Hopp til innhold

Endå dyrare gjødsel – no kuttar han matproduksjonen og gir barna Syden-ferie

Med auka gjødselprisar ser bonden seg nøydd til å ha færre dyr. – Det er på tvers av alt ein har jobba for, men det er realiteten.

Birger Bull og angus-flokken på Bull gård.

MÅ TRULEG KUTTE: Birger Bull har brukt mange år på å byggje opp drifta. Til hausten må han truleg kutte i talet dyr.

Foto: PRIVAT

– Det kjennest som ei slags fallitterklæring, seier bonde Birger Bull.

Han har drive med kjøtproduksjon i Karlsøy i Troms sidan 2008.

No har han 40 ammekyr. Til hausten kan det bli færre dyr i fjøsen.

Måndag auka gjødselprisane på ny. Prisane ligg no på rundt ti kroner kiloen.

Med dei auka kostnadane har Bull ikkje råd til å gjødsle fullt. Derfor kjøper han berre ein firedel av gjødselmengda han elles ville brukt.

Gjødselen han kjøpte i fjor reknar han ut ville kosta omtrent 100.000 kroner meir i år. Dei pengane vil han heller bruke på å ta med barna til Syden for første gong.

– Eg gjer det grepet at eg prioriterer familien framfor matproduksjon, seier Bull.

– Så kjem eg heller til å redusere produksjonen og slakte ut dyr til hausten som ein konsekvens av at eg sannsynlegvis får for lite fôr.

Knut Tore Nes Hjelle

MÅ KOMPENSERAST: Knut Tore Nes Hjelle på Nordfjordeid meiner det må kome nye kompensasjonsordningar.

Foto: Oda Lødemel / NRK

– Vil ha kompensasjon

På Nordfjordeid i Vestland fylke driv Knut Tore Nes Hjelle med sauer. Saman med fire andre bønder har han også samdriftsfjøs med mjølkekyr.

Hjelle er også leiar i Eid bondelag. Han seier mange no er bekymra for økonomien.

– Vi er nøydde til å få nokre gode kompensasjonsordningar, liknande dei som var i haust, seier han.

Les også Frykter han må slakte dyrene

Frank Sigvaldsen, bonde

– Mange er bekymra for økonomien

I tillegg til auka gjødselprisar, har også prisen på drivstoff gått kraftig opp. I nokre delar av landet speler også auka straumprisar inn.

I haust gav regjeringa ein kompensasjon mellom anna gjødsel og bygningsmaterialar.

I januar kom ein eigen straumpakke til bønder og veksthusnæringa, ei ordning regjeringa nyleg forlenga.

No ønsker leiar i Vestland Bondelag, Anders Felde, seg ein makspris på kunstgjødsel.

– Det er så marginal økonomi i landbruket at noko må gjerast, seier Felde.

Han håpar òg regjeringa vil sjå på avgiftene på drivstoff som eit akutt-tiltak ikkje berre for landbruket, men også for alle andre.

Felde håpar det vil kome ordningar for gjødsel og drivstoff før landbruksoppgjeret.

Anders Felde i fjøsen.

VIL HA MAKSPRIS: Bondelagsleiar Anders Felde vil ha makspris på kunstgjødsel.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Har vurdert makspris

Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) seier dei har vurdert ei ordning med makspris på gjødsel.

Dette vil vere det same som ein subsidiering av gjødselprisen. Vår vurdering er at det vil kunne gi store marknadsmessige og logistikkmessige forstyrringar i leveransane.

Borch viser og til at ei slik ordning vil vere vanskeleg å målrette til de som ennå ikkje har kjøpt gjødsel, og den vil vere krevjande å kontrollere og forvalte.

Uvisst om prisen vil auke meir

Ulf Inge Kjerpeset er butikksjef på Felleskjøpet på Nordfjordeid. Han seier mange bønder som kjem til dei er fortvila over dei auka utgiftene.

– Vi snakkar auka kostnader på fleire hundre tusen for dei som driv stort i vår målestokk.

Felleskjøpet, som distribuerer gjødsel, har varsla ein prisauke på mellom 15 og 45 prosent.

Internasjonale energiprisar og krigen i Ukraina er blant det som påverkar prisnivået.

Gjødselprodusenten Yara veit enno ikkje om prisane vil stige ytterlegare.

Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp)

VENTAR PÅ FORHANDLINGANE: Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) seier dei har vurdert ei ordning med makspris på gjødsel.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ministeren ventar på jordbruksoppgjeret

Om få veker startar årets jordbruksforhandlingar. Der vert kostnadsauken til bøndene eit sentralt tema.

– Då kan vi sjå ting i samanheng og finne gode løysingar gjennom forhandlingar, seier Borch.

I Troms meiner Birger Bull det burde vore tilleggsforhandlingar mellom landbruket og staten tidlegare, då ein såg at gjødselprisane auka.

– Så lenge det ikkje kjem tal på bordet eller ordningar vi kan lite på, så tør ikkje eg å handle. Og våronna, den er her no straks.