Hopp til innhold

Margreet og Nina fyller hol i vaktplanen sjølv om dei er pensjonistar

7000 sjukepleiarar manglar. I mange kommunar er pensjonistane med på å tette hol i vaktplanen.

Spesialsjukepleiarar Nina Moe Bøge og Margreet Maijer på Kulatoppen omsorgssenter i Måløy.

TRÅR TIL: Sjukepleiarane Nina Moe Bøge (t.v.) og Magreet Maijer er pensjonistar, men tek hyppig vakter på sin gamle arbeidsplass.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Då eg byrja i jobb i 1975 var det vanskeleg å få jobb innan helse. «Alle» ville ha jobb, ler Nina Moe Bøge.

Men det var då.

På medisinrommet på Kulatoppen omsorgssenter i Måløy er arbeidsdagen i gang. Bøge har runda 66 år. Kollegaen Margreet Maijer er 63.

Begge har tidlegare vore fast tilsette på omsorgssenteret, men i dag er dei vikarar. Dei har for lengst gått av med pensjon, men ønskjer framleis å jobbe litt.

– No kan eg velje kva tid eg ønsker å jobbe og eg kan jobbe mindre enn før, seier Maijer.

Alvorleg mangel på arbeidskraft

Tidene har forandra seg sidan pensjonist-vikarane på Kulatoppen starta arbeidslivet. I dag manglar det om lag 7000 sjukepleiarar i heile landet.

Ifølge tal frå SSB kan det vere snakk om 28.000 i 2035.

Fleire kommunar slit med å rekruttere til ledige stillingar innanfor helse og omsorg.

– Vi opplever at vi ikkje får søkarar eller søkarar med relevant kompetanse til ledige stillingar, fortel tenesteleiar ved Kulatoppen omsorgssenter i Kinn kommune, Tone Husevåg.

Det er dei ikkje aleine om.

– Vi har tre ledige vikariat og ei ledig fast stilling. Desse har vi akkurat lyst ut på nytt då vi ikkje har fått søkarar, seier Essi Mäki, tenesteleiar for pleie og omsorg i Aurland kommune.

Kommunen har vurdert å sette inn tiltak som til dømes særavtalar for pensjonistar for å få vaktplanane i helsetenestene deira til å gå opp.

– Vi må rett og slett tenke nytt og annleis rundt korleis vi organiserer tenestene våre, seier Mäki.

NRK har også fortalt om Tromsø som manglar om lag 100 sjukepleiarar for å dekke dei kommunale helsetenestene.

Nina Moe Bøge er pensjonist, men jobbar som vikar på eit omsorgssenter.

– Det er spennande arbeid med utfordringar, seier Nina Moe Bøge.

Foto: Seline Larsen / NRK

Må bruke pensjonistar

Nabokommunen til Kinn, Bremanger, har slite med rekrutteringa til sine helsetenester over lang tid.

– Vi er i sterk konkurranse om å rekruttere sjukepleiarar, seier Randi Ytrehus, kommunalsjef for helse og omsorg i Bremanger kommune.

Kommunen er avhengig av pensjonistane for å ha nok folk på vakt.

– Det er kjempeflott at dei kan ta på seg vakter. Dei er kjempeviktige og det er flott at dei stiller, meiner Ytrehus.

Norsk Sykepleierforbund kjenner til at 5000 pensjonerte sjukepleiarar var i arbeid då pandemien var på sitt verste. I dag er talet noko lågare, men framleis høgt, fortel forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen.

– Det er nesten ein føresetnad slik som situasjonen er i dag med mangel på sjukepleiarar og personell, seier ho.

Forbundsleiaren legg til:

– Dei er ein kjærkomen kompetanse som har blitt nytta i stor grad under pandemien og framleis gjer det i ei grad.

Lill Sverresdatter Larsen ser mot kamera mens hun står i en høstfarget park i Oslo. Høstfarget er dødgule blader og fortsatt levende grønne blader som står igjen på trærne og har falt i store mengder på bakken.

Forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen i Norsk Sykepleierforbund seier ein er heilt avhengig av pensjonist-vikarane.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Krevjande yrke

– Eg tenker kommunane er heldige for at pensjonistane har lyst å jobbe litt, smiler Maijer.

Sjølv jobbar ho i ei vikarstilling som utgjer 19,9 prosent. Ved å jobbe under 20 prosent får ein vanleg sjukepleiarløn.

– Eg likar å jobbe nokre dagar i veka, seier Bøge.

Ho jobbar heile 60 prosent, som gjer at ho får ei pensjonistløn på 224 kroner i timen.

– Det er greitt om du er faglært for da går du faktisk opp i lønn, men spesialsjukepleiarane går ned i lønn og då er det ikkje like attraktivt, seier Larsen i Sjukepleierforbundet.

Forbundsleiaren meiner at reglane for pensjonistar bør bli oppheva på grunn av mangelen på sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.

– Då kan pensjonistane sjølv velje kor mykje dei har anledning til å bidra med inn i helsetenesta.

Gjennomsnittsalderen for sjukepleiarar som går ut av arbeidslivet er ikkje 65 år som er pensjonsalderen, men 58 år.

– Det er fordi yrket er krevjande. Dei blir sjuke og uføre i staden. Så prosenten av pensjonerte sjukepleiarar som likevel klarer å bidra inn er gull for helsetenesta.