Hopp til innhold

I dag er fleire bomprosjekt fjerna – denne bussen feira ved midnatt

Regjerina har fjerna bomstasjonar frå seks vegstrekningar i Noreg, til glede for fleire bilførarar. – Dårleg bruk av pengar, meiner MDG.

Ingvars reiser, Ingvar Landa og Øyposten-redaktør Rune Nedrebø

FEIRAR FJERNING: Ingvar Landa tok med seg gratispassasjerar på bussen sin for å feire då bomavgifta vart fjerna ved Finnfast.

Foto: Geir Landa

I Rogaland var Ingvar Landa i Ingvars bussreiser ein av dei første som køyrde gjennom det gamle avgiftspunktet på Hanasand etter at bommen vart fjerna i natt.

Regjeringa betaler nemleg for å fjerne fleire bomstasjonar i det reviderte statsbudsjettet for i år.

Med seg på turen hadde Landa ti passasjerar som ville vere vitne til den historiske hendinga.

Landa seier dei hadde med seg godt vaksne folk på turen, men at dei var akkurat som ungar.

– Dei var rett og slett jodlande, og snakka om kor godt det blir å bli fri frå bompengane, seier han.

Miljøpartiet De Grønne er ikkje like nøgd.

Ingvars reiser gjennom Finnfast

MIDNATTSTUR: Bussen til Ingvar Landa var ein av dei første som slapp å betale bompengar ved Finnfast.

Foto: Geir Landa

– Heilt fantastisk

Landa er sjølv oppvaksen på Finnøy i Ryfylke, men bur og driv busselskap frå Randaberg.

Han meiner bompengane har vore ein bremsesko som har kosta næringslivet store pengar.

– Dette er heilt fantastisk. No kan også me arrangera turar innover Ryfylke utan at det treng å bli så dyrt for passasjerane, seier han.

Linn Christine Steinnes og Jonas Bayat Augestad var først gjennom Finnfast etter at bompengene var fjernet. 
De fikk gaver fra det lokale næringslivet

DEI FØRSTE: Linn Christine Steinnes og Jonas Bayat Augestad var dei første gjennom Finnfast etter at bompengane vart fjerna natt til torsdag. Dei fekk gåver frå det lokale næringslivet.

Foto: Geir Landa

Finnfast opna 30. oktober 2009. Vegprosjektet kopla saman Finnøy og fastlandet, og skulle fullfinansierast med bompengar. Planen var at bomstasjonen måtte stå til 2029.

Men i samband med revidert statsbudsjett i år, fekk Frp gjennomslag for å fjerne bommen.

Då hadde bilistane betalt inn rundt 486 millionar kroner i bompengar. Det som stod att var 130 millionar kroner.

Denne rekninga tek no staten.

Til saman brukar regjeringa 750 millionar kroner for å avvikle dei seks bompengeprosjekta rundt om i landet.

Tilskota dekker det som var att for å finansiere vegane.

Frp med sjampanje og flagg

I Gausdal var det tuting av bilar og veiving med flagg.

Både lokale og nasjonale Frp-politikarar hadde møtt opp for å markere at strekninga mellom Gausdal og Lillehammer blir fri for avgift.

Bomfest FrP

JUBLAR TIL FORBIPASSERANDE: Frp-politikarar heier på bilane som no slepp å betale, før dei skal vidare med flagg og sjampanje til neste bomstasjon som blir avvikla.

Foto: Ivar Arne Nordrum / NRK

Stortingsrepresentant Tor André Johnsen frå Hedmark var storfornøgd.

– Dette er jo draumen for ein Frp-ar, å få fjerna bomstasjonar, og det skal vi fortsette å kjempe for, seier han.

Bomstasjonen i Gausdal skulle eigentleg stått i to år til, og her kjem regjeringa med eit tilskot på 65 millionar for å fjerne han.

Ein annan som var glad for fjerninga var styreleiar i transportselskapet Sigurd og Ola Grimstad AS, Birgit Grimstad. Verksemda hennar har måtte fakturere ein halv million i året berre i bompengar.

Birgit Grimstad

KUNDANE VINN: Birgit Grimstad har måtte fakturere kundar ein halv million i året i bompengar.

Foto: Terje Gording Hong / NRK

– Det betyr mykje for oss. Kundane våre vil tene godt på det, sidan det er dei som har måtte betale, seier ho.

Grimstad seier at verksemda var veldig glad for at dei fekk oppgradert vegen for tolv år sidan.

– Vi betalte gledeleg for det, men det er veldig fint å sleppe no.

Også i desember jubla Frp over bompenge-stopp:

– Dårleg bruk av pengar

Ein som ikkje er like nøgd er Arild Hermstad, fungerande leiar i Miljøpartiet De Grønne (MDG).

– Det er dette ein får når regjeringa samarbeider med Frp. Det blir billigare å køyre bil og det blir dårlegare for miljøet, seier han.

Hermstad meiner de 750 millionane kunne vore brukt på andre ting, som trafikksikkerheit, miljøtiltak eller støytiltak langs vegane.

– Dette er dårleg bruk av pengar. Det som skjer no er jo at bilen sin attraktivitet økar, og det er jo ikkje spesielt gunstig. Vi trenger ein regjering som prioriterer miljøtiltak, seier han.

Arild Hermstad

MISNØGD: Arild Hermstad, fungerande leiar i MDG er ikkje nøgd med at regjeringa betaler for å fjerne fleire bomstasjonar i det reviderte statsbudsjettet for i år.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Kjell Werner Johansen er assisterande direktør i transportøkonomisk institutt (TØI).

Han seier at å fjerne disse bomstasjonane kan bety mykje for dei lokale, men at det ikkje har så stor betydning i ein større samanheng.

– I det store bilete er ikkje dette all verda, tatt i betraktning at bilistane betalar 12-14 milliardar i bompengar totalt sett i Noreg. Men det vil jo bety noko for reisemogligheitane for dei som bor i nærområda.

Kjell Werner Johansen, assisterende direkør i Transportøkonomisk institutt.

DROPE I HAVET: Kjell Werner Johansen, assisterande direktør i transportøkonomisk institutt (TØI).

Foto: NRK

Johansen seier at 750 millionar er det som krevjast inn på ein knapp månad totalt sett i bompengar i Noreg.

– Det er jo mykje pengar, men ikkje med tanke på den totale bompengebelastninga, seier han.