Hopp til innhold

Treng over 800 millionar kroner etter ekstremvêret Hans

Ekstremvêret «Hans» har kosta kommunane enormt mykje pengar. Den rekninga skal staten ta, meiner dei.

Bagn

KOSTBART: Ekstremvêret «Hans» har kosta, og vil truleg koste kommunane mykje framover. No ber kommunane om støtte frå staten i 800-millionarsklassen.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

KOSTBART: Ekstremvêret «Hans» har kosta, og vil truleg koste kommunane mykje framover. No ber kommunane om støtte frå staten i 800-millionarsklassen.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg forventar at vi får støtte til dette, seier Marit Hougsrud (Sp).

Ho er ordførar i Sør-Aurdal kommune i Valdres – ei av fleire kommunar som vart hardt råka av ekstremvêret «Hans».

Der låg ungdomsskulen under vatn, eit jordras gjekk tvers gjennom eit bustadfelt og fleire små og større vegar vart øydelagde.

No har kommunen grovrekna på kor mykje ekstremvêret har kosta kommunen.

Sum: 68 millionar kronar.

Les også Her må de utsette skolestart på grunn av ekstremværet: – Det er trist

Sør-Aurdal ungdomsskole

Forventar at staten tek rekninga

Dei 68 millionane i Sør-Aurdal, er berre ein liten del av potten med skjønnsmidlar som dei flaumråka kommunane på Austlandet har søkt om.

– Vi har ikkje økonomi til å plutseleg kunne ta desse millionane utan vidare, så eg forventar at vi får god hjelp til dette, seier ordføraren i Sør-Aurdal.

Marit Hougsrud, ordfører Sør-Aurdal kommune

Under ekstremvêret «Hans» låg Sør-Aurdal ungdomsskule i Bagn under vatn. Øydeleggingane er så store at skulen ikkje kan brukast. Ifølgje ordførar Marit Hougsrud (Sp) kan det bli snakk om å flytte heile skulen.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Kommunane i Innlandet og Viken fylke anslår at ekstremvêret har kosta dei svimlande 808 millionar kroner.

Medan kommunane i Viken har søkt om 131 millionar kroner i skjønnsmiddel, har kommunane i Innlandet bedt om 677 millionar kroner.

Må framleis koke drikkevatnet

Nordre Land har søkt om 27 millionar kroner etter ekstremvêret Hans.

Granflaum

Gran kommune har søkt om 204 millionar kroner.

pRc4bHDlDhU

Nord-Aurdal kommune har søkt om 15 millionar kroner.

Ringerike kommune har søkt om 41 millionar kroner.

Elva Kvinda har tatt med seg veg og bruer i krysset SundrevegenNossvegen i Ål sentrum

Ål kommune har søkt om 25 millionar kroner.

Nesbyen kommune har søkt om 27 millionar kroner.

– Berre byrjinga

Ål kommune i Hallingdal har søkt om 25 millionar kroner.

Rådmann i Ål, Karsten Popp Dideriksen, meiner denne summen berre er byrjinga.

– Det vi har søkt om, er det vi har hatt av reelle utgifter så langt. Dette er berre byrjinga, seier Dideriksen.

Karsten Popp Dideriksen, rådmann i Ål kommune, iført briller og rustrød ullgenser. Halvnært portrett i høstsola, seriøst blikk mot kamera. Det røde kommunehuset tingstugu er i ufokus i bakgrunnen.

Rådmann i Ål kommune, Karsten Popp Dideriksen trur sluttsummen etter ekstremvêret «Hans» vil vere større enn beløpet dei har søkt om.

Foto: Lykke Frida Synnøve Høyås / NRK

I Ål gjekk det fleire ras, og «Hans» førte til store øydeleggingar på vegar og infrastruktur. I tillegg hadde kommunen store utgifter til mellom anna evakueringshotell til innbyggarane.

– Vi evakuerte rundt tusen folk, det er 22 prosent av innbyggarane, seier Diderikson.

Også i Nord-Aurdal i Valdres brukte dei store summar på evakuering.

Kommunen har søkt om 15 millionar kroner i støtte. 3 av desse millionane gjekk til hotellutgifter under «Hans».

Les også Fekk ras gjennom garden – berre bustadhuset står att

Onsdag morgon vart familien til Knut Ødegaard i Nord-Aurdal evakuert med heilkopter etter at garden deira vart råka av ras.

Vil få dekka mykje

– Det er eit tungt løft for kommunane, både dette året og neste år. Vi er ikkje ferdige med dette enno, seier Anne Kathrine Fossum, kommunal- og samordningsdirektør ved Statsforvaltaren i Innlandet.

I Innlandet er det totalt 29 av 46 kommunar som har søkt om skjønnsmidlar etter «Hans».

Beløpa går frå 204 millionar kroner som Gran kommune har søkt om, til 100 000 kroner som Alvdal har bedt om.

– Dette seier noko om at det er mange som vart råka av uvêret på ulike måtar, nokre hardare råka enn andre, seier Fossum.

Oversiktsbilde over Dokka under flommen etter stormen Hans

Ekstremvêret førte til store øydeleggingar på Austlandet. Kommunane i Viken og Innlandet ber om støtte på over 800 millionar kroner. Biletet er frå Dokka i Nordre Land kommune.

Foto: Theodor Eilertsen

Ho fortel at kommunane vil få dekka mykje av beløpet dei har søkt om. Pengane skal bli overført til kommunane i desember.

NRK har forsøkt å få ein kommentar frå kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) utan hell.

Les også Ny undersøkelse: Klima er blitt viktigere for velgerne etter «Hans»

Victoria Elise Granås

Framleis eigendel

Sjølv om kommunane har bedt om millionar av kroner i støtte, må dei framleis dekke delar av oppryddingsarbeida sjølve.

Eigendelen er på 250 kroner per innbyggar. Kommunar som har utgifter som går over 250 kroner per innbyggar, kan få dekka halvparten av utgiftene.

Det gjer til at fleire kommunar fell utanfor ordninga til departementet.

Sjølv om beløpet ikkje er over 250 kroner per innbyggar, har fleire kommunar hatt betydelege meirkostnader som følgje av uvêret.

495A4cI1mWk

Oslo er blant kommunane som fell utanfor ordninga.

Flaum langs veg i Oslo.

Kommunen hadde kostnader på 43 millionar kroner grunna ekstremvêret.

osjGFoB45Bc

Drammen kommune har så langt hatt kostnader på 6,5 millionar kroner.

Helikopterflom090823

Lillestrøm kommune har rapportert om kostnader på 5,1 millionar kroner.

Q3q7mGHgZ4c

Nittedal kommune hadde kostnader på 4,5 millionar kroner som følgje av ekstremvêret «Hans».

Helikopterflom090823

Likevel fell desse fire kommunane utanfor ordninga.

No ber Statsforvaltaren i Viken departementet om å sjå nærare på dei kommunane som fell utanfor støtteordninga.

Les også 150 huseiere kan bli tvangsflyttet: – Hva skal skje med oss?

Dronebilder fra Nesbyen som viser oversvømmelsene under ekstremværet Hans

Les også Det nye boligfeltet er langt fra vann – likevel måtte beboerne evakuere da «Hans» herjet

Kjersti Gagnum Ingebretsen på tomta der ekstremværet har gjort synlige skader.