Hopp til innhold

Espen er blant dei som vil dyrke meir av maten sin sjølv no

Gjennom pandemien, og no krigen i Ukraina, har interessa for å dyrke eigne grønsaker auka enormt.

Dyrker egne grønnsaker og urter

FRØ I JORDA: Espen Nordbekk har sådd rundt 200 frø med familien og skal prøve å bli sjølvforsynt med lauk, gulrot, reddik, nepe og mange andre grønsaker.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Espen Nordbekk (37) i Løten har no fått rundt 200 frø i jorda inne i stova si. Over fleire år har interessa for dyrking auka. Men i år skal han få på plass ein skikkeleg kjøkenhage for første gong.

Det er viktig at folk begynner å dyrke meir av det ein skal ete sjølv, seier Nordbekk.

Det er fleire grunnar til at han ville begynne. Han er oppteken av berekraft og kortreist mat. Men også auka prisar i samfunnet og krigen i Ukraina har litt innverknad.

– Det er fleire grunnar. Til dømes matvaresituasjonen globalt og den låge forsyningsgraden Noreg har. For kva er vi eigentleg sjølvforsynt med?, spør han.

Dyrker egne grønnsaker og urter. Espen Norbekk.

CHILI: Nordbekk prøvde seg smått med ei chiliplante i fjor. Den har forsynt familien med chili gjennom heile vinteren.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

CHILI: Nordbekk prøvde seg smått med ei chiliplante i fjor. Den har forsynt familien med chili gjennom heile vinteren.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Forskarar seier matsikkerheita i Noreg er truga. Krigen som held på i Ukraina fører til at vi har dårlegare tilgang på matkorn mellom anna. Og prisane på drivstoff, gjødsel og straum har auka det siste året.

Teknisk beregningsutvalg (TBU) ventar at matprisane kan stige med 4–5 prosent.

Les også Slik vil krigen i Ukraina påvirke lommeboken din

Pumpepriser

Enorm interesse

Fleire merkar godt at interessa for å så eigne grønsaker har auka. Siri Sando er kategoriansvarlig for planter hos Hageland. Ifølge henne har interessa for å dyrke grønsaker blitt heilt enorm no samanlikna med åra før pandemien.

Ho seier det er fleire årsaker. Folk har hatt behov for å skaffe seg hobbyar, og fleire har fått eit nytt perspektiv og syn på ting gjennom pandemi og no krig.

Krigen i Ukraina har også skapt usikkerheit rundt tilgang på ein del landbruksvarer og fått forbrukarar meir bevisst på dette. Ein annan årsak er fokus på kortreiste og norskproduserte varer, det gjenspeiles gjennom at man ønsker å dyrke sjølv.

Dyrkar du dine eigne grønsaker?

På Felleskjøpet i Gjøvik har dei måtte ta inn om lag dobbelt så mykje frø som i fjor. Og folk spør allereie etter settepotetar, fortel Kirsti Lyfringsmo som er dagleg leiar for innkjøpsavdelinga der.

Ho seier det starta under pandemien då folk brukte meir tid heime, men at det har blitt enno meir.

Dyrker egne grønnsaker og urter. Kirsti Lyftingsmo.

ØKOLOGISK: Kirsti Lyftingsmo hos Felleskjøpet seier dei får yngre og yngre kundar no som vil dyrke. Dei unge er opptekne av å bruke økologiske sortar og økologisk jord.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Krigen sette to strekar under svaret og gjorde at ein skjønar at ein kanskje må dyrke noko sjølv for å bidra til eiget forbruk. Det eg trur mange tenker på er dette om dei får tak i mat. Eg trur den frykta er stor, seier ho.

Og kundegruppa deira har endra seg.

Hos oss har vi ganske høg snittalder på kundane, men no kjem veldig mange unge. Dei søker kunnskap og å ha nokon å kunne prate hage og dyrking med, seier ho.

NRK har snakka med fleire dyrkeentusiastar:

grønsak
Stine Gaarder på Lena har alltid vore oppteken av berekraft. Og ho meiner kunnskapen vil gjere dei meir robuste. – Eg tenker at ein får ein heilt annan respekt for maten, tida og ressursane som ligg bak det.
grønsak
Hilde Kristin Stokke i Valdres er oppteken av å ta vare på kunnskapen frå foreldra og besteforeldra. –Det er for lettvint å gå i butikken og hente det du treng. Ein må opne ei ny dør og sjå at det ligg moglegheiter der.
Caroline Frydenlund
Caroline Frydenlund på Skarnes har bær, frukttre, grønsaker og urter. – Det finnes ingen bedre kjensle enn å sjå på middagsbordet at det meste vart plukka rett før vi skulle ete.

Var eit ytterkantfenomen

Anders Nordrum er gartnar og har skrive boka «Beredskapshagen – slik får du mat ut av plenen». Han lagar også beredskapspakkar med frø som han sel.

Han seier at tidlegare var denne interessa eit ytterkantfenomen. No er det blitt allment.

Anders Nordrum, gartner i Valdres, beredskapshagen

BEREDSKAPSBOK: Anders Nordrum var med å skrive boka «Beredskapshagen». Han er overraska over kor populær den er blitt. – Vi tenkte at dette blir ei nisjebok. Men faktisk selde den bra og då krigen kom no tok den visstnok heilt, seier han.

Foto: Privat

BEREDSKAPSBOK: Anders Nordrum var med å skrive boka «Beredskapshagen». Han er overraska over kor populær den er blitt. – Vi tenkte at dette blir ei nisjebok. Men faktisk selde den bra og då krigen kom no tok den visstnok heilt, seier han.

Foto: Privat

Det er ingen tvil om at pandemien sette ein støkk i samfunnet, at ting kan vere så sårbart. Og sjølvsagt dette med krigen.

Han meiner det ikkje er mykje som skal til for å komme i gang og seier ein bør begynne i det små om ein tenker på å starte med dyrking.

Mange vil tenke at det kan bli dramatiske endringar i matsituasjonen, og det kan hende. Men likevel bør ein lære litt først. Å begynne med nokre få kvadratmeter med grønsakkulturar som er enkle å få til.

Anders Nordrum, gartner frølagring

FRØLAGER: Ifølge Anders Nordrum kan ein kjøpe heilt vanlege frø og legge dei på eitt tett glas nedst i frysaren. Slik kan ein ha eit eiget frølaget som held i fleire år. og slik ha frø tilgjengeleg i fleire år.

Foto: privat

Fleire er opptekne av beredskap

Agnar Christensen er kommunikasjonsdirektør hos direktoratet for samfunnssikkerhet- og beredskap. Han seier at då krigen braut ut i Ukraina var det enorm auke i kor mange som gjekk inn på sidene deira for å finne ut kva dei bør skaffe seg for å greie seg heime.

Vi har også opplevd at fleire har teke direkte kontakt med DSB med detaljerte spørsmål rundt kva ein bør ha i hus, seier han.

Han seier det ikkje er nokon grunn til å hamstre, men at det er bra å ha nokon ting i hus.

Det aller viktigaste er nok å lagre litt drikkevatn, og å ha ein plan for å halde varmen ved straumbrot. Vi anbefaler også eit lite lager av matvarer med god holdbarhet, seier Christensen.

Les også Matsikkerheten i Norge er truet, og det handler ikke bare om korn

Utsikt utover Botn i Rissa, Indre Fosen

Eit supplement til bøndene

No gler Espen Nordbekk seg til det begynner å spire heime i stova. Etter kvart skal rødbet, lauk, gulrot og mykje anna ut i hagen i pallekarmar. Han blir motivert av å jobbe med hendene i jorda.

Eg ønsker å lære og å kunne legge til rette for det naturlege kretsløpet. Og jobbe med jorda og føre tilbake meir enn vi hentar ut.

Han er også oppteken av vilkåra til dei norske bøndene, som slit med høge driftskostnadar no.

– Går du ikkje norske bønder i næringa då?

Det er mange som gir seg no som har måtte gi seg på grunn av økonomi og driftskostnadar. Eg tenker at kjøkenhage ikkje vil utkonkurrere, men vere eit fint supplement. Vi er også avhengige av profesjonelle bønder.

Les også Storfeprodusenter tør ikke gjøre noe annet enn å legge ned

Martin Ruud Rehder (t.v.) og Hans Olav Holann