Hopp til innhold

Straumselskap sender bekymringsmelding om kundar til Nav

Fleire uroar seg for korleis straumrekningane kjem til å påverke nyåret.

Strøm

KALDT UTAN STRAUM: Ingen skal få slått av straumen midt på vinteren, men folk kan likevel få problem på nyåret.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

I løpet av 2021 har Elvia kutta straumen til om lag 4500 kundar i Innlandet, Oslo og Viken. Grunnen er ofte at folk ikkje har betalt rekninga. Selskapet leverer straum til omlag 900.000 husstandar.

Dei fleste har fått straumen tilbake, men om lag 350 kundar har enno ikkje straum til bustaden sin.

Det var Glomdalen som først omtalte saka.

– Når vi ikkje har fått nokon respons frå kunden sender vi bekymringsmelding til Nav eller kommuneoverlegen, seier Morten Schau, kommunikasjonssjef i Elvia.

Morten Schau, kommunikasjonssjef i Elvia.

BEKYMRINGSMELDING: Elvia sender bekymringsmelding når dei ikke får respons av kundane, forteller kommunikasjonssjef Morten Schau.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Akkurat no er det ingen som får straumen skrudd av. Mellom 16. november og 28. februar er det såkalla stengefri periode. På vinteren er det nemleg for kaldt til at folk kan klare seg utan straum.

Likevel er det viktig for Elvia at dei seier frå.

– Vi veit jo ikkje kva slags kundar vi stenger for, og kva forhold det er rundt dei, legg Schau til.

Eit døme på ein person som fekk straumen skrudd av og som trengde hjelp var tidlegare i år i Grue:

Godt å vite

Den vanlegaste grunnen til at Elvia ikkje får kontakt med kundane dei sender bekymringsmeldingar på, er at det ikkje bur nokon i bustaden lenger.

For kommuneoverlegane er det likevel ofte ein tryggleik i å få oversikt over desse meldingane.

Kommuneoverlege Camilla Kvalø Smedtorp, Kongsvinger kommune.

TRYGGLEIK: For kommuneoverlege Camilla Kvalø Smedtorp i Kongsvinger er det ein tryggleik å få oversikt over desse meldingane.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

– Både for å sjå talet på folk dette gjeld, og når det blir stengt av, seier kommuneoverlege Camilla Kvalø Smedtorp i Kongsvinger.

Ho koordinerer med Nav i dette arbeidet, og sørgjer for at det blir følgd opp.

  • Straum er viktig for mykje forskjellig, også å kunne stemme. I Innlandet blir det nemleg digital folkeavstemming om skjebnen til fylket:

Ta kontakt

Og sjølv om det er ingen nye som får kutta straumen akkurat no, er Nav-leiar i Kongsvinger, Jørn-Andre Stenseth bekymra for at høge straumprisar vil fortsette å vere eit problem.

Jørn-Andre Stenseth framfor Nav-bygning

IKKJE NØL: Første bod er å ta kontakt, seier Nav-leiar i Kongsvinger.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

– Eg håpar ikkje på det, men vi har hatt ei tid med eit kostnadsnivå vi ikkje har vore vann med, eller vore rusta for.

Og han har ei klar oppfordring til dei som har problem med å betale straumrekninga. I første omgang er det viktig å ta kontakt med straumselskapet, og sjå om ein kan dele opp rekninga.

– Dei er ofte imøtekomande når du forklarar situasjonen din. Så bør du kontakte Nav i kommunen din for å høyre om dette er noko vi kan finne ut av.

  • Det er fleire som treng hjelp til både med straumrekning og andre ting: