Hopp til innhold

Pensjonisten Tor ville jobbe meir utan å tape på det – dette vart løysinga

Den pensjonerte politibetjenten kunne tapt på å kombinere pensjon og jobb. Nå kan det komme ei endring.

Tor Ertsås er pensjonist men tilbake i jobb. Nå er han sjåfør for Hamar kommune.

PENSJONIST: Tor Ertsås pensjonerte seg då han var 60 år. Han set stor pris på at han kan jobbe sjølv som han er pensjonert frå politijobben, utan å tape på det.

Foto: Frode Meskau / NRK

– Eg kjenner jo at eg har ei restarbeidsevne, og den vil eg gjerne nytte, seier Tor Ertsås.

Som tidlegare politibetjent gjekk han av med pensjon då han var 60 år, men han hadde lyst til å jobbe meir.

Nå er han tilsett for å gjere ein jobb i kommunen. Det kunne blitt eit økonomisk tapsprosjekt.

– Pensjonen kunne blitt avkorta, i alle fall om eg jobba i stat eller kommunen og under pensjonssystema deira, hevdar Ertsås.

Tor Ertsås

Tor Ertsås er tilsett som sjåfør for Hamar kommune, via bemanningsbyrået «Gammel nok». Utan det mellomleddet, kunne Ertsås tapt pengar på å jobbe.

Foto: Frode Meskau / NRK

Satsar på pensjonistane

For nokon opplever pensjonsreglane som lite fleksible. Særleg i offentleg sektor.

Reglane for offentleg pensjon, gjer at enkelte ikkje kan fortsette å jobbe i det offentlege etter dei har pensjonert seg, utan å få ei avkorting av pensjonen.

I privat sektor er det derimot pengar å hente. Der kan ein spe på pensjonen utan å tape på det.

– Det å gå frå pensjonisttilvære og tilbake til arbeidslivet er ikkje så lett om du skal jobbe vidare i det offentlege. Då kan du få ei avkorting i pensjonen din, og det er det ikkje mange som vil.

Det seier Tom Zachariassen som er dagleg leiar i bemanningsbyrået Gammel nok Innlandet.

Daglig leder i Gammel Nok Innlandet

Tom Zachariassen er dagleg leiar i bemanningsbyrået Gammel nok Innlandet som satsar på dei eldre.

Foto: Frode Meskau / NRK

Han har valt å satse på pensjonistane og seniorar. Bemanningsbyrået tilset folk over 50 år.

– Vi ønsker å hjelpe seniorressursar tilbake til arbeidslivet. Dei som har gått av med pensjon for tidleg og synest livet er kjedeleg.

– Når vi veit kva slags veg demografien i Noreg går, så må vi bruke den arbeidskrafta som finst. Det å legge dumpar i vegen for det, er ikkje smart, seier han.

Heng etter

Kari Østerud er direktør i Senter for seniorpolitikk. Ho meiner arbeidslivet er avhengig av at erfarne folk og seniorar står lengre i jobben.

– Vi står framfor eit historisk skifte der vi er fleire eldre enn barn og unge.

– Om vi skal klare å levere, er vi avhengige av å jobbe lengre før vi går av med pensjon, seier ho.

Kari Østerud, direktør Senter for seniorpolitikk

Kari Østerud, direktør i Senter for seniorpolitikk. 

Foto: Senter for seniorpolitikk

Ho forklarer at ein i privat sektor fritt kan kombinere arbeid og pensjon. Det vil seie at ein kan ta ut alderspensjon samstundes som ein jobbar, utan ei avkorting i pensjonen.

Offentleg sektor har derimot hange etter, men det er ei endring på trappene.

– Regelverket skal vere slik at det lønner seg å jobbe lenge, seier ho.

Les også Pensjonsreformen: Frykter hun taper en tredel av pensjonen

Lena Jansen Hoel, tidligere sykepleier

Foreslått endring

For tilsette i offentleg sektor vil få ei ny ordning for avtalefesta pensjon (AFP) dersom forslaget regjeringa la fram i desember får fleirtal.

I praksis betyr det nye forslaget at ein kan ta ut pensjon fleksibelt og fritt, og kombinere det med arbeidsinntekt.

Omlegginga gjer at det lønner seg å jobbe lenger enn det gjer i dag, ifølge regjeringa.

– Den nye ordninga vil legge til rette for eit lengre arbeidsliv i offentleg sektor, samstundes som det vil vere mogleg å gå av tidleg med eit godt pensjonsnivå for dei som ønsker det, sa arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) i desember.

Tonje Brenna

I desember la regjeringa ved arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap), fram eit forslag som kan gjere til at det lønner seg å jobbe lengre, også i offentleg sektor.

Foto: William Jobling / NRK

Den nye ordninga kan gjelde for alle som er fødd i 1962 eller seinare. Ny AFP kan bli utbetalt frå 2025 når 1963-kullet fyller 62 år.

Yrkesaktiv pensjonist

For den pensjonerte politibetjenten, er det godt å komme ut i arbeid igjen.

Han jobbar med å køyre eldre frå der ei bur til eit dagsenter i byen.

– Det er veldig hyggeleg. Det er så givande å vere saman med dei, seier Ertsås.

Tor Ertsås

Tor Ertsås trivst godt i jobben for Hamar kommune.

Foto: Frode Meskau / NRK

Han kan framleis ha mange yrkesaktive år igjen som pensjonist.

– Det er det med å gjere nytte for seg, også samstundes få ein liten økonomisk gevinst på det, seier pensjonisten.

Les også Seniorer er gull verd

Kvinne i jobb