Hopp til innhold

Slik får du heimeundervisninga til å funke best mogleg

– Litt fint og litt dumt, seier Olea (7) om heimeskule. Her er tipsa til god flyt i skuleheimen!

Heimeundervisning på Gjendesheim

HEIMESKULE: Olea og Aune Taagvold Haugaløkken synest det funkar greitt å ha skule med faren sin, men saknar å leike med venner.

Foto: Marius Haugaløkken

– No er det heimeskule for full guffe her på Gjendesheim, seier Marius Haugaløkken.

Familien driv turisthytta som har stengt no, og Marius er både pappa og lærar for dei to skuleungane sine om dagen.

Fjerdeklassingen Aune og andreklassingen Olea har fått kvart sitt opplegg frå skulen som dei følger.

Aune og Olea går til heimeskulen på Gjendesheim

PÅ VEG TIL HEIMESKULE: Olea og Aune Taagvold Haugaløkken har heimeskulen på turisthytta Gjendesheim, som familien deira driv. Her går dei frå hytta dei bur i til hovudhytta.

Foto: Marius Haugaløkken

– Eg synest eigentleg det går heilt fint. Eg har jobba med norsk, matte og litt engelsk på pc-en. Viss det er vanskeleg sender eg berre mail til læraren, seier ni år gamle Aune Taagvold Haugaløkken.

Korleis få det best mogleg på heimeskule

Med stengde skular over heile landet har ungar og foreldre fått kvardagen sin snudd på hovudet.

Foreldregruppe, bekymra i heimeskule

BEKYMRA: I foreldregrupper på Facebook deler folk si bekymring om dagen. Fleire er usikre på korleis dei skal gjennomføre den nye kvardagen.

Foto: Skjermdump

Foreldra er no tettare på skulearbeidet og mange føler eit stort ansvar. Ein professor i pedagogikk og ein lærar har tips til å få dette til å funke:

  • Lag gode rutinar

Sjølv om ein er heime bør ein prøve å få dagen til å likne mest mogleg på ein skuledag, meiner Thomas Nordahl som er professor i pedagogikk.

– Stå opp til vanleg tid og gjer akkurat det same som før ein går på skulen elles. Men det må skiljast mellom det som er skulearbeid og pausar, seier han.

  • Gi påskjøning

Det kan også vere lurt å ha påskjøningssystem.

– Så når du har jobba godt kan du få tilgang til sosiale medium, TV, spel også vidare, seier professoren.

  • Lag arbeidssoner
    Forskar i pedagogikk, Thomas Nordahl, på heimekontor under koronakrise

    TIPS: Thomas Nordahl har fleire tips til foreldre som har ungane sine på heimeskule no.

    Foto: Privat

Om det er mogleg der du bur, kan det vere lurt å lage «arbeidsrom» for skulearbeidet og at friminuttet skjer ein annan plass.

– Om det ikkje er fysisk, så lag rom der ein etablerer at «her er skulen min no». Om du har eit eiget rom med ein pult er det lurt at det føregår der, seier Nordahl.

  • Ta igjen det du ikkje fekk til

Lærar, Håvard Tjora, seier at om foreldra har tid og kunnskap til å rettleie ungane sine no, kan det vere smart å bruke tida til å ta opp igjen ting ungane har «gått glipp av».

– I skulen har vi så og så mange veker til kvart kapittel før vi må vidare, og ein del elevar har kanskje ikkje fått med seg kva det dreidde seg om. No har ein moglegheit til å gå tilbake til dette, seier Tjora.

Han tipsar om at YouTube har gode videoar ein kan bruke til mellom anna matte.

Håvard Tjora

HA DET TRIVELEG: Lærar, Håvard Tjora seier det er ein utfordrande situasjon for både unge og vaksne, så det er viktig å prøve å ha det hyggeleg heime no.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK
  • Gjer det hyggeleg

Tjora seier at det aller viktigaste er at ein må gjere heimeskulen triveleg.

– Om det er kjempedårleg stemning med skrik, skrål og kjefting frå vaksne er ikkje det ein god læringssituasjon. Ein må legge inn pausar. Og lage litt tant og fjas og ha det litt moro undervegs, seier læraren.

Innegym på gjendesheim heimeskule

GYM: Olea og Aune Taagvold Haugaløkken har gym inne i peisestova på Gjendesheim. Det stod uteaktivitet på timeplanen, men der dei er var det snøstorm.

Foto: Marius Haugaløkken

Bekymra for dei svake

Dei to pedagogane er einige om at dette er ein krevjande situasjon både for ungane, lærarane og foreldra.

Dei elevane som har behov for tett oppfølging frå lærarar og assistentar får litt mindre av det no. Nordahl er litt bekymra for dei.

– Nokon elevar lukkast med dette og er motiverte, mens andre kanskje koplar seg meir eller mindre av. Det kan føre til at nokon elevar ikkje tilsegner seg lærestoffet dei skulle gjort i denne perioden, seier han.

Håvard Tjora seier det kanskje er spesielt stressande for dei som skal ha eksamen til våren. Men at det er viktig å hugse på at utdanninga til barneskuleungane dine ikkje blir øydelagt om heimeskulen ikkje går heilt etter planen.

– Om ting heime går i kål, så skal dei tilbake til skulen og dei har mange år igjen før dei skal ha avsluttande eksamen, seier han.