Hopp til innhold

Heidi bad om hjelp – no er jula redda

For fembarnsmora Heidi vart desember utfordrande med skyhøg straumrekning. No er ho letta, for ho har fått både ved og pakker av Frelsesarmeen.

VED: Frelsesarmeen på Lillehammer deler ut ved til folk som trenger det til jul.

VED: Frelsesarmeen på Lillehammer deler ut ved til folk som trenger det til jul.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Heime i Øyer kommune, tre mil lengre nord, har Heidi einebustad. Der bur ho og dei to yngste borna på 9 og 11 år.

Det er ikkje alltid lett å få pengane til å strekke til når ein er uføretrygda. Pakkene og veden ho får frå Frelsesarmeen er avgjerande for at jula skal bli bra.

– Straumrekninga nå i desember var på meir enn 4000 kroner. Eg hadde ikkje sjanse til å betale, men eg er heldig. Sosialen hjelpte meg med rekninga, seier ho.

Og Heidi priser seg lykkeleg for at ho har to vedomnar i huset, i tillegg til dyr elektrisk oppvarming.

Frelsesarmeen på Lillehammer deler ut ved og julegaver.
Frelsesarmeen har sikra Heidi nyttige julegåver til familien.
Frelsesarmeen på Lillehammer deler ut ved og julegaver
Ein snik-kikk på julegåver til ungane. Dei har noe å gle seg til.

Jobben skaffar ved

Det er «Jobben» på Lillehammer som skaffar veden. Jobben er eit arbeidstreningstilbod for tidlegare eller aktive rusmiddelavhengige. Å produsere ved for sal er ei av dei viktigaste oppgåvene verksemda har.

Frelsesarmeen på Lillehammer deler ut ved og julegaver.

TØMMER LAGERET: Henrik Stjer er dagleg leiar for Jobben. frå vedlageret og opp til uteleveringa ved Frelsesarmeen i Lillehammer.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Dagleg leiar for Jobben, Henrik Stjer, fortel at sekkane dei gjev bort den siste veka før jul, er slutten på lageret. 248 sekkar skal delast ut til 124 som har søkt om ved.

Bjørn Erik Bjørkhaug jobbar – på Jobben. Han set pris på å få hjelpe folk med ved nå når det er meldt kaldare ver, og straumprisane set nye rekordar.

– Vi må nok i gang med å kappe meir ved allereie i romjula, seier han, medan han lempar vedsekkar.

  • Det er stor etterspørsel etter ved over heile landet no. Så stor at mange produsentar er tomme for ved:

Stort behov for hjelp

Det har vore ei ekstremt travel førjulstid for gutane på Jobben, fortel Henrik. Berre i dag har han fått minst 10 telefonar frå folk som ringer og spør om dei har ved til sals eller til å gje bort. Men nå er det heilt tomt. Når utdelinga i dag er ferdig, tar alle på Jobben juleferie.

Frelsesarmeen har merka stor auke i behovet for hjelp desse to korona-åra.

Frelsesarmeen på Lillehammer deler ut ved og julegaver.

STORT BEHOV FOR HJELP: Køen framfor Frelsesarmeen til jul har vore lengre under koronaen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Også medan vi snakkar saman, ringer telefonen til Henrik i eitt sett. Og det er ikkje berre folk som ber om ved. Kan Henrik hjelpe ei mor med ein son som slit med rus og nervar nå før jul? Henrik forklarar henne at Frelsesarmeen hjelper folk med mat, gåver og ved. Dei kan ikkje gje samtaleterapi eller behandling – eller kontantar.

Alt Frelsesarmeen gjev bort nå kjem frå innsamlinga i Julegryta som er sat opp i mange byar

– Gryta må koke godt før jul, da blir vi stand til å hjelpe mange!

Frelsesarmeen på Lillehammer deler ut ved og julegaver.

LEMPEHJELP: Ole Anders Kringen deler ut ved til Heidi og andre som treng det

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Gåvekort på mat

Alle som ønskjer hjelp frå Frelsesarmeen, enten det er ved, mat eller julegåver til borna, må levere inn søknadsskjema før jul. Der beskriv dei kva dei har behov for, kor gamle ungane er osb.

Nå har Heidi fått med seg det ho skal: Gåvekort til mat på butikken, ein pose med julegåver til ungane. Og fire sekkar ved. To til henne og to til mor hennar som bur i nabobygda. Nå kan jula berre komme. Den skal ho feire saman med alle dei 5 borna, også dei to som bur hos far, og ho som er vaksen og har flytt frå heime.

– Eg har fått eit barnebarn også, vi gler oss, seier Heidi.