Hopp til innhold

Eldre person døde av korona i Løten kommune

– Mine tankar går til den nærmaste familie og pårørande, seier ordføraren i Løten.

Marte Larsen Tønseth

RÅKA: Ordførar, Marte Larsen Tønseth er djupt råka av dødsfallet i kommunen og ber folk vere forsiktige med smittereglane også framover.

Foto: Løten kommune

Kommunen melder i ei pressemelding at personen døydde som følge av Covid-19 fredag 26. juni.

Dei vil ikkje gå ut med så mykje informasjon om personen som er død.

Djupt prega

– Det er snakk om ein eldre person, seier Marte Larsen Tønseth som er ordførar i kommunen.

Ho seier dødsfallet rører ved henne og kommunen djupt.

– Og minner oss om at vi er i ein alvorleg situasjon. Koronaviruset er livstrugande for nokon så vi må framleis følge alle råd, seier Tønseth.

Sjukehuset i Innlandet bekreftar at det har vore eit nytt dødsfall. Førre veke var talet på døde i Innlandet fem personar totalt. No er talet på seks personar.

Sjukehuset vil heller ikkje seie meir om omstenda rundt dødsfallet i Løten.

Ifølge tal frå Folkehelseinstituttet er 250 personar i Noreg døde som følge av viruset.