Hopp til innhold

Caroline (31) fekk livet øydelagt av mobbing

Caroline De Wit vart mobba gjennom heile barne- og ungdomsskulen. Nå er ho endeleg trudd.

Caroline ble mobbet-nå får hun erstatning

VART TRUDD PÅ: - Dei røva frå meg retten til å vere meg, seier Caroline. Å snakke om mobbinga gjer framleis vondt, både psykisk og fysisk.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Gjøvik kommune er dømt til å betale millionerstatning for skadane ho fekk etter mobbinga i skulen, frå 1997-2006.

– Dei røva frå meg retten til å vere meg.

Caroline kan ikkje fortelje om mobbinga utan å gråte, det er vonde minne.

I dag bur ho saman med sonen sin i eit hus høgt opp i Biri øverbygd i Gjøvik kommune. I same grenda som ho vaks opp, tett inntil huset til foreldra. Mor er aldri langt unna, ho står på og hjelper Caroline når det trengst. Slik ho har gjort heile livet.

Les også Maria (12) snakket russisk med moren – ble overfalt

Maria 12 ble overfalt for å snakke russisk.

Ei modig jente

Første skuledag ville Caroline ta bussen. For det gjorde storesyskena. Fri og freidig troppa ho opp på barneskulen på Biri. Men dei andre tykte det var rart at ho kom utan mor. Og ho kjende ingen i klassa si.

– Allereie da starta det. Eg fekk ingen vener, eg vart utanfor. Jentene var verst, dei stengde meg ute.

Caroline gret når ho kom frå skulen. Og mor fant lappar under hovudputa der Caroline skreiv at ho ville ta livet av seg.

Caroline greier ikkje å hugse noko fint frå barneskulen. Bortsett frå i 5. klasse. Da fekk ho ein mannleg lærar, som var streng. Da roa det seg ned. Men på ungdomsskulen starta det igjen.

Les også Mobbing i skolen øker: – Foreldre må anmelde skolen og kommunen til politiet

Mor sin kamp

Når vi møter Caroline, er mor Lillian med. Ho har ikkje tal på kor mange møte ho har hatt med skule, med PPT, med BUP. Og i seinare år, mange møte for å hjelpe dottera vidare i livet.

– Ingen av møta med lærarane i småskulen hjelpte. Først da eg troppa opp umeldt på kontoret til rektor, skjedde det noko. Ingen hadde fortalt rektor om kor vondt Caroline hadde det.

I skulemappa til Caroline frå barneskulen ligg nokre få, og delvis mangelfulle referat frå mange møte. Men det blir slått fast at ho er mobba.

– Men lærarane tok ikkje tak i mobbarane. Det verka som dei syntest det var meir behageleg å halde med dei.

Caroline ble mobbet-nå får hun erstatning

MOR SOM KJEMPAR: Mor Lillian De Wit har stått på for jenta si i alle år, og det var ho som tok initiativ til rettssaka. Nokon måtte ta ansvar for alt det vonde

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Ei bad om orsak

Lillian trøysta og stilte opp alt ho kunne. Og ho lovde jenta si at ein gong ville mobbarane få att for det dei gjorde mot Caroline. Men ingen ting skjedde. Ingen gav heller uttrykk for anger.

– Forresten, ei bad om orsak ein gong. For det ho gjorde mot meg. Det var i alle fall ei stadfesting på at mobbinga ikkje var noko eg dikta opp, seier Caroline.

Caroline ble mobbet-nå får hun erstatning

PÅ GAMLE TOMTER: Caroline utanfor barneskulen der mobbinga starta. Ho har ingen gode minner frå skulegarden, der lærarane ikkje stoppa mobbarane.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Måtte få oppreising

Etter grunnskulen har Caroline gått vidaregåande, og ho har tatt svennebrev som røyrleggar. Ho har og ein son, som nå er 12 år. Men livet har vore veldig tungt i lange periodar. Ein psykiater slår fast at det skuldast mobbinga, og at Caroline har såkalla PTSD (posttraumatisk stressliding). Og at ho er delvis medisinsk invalid.

Mor Lillian gav ikkje opp tanken på at nokon måtte stillast til ansvar. Og sidan mobbarane gjekk fri, måtte det bli skulen. Difor saksøkte dei Gjøvik kommune og vann fram i tingretten

Retten trudde på historia til Caroline, og slår fast at den psykiske mobbinga var dominerande gjennom heile skuleløpet. Og at det handla om utfrysing, isolering, og avvisning.

Vestre Innlandet tingrett tilkjende Caroline 1,4 millionar i erstatning og kommunen vart dømt til å dekke sakskostnadane.

Les også Flere barn utsettes for vold: – En skremmende utvikling

Mobbesak anonym gutt

Vil ikkje anke

Gjøvik kommune vil ikkje anke saka vidare. Eit samstemming formannskap vedtok dommen. Trass i at administrasjonen innstilte på at dei burde anke.

– Vi trudde på jenta, seier ordførar Torvild Sveen. Han syntest det var vondt å lese domspapira. Han såg ingen grunn til å dra Caroline gjennom enda ein belastande rettssak.

Ordføraren har trua på at ting blir betre i skulen. Lærarar og skuleleiarar har eit lovfesta, tydeleg ansvar for å ta tak i mobbing i dag. Gjøvik skule har også innført eit læringsmiljøteam for å hjelpe til på den enkelte skule.

ordfører Torvild Sveen

TRUR PÅ JENTA: Ordførar Torvild Sveen i Gjøvik meiner nye lovar og betre oversikt i skulen sikrar born betre mot mobbing i dag.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Ser framover

Caroline er glad for sigeren i retten. Å bli trudd er det aller viktigaste. Nå er ho klar for å gå vidare med livet. Ho tar vidareutdanning som VVS-ingeniør ved Fagskolen Innlandet.

– Eg slit med så mange ting at eg kunne vorte trygda. Det vil eg ikkje. Eg vil jobbe og tene pengar. Erstatninga eg har fått er med på å sikre framtida til sonen min. Og det er det viktigaste av alt.

Les også Uføre Cecilie vant mobbesak, men politikerne vil ha ny runde i retten

Cecilie Haugen

Flere saker fra Innlandet