Hopp til innhold

Forbrukarrådet: – Nettselskapet har ikkje lov å stenge straumen din om vinteren

Slit du med straumrekninga og nettselskapet vil stenge straumen din? Det har dei ikkje lov til om vinteren, slår Forbrukarrådet fast.

Strømmåler

PRISSJOKK: Mange forbrukarar har fått svært høgre straumrekningar, og ikkje alle er i stand til å betale fakturaen.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Det er ingen reell moglegheit for at straumen blir kutta på vinterstid, seier Thomas Iversen i Forbrukarrådet til NRK.

Mange med varig låg inntekt opplever no i haust at rekningane til straum- og nettselskapa er langt høgare enn på lenge.

Dersom du ikkje betaler, har nettselskapa høve til å kutte straumen din, noko du skal få varsel om i god tid og etter strenge reglar.

Jurist Thomas Iversen i Forbrukerrådet

Thomas Iversen i Forbrukarrådet.

Foto: Halvor Pritzlaff Njerve / Forbrukerrådet

– Men når det er kaldt og vinter, så vil det å kutte straumen føre til skade på huset og kan føre til personskade. Da er det ikkje lov å kutte den, slår Iversen fast.

Forsøker å nå kundane

Elvia er det største nettselskapet i Noreg med over 950.000 kundar. Dei støttar seg til utspelet frå Forbrukarrådet.

– Vi har veldig strenge, sjølvpålagte retningslinjer for når vi stenger for folk. Vi stenger ikkje om vinteren og når det er kaldt, seier kommunikasjonssjef Morten Schau til NRK.

Dei har fleire tusen kundar kvart år der dei varslar at dei må stenge straumen.

– Problemet er ofte at vi ikkje veit kvifor kundane ikkje betalar. Vi forsøker i det lengste å få kontakt med kunden. Det går ut fleire brev og vi sender SMS før vi går til skrittet å faktisk stenge, seier Schau.

Krev betalingsordningar

Før det kjem så langt som at du får eit stengevarsel i posten, bør kraftselskapa vere meir smidige enn dei brukar å vere.

Det meiner Nav-direktør Hans Christian Holte, som vil møta kraftselskapa for å sikre at ingen mister straumen på grunn av ubetalt faktura.

Han forventar at kraftselskap inngår nedbetalingsavtalar for dei som slit.

– Eg ser for meg ein praksis der det å inngå nedbetalingsavtalar vil vera gode løysingar for dei som slit og har spesielle utfordringar. Det handlar rett og slett om å ikkje enda opp der straumen blir skrudd av.

Straumkundar med stram økonomi må få hjelp, meiner Holte.

– For dei som i utgangspunktet har problem med å få endane til å møtast, er det viktig å finna gode, fleksible og forutseielege ordningar så dei kan få gjort opp for seg, seier Holte.

Strømregningen

Mange opplever svært høge straumrekningar no i haust.

– Treffer ekstra hardt

Han ønskjer at kraftselskapa alltid avtaler nedbetaling med den enkelte kunde når det er behov for det.

– Vi veit at straumutgiftene treffer ekstra hardt i desse dagar. Prisen går i veret, og då er det viktig å sjå på korleis vi ivaretar desse gruppene med utfordringar best mogeleg, seier Holte til NRK.

Med «desse gruppene» meiner han alle dei som av ulike årsaker har betalingsproblem

No har han skrive til bransjeorganisasjonane Energi Norge og Distriktsenergi som representerer norske kraftprodusentar.

Der skriv Nav-direktøren at han «ser nå med ekstra bekymring på en utvikling med høyere strømpriser, og risikoen for å få avstengt strømmen i forbindelse med ubetalt strømfaktura».

Prishopp

Frå oktober 2020 til oktober i år steig prisene på elektrisitet, inkludert nettleige 79,2 prosent, opplyser Statistisk Sentralbyrå.

Nav-direktør Hans Christian Holte er klar over situasjonen, ikkje minst for dei ti prosent av oss som bur i ein husstand med konstant låg inntekt. No vil han at kraftselskapa skal tilby nedbetalingsordningar for dei som slit med høge straumrekningar.

At Nav no ber kraftselskapa ta ansvar, skal vera eit tydeleg signal i det offentlege rom, og skapa ei felles forståing av korleis dei som slit mest med betaling skal møtast for å unngå straumstans.

Men resten må kundane sjølv ordna opp i.

– Det vil vera viktig at den enkelte tar kontakt med sitt selskap for å få denne typen avtalar. Vi har tru på at også straumselskapa vil ha interesse av å få gode avtalar og ordningar.

Forstår situasjonen

Administerende direktør Knut Kroepelien i Energi Norge, den største bransjeorganisasjonen for norske kraftselskap, helsar initiativet velkome.

– Ja vi har stor forståing for den vanskelege situasjonen som enkelte straumkundar no opplever. Våre medlemer har vore hjelpsame når kundane har behov for å utsetje eller dele opp fakturaen, seier Kroepelien til NRK.

Også han understrekar at kundane sjølve må ta kontakt med kraftselskapet sitt.

– Dette har vi gode erfaringar med frå tidlegare pristoppar, slik som vinteren 2019, seier Kroepelien.

AKTUELT NÅ