy Høyan har berre hjelpt til i eit par veker, men Heimevernet har vore viktige gjennom heile pandemien for å kontrollere grensa.

Foto: Anne Kari Løberg / NRK

Heimevernet-soldatane William Lien og Jimmy Høyan gjer nokre av sine siste kontrollar på svenskegrensa ved Støa i Trysil.

Dei siste vekene har dei vore med på å halde vakt ved den norske grensa og kontrollert alle som reiser over.

Før 2020 hadde ikkje norske soldatar gjort dette sidan 1905.

HV-soldatar stoppar bil til sjekk over svenskegrensa. Trysil.

SISTE SJEKK: Soldatane har berre nokre bilar att å stoppe før dei er ferdige.

Foto: Anne Kari Løberg / NRK

– Har merka at folk er utolmodige

For William frå Lesjaskog har det vore veldig roleg arbeid, sjølv om han har møtt interessante folk.

– Eg trefte på ein konspirasjonsteoretikar, det var gøy! Han hadde mykje ymse teoriar om korona, men var hyggeleg, og det var berre å jatte med, seier lesjingen.

Elles har det vore lite action. Dei som har prøvd å kome seg over lukka overgangar har blitt pent bedt om å snu.

– Dersom det blir problem har vi berre teke det vidare med politiet.

Bomstopp ved Trysil. Svenskegrensa.

IKKJE LENGER BOM FAST: Alle dei fysiske hindringane blir fjerna frå grenseovergangane innan midnatt.

Foto: Anne Kari Løberg / NRK

No har han siste skift saman med Jimmy frå Trysil. For kollegaen er det vanlegvis er kort veg til Sverige.

– Eg har merka at folk er utolmodige. Det er rart å ikkje kunne ta helgehandlinga i Sverige.

Likevel har det gått greitt. No er dei begge klare for å stikke tilbake til dei vanlege liva sine.

– Det er ikkje like hard arbeidsmengd her som i spekematproduksjon, ler William.

Pakkar saman

Når skifta deira er slutt, er ei epoke over.

Innan midnatt har Heimevernet pakka saman, ferdige med oppdraget sitt.

Då er alle grenseovergangar mellom Noreg og Sverige opne, utan bommar:

Dei som ikkje er fullvaksinerte, kjem frå mørkeraude land, eller føler seg sjuke, har enno plikt til å teste seg.

Likevel blir det ein stor skilnad frå det folk har levd med til no.

Det er det mange langs heile grensa som er glade for.

Skal besøke familien og nærbutikken

Berre 50 meter frå svenskegrensa, i Halden på Holtet, bur Janne Marie Bustgaard Kitterød saman med familien sin.

– Vi har ikkje tenkt at det har vore noko grense før, vi har berre gått over og gått turar, dratt på stranda og dratt i butikken, seier Janne.

Janne Marie Bustgaard Kitterød som bur 50 meter frå svenskegrensa.

TILBAKE TIL NORMALEN: For familien til Janne Marie Bustgaard Kitterød har det vore ulovleg å krysse bekken eit steinkast frå huset.

Foto: Martin Tangen Schmidt / NRK

Då pandemien førte til fysiske barrierar mellom naboen vart alt veldig rart for dei. For familien vart det til og med ulovleg å krysse bekken, sidan han markerer grensa.

– Det er mange som pendlar over som bur i nærområda, så eg veit at det er mange som har slite.

Gjenopninga i natt gjer at lokalsamfunnet får gå litt tilbake til normalen. Det betyr mykje for familien å sleppe omvegen via Svinesund.

Og planane for i morgon er klare. Dei skal besøke familie, vener og nærbutikken, berre ti minutt unna.

– Vi må over alle saman. Då blir det pizza i Tanum og svenske ostar, det gler vi oss til.

  • Det er ikkje berre svenske ostar dei ekstra kontrollane har stoppa siste året:

Framleis reglar

Sjølv om det blir meir ope i natt, er det framleis nokre reglar ein må følgje.

Truls Andre Hjortnæs, fagansvarleg for trafikk og sjøteneste i Øst politidistrikt, tilrår at alle reisande gjer seg kjent med reglane på regjeringa si nettside og har appen «Reiseklar» dersom dei skal på tur.

– Folk har framleis eit ansvar for å vere forsiktig, prøve å halde seg smittefri, ikkje ta med smitte heim og passe på å gjere seg kjent med dei reglane som gjeld for innreise, fortel Hjortnæs.

Portrettbilde av fagansvarlig for trafikk- og sjøtjenester, Øst politidistrikt, Truls Hjortnæs.

TILLIT: Det er enno reglar, men folk har sjølv ansvar for å ha kontroll på kva som gjeld frå no.

Foto: Rune Fredriksen / NRK

Gjenopninga gjeld innanfor Schengen. Dersom ein kjem utanfrå er reglane som før.

– Politiet vil gå tilbake til den verksemda som vi har hatt tidlegare, og følgje opp grensa på den måten, så vi vil ikkje vere heilt borte. Det blir stikkprøver, seier han.

Det blir likevel annleis frå den jobben dei har stått i til no.

– Det har vore mykje arbeid og organisering for å få det til. Vi har trengt mykje mannskap, men vi har klart og halde ut så lenge som vi måtte.

Flere saker fra Innlandet